Innlegg sendt Ságat og Finnmark Dagblad 03.10.2012.

Svein Lund:

Stadnamn – det er farlig det!

Det er godt vi har modige folk i Finnmark som tør å seie frå om alle dei farane som trugar oss i kvardagen. Og aviser som ukritisk tør å gjengi åtvaringane. Den store faren er altså at det i store deler av landet finst stadnamn med opphav i andre språk enn norsk. Når så ein stakkars nordmann forvillar seg ut på vidda, får hjerteinfarkt og må ringe ambulansehelikopteret, så vil han dø fordi han ikkje klarer å uttale Iešjávri. Hadde ein derimot fått fornorska det til Sjølvevatnet eller Selvevannet, så ville den stakkars nordmannen overlevd.

Det er ikkje første gongen vi blir åtvara om den store faren med samiske stadnamn. Dengang da dei samiske kommunenamna kom inn i Telefonkatalogen, blei det og åtvara om at liv kunne gå tapt. Når ein trengte legehjelp i Nesseby, ville pasienten dø på det halve minuttet det kunne ta frå ein slo opp på N og fann "Nesseby – se Unjárga" til ein fikk slått opp på U. Sidan har det gått eit par tiår, skal tru kor mange liv som har gått tapt?

I FD 03.10.2012 kan ein kaptein i Forsvaret, som jo må reknast for ein ekspert på området, fortelje at på karta for Alta er 60% av dei gamle norske namna blitt oversatt til samisk! Avisa gjengir det ukritisk, saman med påstanden om at finnmarkskartet er "sabotert av et "Språkråd"". Ingen spør kva for eit språkråd. Ingen spør om det virkelig er slik at desse namna opprinnelig er norske og omsett til samisk i nyare tid. Eller om det faktisk har gått i motsett retning først.

Over heile Finnmark og størstedelen av Troms og Nordland har det frå gamalt av vore samiske stadnamn overalt. På kysten har det ofte også vore norske namn, mens dei samiske namna har vore einerådande i innlandet. Under fornorskingsprosessen frå siste del av 1800-talet blei det bevisst og planmessig arbeida for å bytte ut samiske stadnamn på karta med norske namn. Dersom det ikkje fantest eit norsk namn, skulle ein lage eit, og ekspertar på samisk språk blei leigd inn for å oversette dei samiske namna. Først etter Stadnamnlova av 1990 byrja ein del av dei samiske namna å komme tilbake. For den som ikkje ser historia lenger tilbake enn 60-70 år, kan det derfor sjå ut som det er norske namn som har blitt samiske i staden for omvendt.

Kva skal ein så gjøre med dei farlige namna som norske nordmenn ikkje klarer å uttale? Kva om ein laga eit lite kort kurs i lesing av samiske stadnamn? Dette kunne vore kjørt i skolen i Finnmark, og som vaksenopplæring f.eks. av jeger- og fiskarforeningar, turlag osv. Det ein i første rekke treng, er å lære å lese samiske ord, uttale dei 7 samiske særbokstavane áčđŋšŧž, vite at u uttalast o, o uttalast å og at orda uttalast med trykk på første staving. Så kan ein lære seg dei aller enklaste landskapsorda, som jávri, johka, várri, luoppal, og čorru. Eit slikt kurs kan ein legge på internett og kven som helst bør kunne lære det på få timar. Om ein da ikkje som visse ivrige debattantar lir av kronisk allergi mot alt samisk.

Svein Lund
Guovdageaidnu / Kautokeino / Koutokeino /Кёутукейну


Til hovudsida.

sveilund@online.no