Innlegg i Ságat 12.11.2011 og Finnmark Dagblad 15.11.2011.

Svein Lund:

Samisk i Tromsø: Debatt i vranglås

Tromsø kommunestyre sitt vedtak om å trekke tilbake søknaden om å bli tatt opp i forvaltningsområdet for samisk språk kom etter ein debatt som har vore alt anna enn saklig. På eine sida kom det verste anti-samiske grums til overflata, men dessverre har ein heller ikkje på andre sida alltid argumentert like saklig og faktabasert.

Dette bør ikkje vere slutten på debatten om samisk i Tromsø, men vere ein vekkar for alle og ein start på ein meir saklig debatt om korleis Tromsø (og mange andre kommunar) best kan legge til rette for styrking av samisk språk i kommunen. Tromsø-ordføraren uttalte at han ønska å styrke samisk språk og kultur, men ikkje gjennom ei pakkeløysing som også inneheldt element som ikkje passa i Tromsø. Dei som har gått inn for å få Tromsø inn i forvaltningsområdet bør no innsjå at ordføraren faktisk har rett, dagens ordning er ikkje er ei god pakkeløysing for alle samisk/norsk-blanda kommunar. Så bør ein innby til diskusjon om konkrete tiltak, f.eks. at samiskspråklige elevar skal få undervisning på morsmålet og synliggjøring av samiske stadnamn. (Det er faktisk ikkje noko forbod mot å gjennomføre slike tiltak utafor forvaltningsområdet.) Det er slike tiltak som trengst i Tromsø og andre kommunar i tilsvarande situasjon, ikkje firkanta reglar om at alle elevar skal følge samisk læreplan eller at samiske stadnamn skal stå over dei norske på vegskilta.

Samtidig bør det gjørast ei evaluering av korleis ordninga med forvaltningsområde for samisk språk har fungert gjennom snart 20 år. Er det hensiktsmessig å fortsette med det samme regelverket for f.eks. Karasjok og Lavangen eller Snåsa, eller bør ein finne fram til meir fleksible løysingar enn dagens pakkeløysing, der ein tar alt eller får ingenting. Slike løysingar vil kunne vere avgjørande for å styrke samisk språk også i dei mange kommunane som i dag er utafor forvaltningsområdet, og som av forskjellige grunnar ikkje vil gå inn.

Så tilspissa som debatten har blitt, er det ikkje lett for folk som ønsker å styrke samisk språk å argumentere mot forvaltningsområdet. Ein kan risikere å bli slått i hartkorn med folk som ønsker seg tilbake til fornorskingstida, som nektar for den samiske fortida til store delar av Tromsø kommune osv. Det bør likevel ikkje få oss til å grave oss ned i skyttargravene, men heller ta ordføraren med fleire på ordet og innby til eit samarbeid mellom alle som ønsker å styrke samisk språk og kultur, uansett syn på forvaltningsområde som metode.

I juni skreiv eg eit innlegg i fleire lokalaviser, der eg argumenterte for ei revurdering av ordninga med forvaltningsområde. Her er ikkje er plass til å gjenta alt, men innlegget kan lesast på http://sveinlund.info/sami/giellaguovlu-n.htm. Så langt eg har sett, har ingen kommentert dette innlegget i media, verken dei som er for eller mot å få fleire kommunar inn i forvaltningsområdet. Eg vonar tida no har mogna til å ta dette opp igjen, og vil oppmode folk frå begge sider til å svare på kva dei syns om dette.

Svein Lund
Guovdageaidnu, tidligare student i Tromsø


Til hovudsida.

sveilund@online.no