Debattinnlegg i Dag og Tid, 03.01.1997

Retten til eige språk

Finst det nokre folk som skal få retten til eige språk, mens andre ikkje skal ha denne retten? Dette er eit grunnleggande spørsmål for oss som arbeider for det norske målet. Dag og Tid har stått for at alle folk skal ha retten til eige mål og gitt oss lesarane mykje nyttig informasjon om ymse slag målstrid rundt om i verda. Avisa har og gitt svært interessante synspunkt på målstriden eller målstridanc i Noreg sett utafrå, gjennom auga til blant anna engelskmenn, russarar og japanarar.

Japanaren Okamoto har fått på pukkelen frå fleire hårsåre lesarar som har fått røska opp i eigne fordommar. Den første var Yngvar Skotnes, som ikkje ville godta at nordmenn skal lære samisk og brukte kvensken som argument mot samisk. Denne gongen er det Karl Kr. Bakke som vil gi samane rettar, men ikkje kvenane.

Frå kvar si side nører dei opp under motsetningar mellom kvenar og samar slik at dei skal slåst mot kvarandre og ikkje slåst saman mot den språkundertrykkinga begge folkegruppene er utsette for. Dermed har dei frå motsett utgangspunkt nett den same funksjonen; splitt og hersk.

Eg vil ta fatt i nokre av hovudsynspunkta til Bakke:

1. Samane skal få lov å lære samisk.
Eg er viss på at både samisk talande og fornorska samar er hjarteiig takknemlig for at Bakke vil gi dei lov til å lære samisk. Men i 1996 har vi faktisk kome så langt at dette ikkje er ei nådegåve, men ein rett, slått fast i internasjonale konvensjonar og her heime i blant anna sameloven og grunnskoleloven.

2. Fornorskinga av samane skjedde i beste meining.
Nei så menn om ho gjorde! Fornorskinga skjedde ikkje fordi vi ikkje visste betre. Det har stått kamp om denne heilt frå tidleg på 1700-talet og fram til i dag. Fornorskinga skjedde i aller verste meining; med målet å utrydde det samiske språket, den samiske kulturen og det samiske folket for at norske styresmakter og norsk og internasjonal kapital uhindra skulle sikre seg kontroll over naturressursane i dei samiske områda.

3. Kvenane skal ikkje få lov å lære språket sitt.
Dei er ikkje sære og eksotiske nok i forhold til oss nordmenn til å ha rett til eige språk, meiner Bakke. Ut i frå denne logikken kan eg ikkje forstå korfor Bakke skriv nynorsk. Vi nordmenn er da så like danskane at vi kan da like godt halde oss til språket deira slik vi gjorde i 400 år. Dessutan skal dei ha eit stort og sterkt folk attom. Dei kvenske dialektane har vore utsette for sterk språkundertrykking både i Sverige, Noreg og Finland. Trass denne undertrykkinga har dei overlevd fram til i dag i Sverige og Noreg. Mens i Finland er dei underkua av riksfinsken, eit språk minst like forskjellig frå kvensk som dansk eller svensk frå norsk. Dei har neimen ikkje hatt mye hjelp i å ha Finland «i ryggen»! Men om dei så hadde hatt støtte i Finland, kva hadde det hjelpt kvenane i Noreg? Målet skal vel vere til for menneska si skuld, det er ei fattig trøyst for den som blir nekta språket sitt at det finst ein stad langt borte.

Bakke vil ikkje vedgå at nordmenn fortener namnet herrefolk, men innlegget hans er så fullt av herrefolkstenking at det er skremmande å sjå. Eit utslag av denne herrefolkstenkinga er at nordmenn og finskætta som bur i samisktalande område ikkje treng lære samisk. Det kan bare den hevde som meiner samisk er eit mindreverdig språk.

Eg blei i alle fall kvitt illusjonen om at slik tenking ikkje finst blant målfolk. Vi ser at samar kan tråkke på kvenar, kvenar på samar, og målfolk kan tråkke på alle andre undertrykte språkgrupper.

Det er på tide at vi slår fast at retten til eige språk er ein universell menneskerett, som gjeld uavhengig av kor vi bur, kven vi er og om vi har eksotisk nok kultur.

Svein Lund, Guovdageaidnu


Til startsida

sveilund@online.no