Innlegg lagt ut på Facebook 25.06.2019 Trur ikkje det er publisert andre stadar.

Samisk litteratur – språk eller forfattarar?

Siste veka har aviser og nettforum i nord koka over av debatt om den samiske forfattarforeininga, der fleirtalet vil at foreininga skal vere for samiskspråklige forfattarar. Heilt til riksmedia har debatten kome, og dei dominerande debattantane er fornærma norskspråklige samar som kallar dette både diskriminering og rasisme. Skal no vi som ikkje er samar legge oss opp i det, er det vår sak? Ja, det er faktisk det, i det året da Sanningskommisjonen om fornorskinga endelig har kome i gang. For dagens situasjon for samisk litteratur er i aller høgaste grad eit resultat av fornorskinga og etterverknadane etter denne. Og den har vi norsknorske absolutt eit ansvar for.

I hundreåret 1870–1970 lærte samar i all hovudsak å lese og skrive på riksspråka, ikkje på samisk. Resultatet var eitt av to: Anten skifta dei totalt språk og blei heilt einspråklige i riksspråket i løpet av eit par generasjonar, eller så heldt dei fram å snakke samisk, men kunne ikkje skrive det. Kombinasjonen gav svært lite samisk litteratur. Nokre svært få originale samiskspråklige bøker kom ut, men i den grad samar skreiv bøker skjedde det stort sett på norsk. Det gjaldt både samisktalande og ikkje-samisktalande samiske forfattarar.

Mens det før fornorskingstida ofte var slik at ikkje-samar som flytta inn i samiskdominerte område lærte seg samisk og brukte det i kommunikasjon i lokalsamfunnet, var trenden under fornorskinga at mens alle samar skulle lære norsk, skulle norske helst ikkje lære samisk. Norsk blei einerådande i all offentlig samanhang, frå kommunestyremøte til skole og foreiningsliv og forretningsliv. Om åtte samar sat og snakka i lag på samisk og ein norsktalande kom til, så slo alle åtte straks over på norsk – eller tidde. Det har gjort at det etterkvart er svært få samiske språkarenaar. Ein svært stor del av dei samiskspråklige jobbar på arbeidsplassar der dei brukar mest eller bare riksspråket i arbeidstida. I organisasjonslivet går så godt som alt på norsk, frå idrettslag til fagforeiningar og parti, miljøorganisasjonar og til og med samiske organisasjonar. Skal ein kunne bruke samisk der, må ein anten ha dyr tolking eller bruke tid på å tolke seg sjølv. Da blir det norsk, og samisken blir forvist til kjøkkenet og vidda.

Samisk har vore snakka i fleire tusen år, men først blitt skrive ned frå 1500-talet og frå slutten av 1600-talet blei utdrag av den samiske munnlig litteraturen nedskrive. Ekte nyskrive samiskspråklig litteratur skrive av samar har vi først frå seint på 1800-talet og bøker med samiskspråklig originallitteratur før 1970 kan omtrent teljast på fingrane. Fram til omlag 1980 var dei aller fleste vaksne samisktalande meir eller mindre analfabetar i eige språk. Framleis er det vanlig at eldre samar les og skriv best på norsk, sjølv om dei uttrykker seg best munnlig på samisk. Dette er bakgrunnen for dagens strid i den samiske forfattarforeininga.

Bakgrunnen min for å blande meg inn er at eg ikkje er same, men noko så relativt sjeldan som ein ikkje-samisk samiskskrivande forfattar. Eg har budd snart eit halvt hundreår i meir eller mindre samiske område, og kjenner svært mange samar med varierande grad av samisk språk. Eg har vore i den svært ubehagelige situasjonen at eg var den dei samisktalande måtte skifte språk for, eg har vore gjennom ein lang læreprosess fram til ingen lenger treng å skifte språk av omsyn til meg. Eg har mange vener og tidligare kollegaar blant samiske forfattarar, på begge sider i striden, og eg forstår begge sider omtrent like godt.

Først sett frå dei norsktalande samane. Dei er dei mest opplagte offera for fornorskinga. Først har dei blitt fråtatt språket, fordi foreldra eller besteforeldra deira gav etter for presset frå storsamfunnet og snakka norsk til barna. Så har dei fått høre både frå samar og anti-samar at dei ikkje er samar, ettersom dei ikkje snakkar samisk. Dei er ikkje gode nok verken her eller der. Ein del av dei har klart å formidle denne situasjonen i litteratur som bare dei kunne ha skapt. Eksempel er Aagot Vinterbo-Hohr si bok Palimpsest, Marion Palmer si Utsatte strøk og Gerd Mikalsen si Farsmålet. Nemnast må og den rikhaldige litteraturen til Magnar Mikkelsen og John Gustavsen, og mange fleir kunne vore nemnde. Dette er ein svært viktig litteratur fordi han formidlar noko om nyare norsk historie som vi alle treng å bli kjent med. Det er ein samisk litteratur både fordi forfattarane er samar og fordi dei formidlar røynsler og kjensler i samiske lokalsamfunn som har lidd og lir under fornorskinga. Det er derfor forståelig at dei kjenner behov for eit forum for likesinna, og kjenner seg utafor i det store Oslo-dominerte norske. Det er og forståelig at dei ønsker å bli anerkjente som dei samane dei kjenner seg som.

På andre sida dei samiskskrivande forfattarane. Dei er ikkje mange, sjølv om det nok i dag er ein langt større del av alle samisktalande som har gitt ut bok enn som har gjort det blant alle norsktalande. Dei har ei stor oppgåve i å bygge opp ein samiskspråklig skriftkultur, drive språkrøkt og diskutere samisk språk- og litteraturutvikling på samisk. Mange av dei diskusjonane som er nødvendig kan ikkje førast på eit anna språk, i forsamlingar dominert av folk som ikkje kan språket det er snakk om. Å styrke samiskspråklig litteratur er ein nødvendig del av arbeidet med å styrke samisk språk. Det gjeld både for skjønn- og faglitteratur av alle sjangrar. Å ønske seg eit fungerande samisk språkforum for forfattarar er verken diskriminering eller rasisme. Det er eit heilt legitimt ønske og behov. Når det på nasjonalt eller nordisk nivå er prisar og støtteordningar for samisk litteratur, bør det etter mi meining vere opplagt at dette gjeld samiskspråklig litteratur. Denne litteraturen treng all støtta han kan få og skal ikkje trenge å konkurrere med litteratur skrive på andre språk, sjølv om forfattarane av denne skulle vere samar.

Samisk forfatterforening / Sámi girječálliid searvi er for etniske samar som skriv skjønnlitteratur. Det er altså to grunnar til at eg ikkje har noko der å gjøre. Derimot er eg medlem av den faglitterære Sámi fágagirjjálaš čálliid- ja jorgaleddjiidsearvi. Denne foreininga er i motsetning til SGS organisert på språklig, ikkje etnisk grunnlag, og nokre av medlemmane har norsk eller finsk etnisk bakgrunn. Som ein av leiarane sa: Du kan om så komme frå Kina, bare du skriv på samisk. Foreininga er ein av dei få organisasjonane, kanskje den einaste (?) som heilt og fullt fungerer på samisk, både skriftlig og munnlig. Å ha eit slikt samiskspråklig forum betyr mye for dei samiskspråklige faglitterære forfattarane og for den samiskspråklige faglitteraturen, og eg unner samiskspråklige skjønnlitterære forfattarar og samiskspråklig skjønnlitteratur det same.

Så ventar du vel på konklusjonen, men eg har ikkje eit enkelt svar på korleis det skal gjørast. Det einaste eg kan gjøre er å oppmode til større forståing for kvarandre, den måten dei to gruppene er ramma av fornorskinga på og dei utfordringane dei står overfor. Så trur eg at det er på tide å oppheve det kunstige skiljet mellom skjønn- og faglitteratur og skape eit forum for all samiskspråklig litteratur. Samtidig trengst det eit forum for dei som skriv samisk litteratur på andre språk og det trengst forum der desse gruppene kan møtast. Helst i fred og fordrageligheit.

Svein Lund