Definisjonar og avgrensingar kan diskuterast, og det blir da også gjort. Mens den skjønnlitterære Samisk forfatterforening reknar med litteratur skrive av samar uansett språk, reknar Samisk faglitterær forfatter- og oversetterforening med litteratur på samisk uavhengig av forfatterens etniske bakgrunn.
I denne samanheng vil eg hovudsakelig ta for meg skjønnlitterære verk av samiske forfattarar, med hovudvekt på den som er skreve på samisk, men og litt om litteratur som samar har skrive på andre språk.
1. Kvifor er samisk litteratur viktig for samar?
2. Kvifor er samisk litteratur viktig for nordmenn?
3. Kvifor er samisk litteratur viktig for utlendingar som skal lære norsk språk og det norske samfunnet å kjenne?
1.1. Samisk litteratur er naudsynt for å berge og utvikle samisk språk
1.2. Samisk litteratur er viktig for å styrke samisk identitet og sjølvkjensle.
1.3. Samisk litteratur er viktig folkeopplysning og personlig utvikling hos samar, liksom litteraturen er det for alle andre folk
2.1. Samisk litteratur er viktig for at nordmenn skal ha kjennskap til leveforholda, historia og kulturen til urfolket i store delar av landet. Dette er igjen naudsynt for at dei skal forstå dei overgrepa det samiske folket har vore utsett for og dei krava som samane har stilt i nyare tid.
2.2. Samisk litteratur er viktig for å forstå korleis samisk og norsk språk, kultur og litteratur har påverka kvarandre.
2.3. Samisk litteratur er viktig for å forstå korleis europeisk kolonialisme har behandla urfolk rundt om i verda.
Kjennskap til samisk litteratur kan bidra til å motverke den rasismen som gjennomsyrar store delar av det norske samfunnet, både overfor samar og andre folkeslag. Den kan verke som ei vaksine mot rasistiske tendensar i mye av den norske litteraturen som tar opp samiske forhold, f.eks. Hamsun.
3.1 Samane er urfolk ikkje bare i delar av Noreg, men på heile Nordkalotten. Utan kjennskap til samane vil ein ikkje kunne forstå norsk og nordisk historie og ein del sentrale politiske stridsspørsmål i dag.
3.2. Forholdet mellom nordmenn og samar kjem fram i mye norsk litteratur. Mye av dette er prega av eit negativt syn på samar. For å forstå dette må ein og sjå korleis det ser ut sett frå andre sida.
Guldnasaš, mi vesle simle,
skal vi tenke på å fara
nord i skogen, byrja ferda
langs dei lange myrar,
joike der ein friarjoik?
Heft oss ikkje, Gáigavárri
far no vel, du Gealfejávri,
det kjem så mange tankar til meg
når eg fer på Gáigavuonat
Spring snøgt, mi simle,
så vi fortare kan komma
fram til ho eg skulle få,
ho som lagnaden har sendt.
Om eg berre kunne få
ein glytt av ho som eg har kjær,
skund deg, Guldnasaš, mi vesle simle,
ser du auga hennar, du?
Lapponia kom ut på latin og blei omsett til tysk og engelsk. Dikta blei omtalt av fleire kjente diktarar, der som forundra dei var at eit barbarisk villt hedensk folk langt i nord kunne lage slik avansert diktarkunst!
På 1700- og 1800-talet blei det nedskreve nokre samiske dikt / songar, fleire av dei er historisk / mytiske om opphavet til samane, til tamreinen og om kordan Sameland blei folksett. Dette blei i stor grad nedskreve av prestar og vi kan rekne med at dei ikkje fikk tak i den delen av den munnlige litteraturen som var mest direkte knytta til den gamle samiske religionen.
I den munnlige litteraturen kan vi skilje ut tre hovudtyper:
1. Eventyr og sagn. Den største samlinga vi har er samla inn rundt førre hundreårsskiftet av Just K. Qvigstad
2. Joiketekstar. Joik er ein særeige samisk sangstil, joikane har som regel korte tekstar eller er utan tekst, dei skildrar ein person, eit dyr eller eit naturfenomen. Joik var tidligare brukt i utøving av samisk religion, men slike tekstar er ikkje bevart.
3. Episke dikt / joikar. Bare i austsamisk område er dette bevart til vår tid, men tekstar oppteikna på 17-1800-talet viser at det har vore langt meir utbreidd.
I 1852 gikk samar i Guovdageaidnu til opprør mot dei norske styresmaktene, representert ved presten, lensmannen og handelsmannen. Dette opprøret blei slått svært hardt ned, nokre av samane blei drept, 2 blei dømt til døden og halshogd og fleire dømt til lange fengselsstraffar. Blant dei som satt mange år i fengsel var Lars Hætta og Anders Bær. Der fikk dei kontakt med Noregs første professor i samisk. Han fikk dei å skrive ned fortellingar og minner frå heimstaden sin, og dette blei den første nedskrevne samiske originallitteraturen. [Hætta / Bær: Muitalusat. Universitetsforlaget 1982]
I første fjerdedel av 1900-talet fikk vi ei samisk rørsle i både Noreg, Sverige og tildels Finland. Uttrykk for denne er bl.a. samiske aviser, landsmøte og ein begynnande litteratur Den første samiske romanen var Anders Larsen: Beaivvi álgu (Daggry) 1904, denne er enno ikkje omsett til norsk. På finsk side kom rundt 1915 Pedar Jalvi med ei lita samling dikt og noveller. [Larsen/Jalvi: Sátnedáidu. Davvi Girji 1992] Larsen var og redaktør for ei samisk avis, der blei songen «Sámi Soga Lavlla» trykt første gong, den som seinare skulle bli kalla den samiske nasjonalsongen.
Den første samiske boka frå svensk side kan vi seie er i eit grenseland mellom skjønn- og faglitteratur. Johan Turi si bok Muitalus sámiid birra / Fortelling om samene kom i 1910 på samisk og dansk. Forfattaren skildrar samane sitt liv på område etter område, reindrift, jakt, fiske, boligar, matlaging, skikkar og tradisjonar.
I denne perioden kom det og bøker som samiske forfattarar skreiv på norsk eller svensk. Den første kvinnelige samiske forfattaren var og ein av dei fremste leiarane for den samiske rørsla: Elsa Laula: Inför lif eller död? Sanningsord i de lappska förhållerna 1904. Denne boka har meir karakter av samisk kampskrift enn skjønnlitteratur. Ho var sørsame og språket deira sto enno svakare enn nordsamisken. Dei få samane som skreiv frå dette området uttrykte seg derfor på svensk eller norsk.
Frå Karasjok kom ein forfattar av ein heilt anna type, Matti Aikio. Han skreiv bare på norsk, og skreiv opplagt mest for eit norsk publikum. Han var svært ambivalent overfor samisk kultur og bringer gjennom bøkene sine vidare mange av dei gjengse fordommane om samar på den tida. Han skreiv ei rekke romanar og fortellingar med emne frå Finnmark. Først i 1994 blei den første av bøkene hans omsett til forfattaren sitt morsmål, nordsamisk.
Etter 1920 kjem ein periode på omlag 50 år der det så godt som ikkje blir skreve samisk litteratur, og enno mindre blir utgitt. To unnatak er den lulesamiske boka Jåhtte sáme viessom eller «En nomad och hans liv» av Anta Pirak som kom i 1933, og den finsk-samiske forfattaren Hans Aslak Guttorm. Han skreiv 3 romanar og eit diktverk på 30-40-talet, men han fikk bare prenta ein lita bok. Dei andre kom ut først på 1980-talet.
Den første samiske skjønnlitteraturen som kom ut i etterkrigstida var Kirsti Palto si novellesamling «Soagŋu» eller Friarferd, som kom i 1971. Den første originale samiske barneboka kom i 1976, den første ungdomsboka i 1986. Men da det først løsna, kom det som eit skred. Særlig gjaldt det på finsk side.
Skodespel har vore skreve i første rekke for dei samiske teatera Beaivváš (Noreg), Rávggoš (Finland) og Dálvádis (Sverige). Teaterformen har vore med på å få samisk litteratur ut til fleire, men desse tekstane har i liten grad hatt noko liv utafor teaterførestillingane.
Ein annan form for spreiing av samisk litteratur som må nemnast er song- og joiketekstar, spreidde gjennom plater, konsertar og bruk i uformell samanheng. Det er og gitt ut nokre bøker med songtekstar, mens joiketekstar i mindre grad er publisert skriftlig.
Samisk litteratur har ofte mye naturskildringar. Naturen blir da skildra som eit kulturlandskap, noko som er forskjellig frå eit turistsyn på naturen.
Ein del av dei kvinnelige samiske forfattarane har tatt opp kvinnene sin situasjon spesielt, særlig samekvinnene, men og meir allmenne kvinnepolitiske problem. Her kan bl.a. nemnast forfattarane Kirsti Paltto og Rauni Magga Lukkari. Dei første kjente samiske dikta var kjærleiksdikt og som for andre folkeslag har dette temaet stått sentralt i store delar av skjønnlitteraturen. Ei av Rauni Magga Lukkari sine bøker tar opp sjølvmord, som har ramma mange samiske ungdommar. Denne boka har og vore omarbeida til teater.
I det utvalet som eg trekk fram her vil det vere si overvekt av det som er særeige samisk og det som er klart politisk. Dette gjør eg fordi denne litteraturen gjerne er meir interessant sett utafrå enn den litteraturen som handlar om meir allmenne mellommenneskelige og psykologiske tema.
Marknaden for samisk litteratur er altså så liten at utan ei eller anna form for subsidiering er det ikkje mogleg å gi ut samiskspråklig litteratur. I Noreg har dei statlige støtteordningane for skjønnlitteratur vore såpass gode at det har vore mogleg å få ut ein del skjønnlitteratur på samisk dei siste par tiåra. På svensk og finsk side har det vore dårligare, dette omgår ein ofte med at samiske skjønnlitterære forfattarar frå svensk og finsk side gir ut bøkene sine på samiske forlag i Noreg. Dette gjeld vel å merke for samiskspråklig originallitteratur. Derimot er vilkåra atskillig dårligare for litteratur omsett til eller frå samisk.
Ho var den første som ga ut skjønnlitteratur på samisk i nyare tid. I tida frå 1971 til i dag har ho gitt ut vel 20 bøker, noko som gjør ho til den suverent mest produktive samiske forfattaren. Ho har skreve i så godt som alle sjangrar: dikt, noveller, romanar og skolespel, bøker for barn, ungdom og vaksne. Bøkene hennar er prega av eit sterkt samfunnskritisk, samepolitisk og kvinnepolitisk engasjement. Typisk for Kirsti Paltto er at ho skriv om ting som er vanskelige å ta opp. Ho set fingeren på problem innafor det samiske samfunnet og viser baksidene også hos samiske politikarar og leiarar.
Eg vil trekke fram to bøker. Det eine er novellesamlinga Guovtteoaivvat nisu, der ho skildrar kvinnene sin situasjon i det tradisjonelle og moderne samiske samfunnet. Ei av dei som gjorde sterkast inntrykk på meg var novella «Varas sámepolitihkkár» (Fersk samepolitiker), der synsvinkelen er hos ei ung jente som for første gong drar på ein samepolitisk konferanse. Der opplever ho at dei mannlige samepolitiske leiarane ho har sett opp til bare er ute etter å få dei unge jentene i senga.
Den andre boka er ein roman som kom i 1993 og som er ei blanding av dei fleste sjangrar. Handlinga er lagt inn i framtida, i eit oppdikta land med eit oppdikta folk, men med klare parallellar til samiske forhold. Ein del av dette kamuflerte Sameland har fått eit visst sjølvstyre, men utan økonomi til å klare seg utan å auke inntektene. Leiarane vil derfor selge eit stort landområde til utanlandsk turistindustri. Men samtidig med dette temaet går det ei ulukkelig kjærleikshistorie. Hovudpersonen er ein slags anti-helt, som er arbeidslaus og ikkje får gamalkjæresten fordi ho har blitt læstadianar (samisk variant av fundamentalistisk kristendom). Gjennom at det samiske blir kamuflert som noko anna kan ho få fram ein bitande kritikk av trekk ved det samiske samfunnet, det seiast at lokale politikarar i hennar eigen kommune har stått modell for mange av figurane i boka. Samtidig har ho eit storpolitisk aspekt, eg les ho i alle fall som ei åtvaring mot finsk EU-medlemskap. Denne boka har eg omsett til norsk og sendt til 14-15 forlag, men ingen vil ha ho. Derimot er ho tilgjengelig på http://girji.info/256pres.htm.
Nils Aslak Valkeapää
Nils Aslak Valkeapää eller Áillohaš, som han blei kalla på samisk, var den mest allsidige samiske multikunstnaren. Dessverre døydde han brått for få år sidan. Eg kan knapt tenke meg at nokon einskildperson har betydd meir enn han for samisk kultur. Først blei han kjent som joikar og songar. Samtidig var han biletkunstnar, han teikna og måla akvarellar. Som forfattar heldt han seg til diktforma, men bøkene hans liknar slett ikkje på vanlige diktbøker. Dei to hovudverka hans, som begge er omsette til norsk og/eller svensk er store tjukke bøker. I den første, Ruoktu váimmus eller på norsk Vindens veier, illustrerte han dikta med eigne teikningar. Frå denne boka vil eg presentere eit dikt, der samane sitt forhold til naturen som kulturlandskap kjem fram, samtidig som det kan lesast som eit innlegg i debatten om samane eller statane har retten til jorda i samiske område:
Hva skal jeg si bror
hva skal jeg si søster
De kommer
og spør hvor jeg hører heime
De har med seg papirer
og sier
dette tilhører ingen
dette er Statens land
alt er Statens
De leter i tjukke skitne bøker
og sier
det er loven
og den angår også deg
hva skal jeg si søster
hva skal jeg si bror
Du vet det bror
du forstår søster
Men når de spør hvor heimen din er
sier du da alt dette
På Skuolfedievvá reiste vi telt
under vårflyttinga
I Čáppavuopmi hadde vi gamme
i brunsttida
Sommerplassen var på Ittunjárga
og om vinteren var reinen i Dálvadastraktene
Du vet det søster
du forstår bror
Forfedrene våre har tent bål på Allaorda
på Stuorajeagge-tuene
på Viidesčearro
Bestefar druknet på fiske i fjorden
Bestemor skar sennegress på Šelgesrihtu
Far blei født under Finjubákti i sprengkulda
Og så spør de
hvor du hører heime
De kommer til meg
og viser meg bøkene
Lovbøker
som de sjøl har skrevet
Dette er loven og den angår også deg
Se
Men jeg ser ikke bror
jeg ser ikke søster
jeg sier ingen ting
jeg kan ikke
Viser dem bare viddene
Alt dette er min heim
disse fjordene elvene vannene
frosten solskinnet uværet
Disse viddenes natt og dagside
glede og sorg
søstre og brødre
Alt dette er min heim
og jeg bærer det i hjertet mitt
Hvordan forklare
at hjertet er min heim
og at det flytter med meg
Den andre boka: «Beaivvi, Áhččážan», eller «Solen, min far», er illustrert med gamle bilete som dokumenterer samane sitt liv tilbake til fotografiets barndom, men samtidig dokumenterer dei dei haldningane som storsamfunnet hadde til samane. Her finn vi bl.a. bilete frå Rasbiologiska institutet i Stockholm, som skulle illustrere samane som ein primitiv og mindreverdig rase. Dette set han saman med eigne dikt, nokre av desse har ei grafisk utforming som og er ein bodskap, bl.a. er eit dikt forma som ein reinflokk på vandring.
Áillohaš er den einaste samiske forfattaren som har fått Nordisk litteraturpris. Eit positivt resultat av dette er at boka har blitt omsett til alle nordiske språk og engelsk. Men det er bare den samiske originalen som inneheld bileta.
Risten Sokki
Eg nemnde at den første skriftlige samiske originallitteraturen var skreve av nokre av dei som deltok i Guovdageaidnu-opprøret i 1852. Dette opprøret og den harde måten det blei slått ned på satte djupe spor i ettertida. Minst tre romanar og to sakprosabøker er utgitt om opprøret, men alt dette er skreve på norsk, av ikkje-samar eller samar utan særlig direkte tilknytning til Guovdageaidnu. Der slo det over i ein autoritetsfrykt som vi enno ser restene av. Det skulle gå over 140 år før ein same frå Guovdageaidnu klarte å behandle desse hendingane og etterverknadane litterært. Den som gjorde det var Risten Sokki, oldebarn av ein av dei som blei avretta etter Guovdageaidnu-opprøret. I si til no einaste skjønnlitterære bok, diktsamlinga Bonan, bonan soga suonaid / Jeg tvinner tvinner slektas sener, trekk ho linjene frå halshogginga i 1854 fram til familien hennar og Guovdageaidnusamfunnet i dag. Ho har sjølv skreve teksten både på samisk og norsk.
Lean riegádan 1954
Čálán Macintoshain
Násttit
čájehit geainnu
Máttaráhkut
loktejit spáiddariid
go dárbbašuvvo
Suotna lea nanus
Ákšu vel nannoseabbo
Máttarádjá oaivi
Golggotmánu
galbma eatnamis 1854
Eadni giessá
Giessá
mu gápmaga
Liegga juolgi
duolmmasta
galbma máilmmi
Jeg er født i 1954
Skriver med Macintosh
Stjernene
viser vei
Urmødrene
løfter faklene
når det behøves
Sener er sterke
øksa enda sterkere
Oldefars hode
På frossen mark
i oktober 1854
Mor snører
Snører
skallene mine
Varm fot
møter
kald jord
Kildinsamisk
Kildinsamisk er det mest utbreidde av språka i russisk del av Sápmi og det einaste av språka der som til ein viss grad blir brukt skriftlig. Rett etter den russiske revolusjonen i 1917 blei det utvikla eit kildinsamisk skriftspråk basert på det latinske alfabetet. Men på 30-talet endra Sovjet politikken og alle små språk i Sovjet skulle tvingas over på det kyrilliske alfabetet. Først på 70-talet kom det nokre få dikt på kildinsamisk. Dei kom med parallell tekst på russisk.
Lulesamisk
Lulesamisk blir snakka av eit par tusen menneske på svensk og norsk side. Den første skjønnlitterære boka på lulesamisk var Anta Pirak si bok om livet til ein flyttsame (1933), seinare har det i første rekke kome diktbøker. Stig Gælok har gitt ut ei rekke diktbøker, nokre av dei med parallell tekst på norsk. Forskjellen på nordsamisk og lulesamisk er omlag som mellom norsk og svensk.
Sørsamisk
Sørsamisk er omtrent like forskjellig frå nordsamisk som norsk frå islandsk. Ei sørsamisk rettskriving blei først utarbeida på 1950-talet. Det finst svært lite original sørsamisk skjønnlitteratur. Dei barnebøkene som er kome ut på sørsamisk er helst omsettingar frå nordsamisk. Ungdomslitteratur finst ikkje i det heile.
I Noreg er det mogleg i grunnskolen å velge nord-, lule- eller sørsamisk, anten som første eller andrespråk. I vidaregåande skole kan ein velge nordsamisk som første- eller andrespråk, men for lulesamisk eller sørsamisk finst det bare læreplanar for andrespråk.
Av desse vil eg sjå litt nærmare på Marion Palmer. Ho kjem frå Kvalsund ved Hammerfest, ein kommune der omlag halve befolkninga snakka samisk rundt 1930, men der fornorskinga seinare har slått sterkt gjennom. Det er få som er fødd etter krigen som forstår samisk og mange har og skjult den samiske bakgrunnen sin. Marion Palmer er blant dei som vaks opp utan å lære samisk, og det blei ikkje snakka om den samiske bakgrunnen i familien. Etter først å ha gitt ut ei diktbok der det samiske ikkje var framme i det heile, kom ho i fjor med ei diktsamling der ho søker tilbake til barndommen, men samtidig seier noko om livsvilkåra for den kystsamiske befolkninga i dag. Denne boka har ho fått den kjente samiske forfattaren Rauni Magga Lukkari til å omsette til samisk, slik at boka kom ut med parallell norsk og samisk tekst. Eg vil presentere eit kort dikt om kystsamane:
Som troll.
Under ei bru.
Som ingen trur på lenger.
Sitt vi
mella fjæresteinan.
Uten rettigheta.
Fram til dei aller siste åra er det skreve lite om samisk litteratur, men siste 10-12 åra har det kome fleire bøker både på samisk og norsk som gir ei grei innføring. Ei av dei greiaste er «Skriftbilder», som er berekna på vidaregåande skole.
Framleis er det store forskingsoppgåver som ventar innafor samisk litteratur og innafor den ikkje-samiske litteraturen som tar opp samiske forhold.
______________________________________________________________
Fleire artiklar om kultur eller samiske spørsmål
Til startsida