Artikkel i Klassekampen, 29.02.1988

Samisk samling

No må dei nordiske regjeringane ta ansvar for at den samiske kulturen får levelige kår. I dag er det stor forskjell på vilkåra på norsk, finsk og svensk side. Nå krev dei samiske kunstnarorganisasjonane likebehandling, og ønsker at støtteordningane kanaliseras gjennom Nordisk Ministerråd.

Dei fire samiske kunstnarorganisasjonane var nyleg samla til fellesmøte i Lakselv. Det er SGS - Såmi Girječálliid Searvi (Samisk forfattarforening), SDS - Sámi Dáiddačehpiid Searvi (biletkunstnarar), STS - Sámi Teahter Searvi og SAMUS - Sámi Musihkkariid Searvi.

Det er første gang alle dei fire organisasjonane har fellesmøte. I løpet av forrige helg har kvar av dei avvikla sitt eige årsmøte, samtidig som dei har hatt nokre diskusjonar i lag. Samarbeidet er likevel ikkje nytt av året. Det starta alt da SGS og SDS blei danna i 1979, og seinare kom dei andre til. I fjor oppretta dei felles sekretariat, Čálli, i Vadsø.

Dei samiske kunstnarane sprenger grenser i fleire meiningar, både landegrenser og grenser mellom kunstartane. Alle fire organisasjonane bygger på direkte medlemskap, og har medlemmar både frå norsk, svensk og finsk side av Sápmi. Og mellom organisasjonane har dei utvikla eit samarbeid som er utan sidestykke i Norden. Mange jobbar med fleire uttrykksformer og er med i fleire av organisasjonane.

Men om dei samiske kunstnarane står samla over landegrensene, så har Sverige, Finland og Norge alt anna enn ein samla politikk overfor samisk kunst og kultur. Kvart land har sine forskjellige støtteordningar. Mens Norge og Finland gir el viss støtte, er det svært dårlig med støtte frå Sverige. Sverige vil ikkje gi noko økonomisk støtte til dei samiske kunstnarorganisasjonane, og trekk seg nå frå innkjøpsordninga for samisk litteratur.

— I fjor blei det på norsk side oppretta ei stipendordning for samiske kulturarbeidarar, fortel leiar for Forfatterforeninga, Inga Ravna Eira. — Det blir tildelt 3-årig arbeidsstipend, reisestipend og etableringsstipend. Ein komité med representantar frå alle fire organisasjonane innstiller overfor departementet. Vi arbeider nå for å få denne ordninga på nordisk basis, seier ho.

— Det er tvilsamt om stipenda og støtteordningane vi har idag hadde kome utan press frå oss. Men viktigast er vel at vi har greidd å synliggjøre samiske forfattarar i mye større grad enn før. Slik som at vi nå får innstille til Nordisk Litteraturpris på linje med dei andre nasjonane i Norden. Og det kjem ut atskillig fleire bøker på samisk i året nå enn før SGS blei danna. Vi deltar i internasjonalt samarbeid gjennom Europeisk Forfatterforening, Verdsrådet for urbefolkningar og vi har særlig god kontakt med forfattarar frå dei andre små språkområda i Norden: Island, Grønland og Færøyane.

Det har vore ei stor oppblomstring av samisk litteratur dei siste åra, men mange manuskript litt utan å bli trykt, fordi det er så dyrt å trykke bøker i så små opplag som det må bli når ein skriv på samisk. Idag kjem vi ikkje med på ordninga med bibliotekvederlag som Norsk Forfatterforening har, og vi har heller ingen kopiavtale, og får ikkje pengar frå Kopinor. Her ønsker vi og ein avtale på nordisk basis.

Frå mange av møtedeltakarane blei det reist hard kritikk av samiske politikarar for at dei ikkje tok alvorlig på samisk kultur og kunst. Skytset blei både retta mot lokalpolitikarar og mot dei samiske hovudorganisasjonane.

— Vi ventar at dei offentlig slår følge med oss og støttar krava våre overfor statane, seier Ingunn Utsi, som er biletkunstnar og med i SDS.

— I dag opplever vi at kunstnarane blir sett på som ei gruppe som får holde på for seg sjølv. Men det er heile det samiske samfunnet som tapar om ikkje kunst og kulturarbeid får levelige kår. Dette har vi gjentatt i mange år, men det virkar ikkje som vi blir tatt på alvor.

SVEIN LUND I LAKSELV


Til startsida

sveilund@online.no