Artikkel i Klassekampen, 14.11.1994

Eit annleis samisk teater

Kva kan få godt over hundre elevar ved Samisk videregående skole og reindriftsskole til å sitte dørgande stille i nesten to timar, for så å rolige og tankefulle ut?

Av SVEIN LUND, Guovdageaidnu

Beaivvas Sami Teahter: «Skoavdnji»

Etter å ha vore lærar på den skolen i nokre år, trudde eg knapt det var mogleg. Men Beaivváš klarte det på torsdag med ei skoleforestilling som samtidig var generalprøve før sjølve premiera på fredag. Det var så nokon og ein kvar kjende det isa nedover ryggen.

Dette er tredje gongen at forfattaren bak ei av Beaivváš sine førestillingar heiter Inger Margrethe Olsen, og teater- og litteraturinteresserte som ikkje kjenner namnet, kan like godt merke seg det først som sist. Ved sida av arbeidet som lærar i vidaregåande skole har ho begått to barnebøker som er utkome i både samisk og norsk utgåve, og ho har minst ein vaksenroman på gang. Med Inger Olsen sine stykke har Beaivváš klart noko som har vore mangelvare i samisk kultur; å våge å trekke fram dei sakene som ingen snakkar om, slik som homofili, incest og kvinnemishandling. I samisk miljø har desse spørsmåla vore enno meir fortidd enn i norsk miljø.

Da Beaivváš starta opp tidlig pe 80-talet var det med stykke som greip inn i den dagsaktuelle samepolitiske kampen, bl.a. Alta-Guovdageaidnuutbygginga. Seinare har dei bl.a. trukke fram gamle samiske sagn og eventyr, for så i fleire år å satse mest på omsettingar av utanlandske stykke, bl.a. Brecht. Med Inger M. Olsens første stykke Earálágán eller Annleis for to er sidan kom ein tilbake til dagens samiske samfunn og satte søkelyset på indre problem og haldningar i staden for det enkle biletet av samane som heltar og nordmennene som skurkar.

Samisk skurk

Denne gangen går ho eit skritt vidare, idet skurken i historia faktisk er same, mens offeret er kven. Eg oppfattar det som ein måte å seie at det ikkje er nok å kjempe for det samiske og framheve det i alle samanhangar, men at samar og må gå i seg sjølv og ta oppgjør med eigne svarte sider.

Handlinga er lagt til 1920 talet, i ei lita sjøsamisk bygd, og blir spela på dialekta frå forfattaren si heimbygd, Unjárga eller Nesseby i Aust-Finnmark. Vi blir kasta midt inn i bryllaupsfesten til fiskaren Piera og Eliisa. Eliisa er lukkelig som har funne kjærleiken, men det tar ikkje lang tid etter bryllaupet før ho oppdagar at ektemannen hennar og har mindre pene sider. Han er sjukelig sjalu, hard på flaska og sint som ein lemen når noko går han imot. Da går det ut over Eliisa, som blir både slått og sparka.

Noko av det sterkaste er scenen der Piera angrar seg og ber om tilgiing, og Eliisa ikkje bare tilgir han, men og tar på seg skulda og seier ho har fortent å bli straffa. Piera si søster Gajja og ektemannen Karral som bur i samme huset, ser ikkje koleis Eliisa lir. Den einaste som gjør det, er predikanten Elias, som Eliisa betrur seg til. Her får vi eit litt uventa rollebytte, mens både den mishandla og mishandlaren brukar kristendommen for å orsake og forsvare mishandlinga, vil ikkje predikanten vere med på det.

Etter kvart kjem det fram at predikanten har sine eigne løyndomar og problem å stri med, ettersom både opphavet hans og kjærleiken hans er noko ein ikkje kan snakke om. I eit raserianfall ender Piera med å drepe den gravide Eliisa, gravlegg liket under stovegolvet og seier ho har forsvunne ein dag ho var ute.

Skoavdnji - samvitet

No byrjar han å bli heimsøkt om natta av mareritt og gjenferd, eller «skoavdnji», som stykket har fått namn etter. Skoavdnji er ifølge samisk ordbok «individ eller ting som er stor og svart og uhyggelig å se til eller virker stor og uhyggelig i mørke». I denne samanhang er det samvetet, hans eige skrømt, som ikkje gir han ro. Piera drar ut i verda. Når han kjem tilbake har Gajja og Karral fått seg tenestejente, som ikkje Piera kan la vere i fred. Snart er tenestejenta Anna gravid og etter kvart går den grusomme sanninga opp for ho om kvifor Piera er enkemann. Der skal vi la resten av historia vere open, dei som får sjå stykket ser korleis det går.

På turné

Etter premiera i Guovdageaidnu går turneen til Tromsø 15.-16. november og held fram i Manndalen, Kárášjohka, Alta og Porsanger. Deretter turnerer Beaivváš i Sverige, Aust-Finnmark, Finland og Island. Det er og von om at nokre stader sør i landet kan få besøk utpå vinteren, men det er enno ikkje avgjort. Så dei som ønsker teateret på sin heimstad har enno ein sjanse til å innby dei.

Stykket blir spela heilt og fullt på samisk, og det kan vere ein stor fordel å forstå språket for å kunne henge med heile tida. Men ettersom Beaivváš og ønsker å spele for eit publikum som ikkje forstår samisk eller har problem med dialekten det blir spela på, legg dei stor vekt på samanheng mellom ord og handling. Her er ingen lange monologar eller dialogar, ein ser heile tida kva som foregår. I tillegg har dei laga eit fint program der handlinga er grundig forklart på norsk. Stykket kan derfor trygt tilråast og for folk med små eller ingen samiskkunnskapar.

Innblikk

Ved sida av den dramatiske handlinga får vi og eit innblikk i dagleglivet i eit sjøsamisk samfunn i mellomkrigstida, med bl.a. lineegning, karding og spinning. Dei seks skodespelarane er alle kjende frå tidligare oppsettingar med Beaivváš og delvis andre teater. Skal ein framheve nokon vil eg trekke fram Anitta Suikkari si framstilling av den lidande Eliisa og seinare gjenferdet hennar, og Mary Sarre som den forskremde tenestejenta Anna. Svein Birger Olsen som Piera og Ingor Ánte Áilu Gaup som predikanten spelar og godt, men av og til kan ein bli litt i tvil om kor truverdige dei er.

Dette kan kanskje skuldast like mye manus som skodespelarane, forfattaren har nok hatt det beste grepet om kvinnerollene. I samisk teater har det ofte vore slik at kvar skodespelar snakkar si eiga dialekt. Denne gangen forsøkte dei å få alle til å snakke Nesseby-dialekt, noko som etter mi ringe meining gikk ganske bra, mens sidemannen i teatersalen som sjølv er derifrå meinte det ikkje var heilt gjennomført. Uansett er det bra å få opp på scenen ein samisk dialekt som sjeldan er å høyre utafor heimstaden, og vise at samisk språk er noko langt meir enn det som blir snakka i Guovdageaidnu og Kárášjohka.


Til startsida

sveilund@online.no