Teatermelding i Klassekampen 14.04.1991

Vår medarbeidar har vore på premiera på "Det gode mennesket frå Sezuan" av Bertolt Brecht. Oppsettinga er eit samarbeid mellom Beaivvás Sámi Teahter, Hålogaland Teater, Studio teater og Sampo Teater, og blei førehandsomtalt i Klassekampen sist laurdag. ***************************************************************

   SEZUAN I IS

Når vi kjører ut av Guovdageaidnu ser vi eit merkelig blått lys ute frå vidda. Vi skal på teater. Ikkje på Kulturhuset, men eit par kilometer ut på vidda. Der bilvegen tar slutt er det tent bål, og publikum kan få seg både reinkjøtt og varm buljong i skrotten før dysten. Og det kan sannelig trengs når vi skal stå og sjå teater i 1 1/2 time i vinterkulda!

Blå flystripelys (joda, det var det, det sto "Takk til Luftfartsverket" i programmet) leier oss bortover mot eit byggverk som sprenger all sunn fornuft. Vi kan ikkje lenger vere i tvil. Den gjengen som står bak dette er totalt sprøyte gal.

Vi blir dirigert oppover ein bakke og plutselig står vi på muren rundt ein kinesisk landsby. Av snø og is. På Finnmarksvidda. På plassen innafor muren står ein mange meter høg iskonstruksjon, der ein kan klatre opp på stigar av is!

Ikkje før har vi funne oss ståplass så tonar musikken ut ute frå vidda ein stad. Joda, om vi snur oss så kan vi nok skimte dei store høgtalarane ute i bjørkekrattet, men det høyras meir ut som det er sjølve naturen som spelar.

Inn på scenen, dvs. plassen mellom/under publikum spring vannselgaren Wang i Ingor Ánte Áilu Gaup sin skikkelse. Vi får ei merkelig kjensle av å ikkje heilt vite kor vi er. Kanskje ikkje så rart med eit stykke som har handlinga frå Kina, som er skreve av ein tysk kommunist i landflyktigheit i Finland og som første gong blei oppført i Sveits. Når dette blir satt opp av ein nederlandsk regissør og skodespelarane startar med å snakke samisk...

Men så hører vi ein umiskjennelig snøscooterdur bakom oss. Vi er jo vant til det i Guovdageaidnu at folk kjører scooter på dei mest utrulige plassar og til alle tider, men å kjøre slik og forstyrre teaterførestillinga før ho har kome skikkelig igang. Det får da vere måte på! Og kommer dei fordundre meg ikkje kjørande inn på scenen? Disse scooterane skal da vel ikkje vere med i stykket? Tre kvitkledde personar med pelshuer er det, på kvitkledde scooterar. Jo, det er dei tre gudane som er på leiting etter det gode mennesket og er komne til landsbyen Sezuan for å søke nattely. Som gudar snakkar dei ikkje samisk, må vite, men norsk, tildels med nederlandsk aksent. Men når kinesiske gudar kjem til Guovdageaidnu på vinteren må det jo sjølvsagt vere pr. scooter.

Språket er blitt ein viktig virkemiddel i forestillinga om det gode mennesket i Sezuan. Her har samarbeidet mellom fire teater og folk frå 4-5 nasjonalitetar lagt eit heilt nytt perspektiv til Bertold Brecht sitt stykke. Det meste av handlinga foregår på norsk, mens samisk blir brukt i ein god del av dialogane og monologane. Samisk er hjartespråket i førestillinga, som dei sjølv seier det.

Når det gode mennesket Shen Te, som ellers mest uttrykker seg på samisk, må forvandle seg til det onde søskenbarnet Shui Ta, då byttar ho og over til norsk. Og når Shui Ta til sist står for retten anklaga for å ha fanga eller drept Shen Te, kjem den store avsløringa samtidig med eit brått språkskifte, da ho kastar forkledninga og svarar den norsktalande dommaren: - Mun dat lean. (- Det er eg.)

Men teater-"salen" og språkblandinga var ikkje einaste som skilde "Sezuan" frå alle andre teater vi har sett. Ikkje nok med at publikum sto og såg på, men tre ganger måtte vi flytte til ein ny ståstad. Det som var scenen i ei akt blei tribunen i ei anna. Så fikk vi og lea litt på fotane som kunne bli ganske forfrosne i skallane sjølv om premiereværet var på topp med bare 13 kuldegrader. Under prøvene kunne det vere meir enn 30 grader.

At forestillinga hadde tilknytning til fleire nasjonar og kulturar var på eine sida ein styrke. Slik fikk ein fram det ålmenne i Brecht sin bodskap om kor vanskelig det er å vere god i ei vond verd. På andre sida gjorde det kanskje situasjonen mindre truverdig. Sjølv om alle skikkelsane på scenen hadde kinesiske namn, fikk vi lite inntrykk av å befinne oss i Kina. Spørsmålet er om ein ikkje like godt kunne satsa på ei gjennomført tilpassing til samiske / nord-norske forhold.

Det er nok dei dristige tekniske og språklige løysingane "Sezuan" i første rekke vil bli hugsa for. Når stykket er skore ned frå 4 til knapt 1 1/2 time blei det ikkje alltid like lett å få med heile innhaldet, særlig for oss som ikkje nådde å lese programmet på førehand. Prestasjonane til skodespelarane blei kanskje noko variable, men finske Aniitta Suikkari i hovudrolla må ha ros både for fint å få fram to vidt forskjellige personligheitar og ikkje minst for at ho både tør og klarer å spele på både nord-norsk og samisk.

Og etterpå var det enno meir reinkjøtt og buljong før vi for heim og tina opp forfrosne tær.

Når du les dette, er dei fire teatera i full gang rigge opp tonnevis med iskulissar i Tromsø. Og dei som får sjansen bør kkje la han gå i frå seg. Og sjølv om du ikkje skulle forstå alt som blir sagt, så går det godt an å få med seg handlinga for det. I alle fall om du les programmet først. (Ta med lommelykt!)

SVEIN LUND, GUOVDAGEAIDNU

______________________________________________________________________

Fleire artiklar om Kultur
Til startsida

sveilund@online.no