Artikkel i Klassekampen mars 1987

- Ikkje pøbla

Ei rockegruppe som består av 6 musikarar i alderen 15—16 år. Der 5 av dei er jenter. Som erklærer at tekstane er det viktigaste. Og som samtidig spelar så godt at eit publikum på eit par hundre voksne folk bare må gi seg heilt over. Når vi da legg til at dei velger Kvinnefronten sin 8. mars-fest til si første offentlige opptreden, så er det ikke akkurat dagligdags kost.

At det var i Tromsø dette skjedde var ikkje tilfeldig. Heller ikkje at opningsmelodien til gruppa «Løgn» var «Vi e ikkje pøbla», ein sang som oppsto i kampen for ungdomshus i Tromsø på midten av 70-talet. Idag har Ungdommens Hus vore i drift i fleire år, og så har ein fått Rockefabrikken, som held til ilag med Utekontakten. Kampen til ungdommen i Tromsø har ført til at det idag fins atskillig bedre tilbod enn den gang Marit Mathiesen sang: «... og enno e Storgata det tilbud vi får».

— Rockefabrikken er eit veldig bra tilbod for ungdommen, seier Hilde Barstad (15), vekselvis trommeslagar og sangar i «Løgn». Vi har fatt ho med ut i gangen på restauranten Skarven mens ho prøvar å få igjen pusten og stemmen etter å ha sunge sangen «makt» så vi..., nei vi finn bare ikkje ord. Vi prøvar å få prata nokre ord om gruppa og kordan dei er oppstått og ka dei vil. Men det er ikkje så lett, for alle som passerer må stoppe og skryte av konserten.

— Ja. Rockefabrikken altså. Der har vi 4 instruktørar, som er flinke musikarar som er tilsatt der. Vi får opplæring heilt frå starten. Men der er ikkje plass til alle som vil, så når vi kjem til eit visst nivå må vi ut og finne øvingslokale på eiga hand. Det kan vere vanskelig, derfor går alt for mange grupper i oppløysing.

Det er eit veldig stort musikkmiljø blant ungdommen i Tromsø. Det betyr veldig mye, vi får ansvar og må stille opp. Og så er det veldig artig når ein ser det går framover.

— Jøss, blir du intervjua av avisa? seier ein av dei andre «løgnarane» som kjem forbi, himmelfallen og uvant med slik oppmerksomheit. Plutselig er dei blitt kjendisar og veit ikkje heilt korleis dei skal takle det.

— Planane framover, spør vi. Blir det Grand Prix?
— Nei det kan du skrive opp, seier Hilde. I første omgang blir det spelejobbar på Ungdommens Hus og ein fritidsklubb her i Tromsø.

Vi må ikkje gløyme å få med namna på dei andre i Løgn. Det er Aina Krog, Lise Antonsen, Runar Claussen, Marianne Nilsen og May Rita Pettersen.
Og at det viktigaste for dei er å synge sangar om ting som angar ungdommen. Som ei gruppe av mest jenter er dei opptatt av jente- og kvinnesak.

— Men du må ikkje skrive at gruppa er med i Kvinnefronten, seier Hilde. For det er det bare eg som er. Vi er ein del jenter frå 14 år og oppover der, men vi kunne godt vore fleire.

Og før vi er ferdig med å prate, så svirrar ideane om «feite» spelekontraktar både i Hammerfest og Vadsø. Vi trur i alle fall at gjengen bak «Løgn» er nokon vi vil få høre meir til.

I TROMSØ: SVEIN LUND


Til startsida

sveilund@online.no