Innlegg i Klassekampen, 06.10.1987

Stor suksess for «Ofelaš»

Innsenderen rapporterer fra mottakelsen den første samiske spillefilmen har fått i Finmark, og han polemiserer mot visse sider ved Klassekampens filmanmelders oppfatning av filmen.

Den samiske spillefilmen «Ofelaš» eller «Veiviseren» trekker nå fulle hus i Finnmark. I Guovdageaidnu var det satt opp 7 forestillingar, men ein matte sette opp 2 ekstra. Da har 1800 sett filmen her, i ein kommune med 2800 innbyggarar.

Da eg prøvde å komme inn på 6. forestillinga stilte eg i kø 40 minutter før, men det var for seint for å få billett. Neste gang gikk det bedre, og det var ei oppleving av dei heilt store. Filmen holdt oss virkelig fanga kvart sekund i 1,5 time.

«Ofelaš» har verdi langt utover det å gi publikum ei spanande stund på kino. Filmen gir eit levande tidsbilete av gamal samisk historie som få idag kjenner til, både samar og andre, etter som dei statane, som har okkupert Sápmi har gjort sitt beste for å hindre denne å bli kjent. Filmen bygger på eit gamalt sagn, eit blant mange som er fortalt fra generasjon til generasjon, og ianskje ei av dei viktigaste resultata av filmen er at interessen aukar for å finne tilbake til fleire av disse.

Kritikken folk her i Guovdageaidnu gir er veldig positiv, og innvendingane til Klassekampens filmanmeldar (Arild Jørgensen, 2.oktober) synas ikkje å slå an her. Når han skriv at filmen går «langt utapå mange av de traurige norske filmane som lages» er det så svakt at det blir som si fornærming mot ein film som går utapå norsk film på det beste.

«Det blir for fremmedarta og for lite almengyldig», skriv Jørgensen. Eg må spørre: for kem? I alle fall ikkje for folk her som filmen er laga. At samisk historie virkar framandarta for Jørgensen kan da ikkje brukas som eit argument mot filmen!

Han meiner og at det oppkonstruerte tsjudespraket burde vere oversatt. Det kan eg ikkje vere med på. Da hadde det mista svært mye av virkninga. Meininga er jo at vi skal sjå historia frå samane si side, og dei forsto ikkje tsjudespråket. Da ville det virke rart om vi searane skulle forstå det.

Jørgensen sitt forsøk på å plassere «Ofelaš» i den rette historiske samanhengen er eit godt eksempel på kor lite samisk historie er kjent. Tsjudane kom over grensa for å plyndre samane, skreiv han. Ja, dei kom utafrå, men for 1000 år sidan var det ingen grenser på Nordkalotten. Seinare skriv han: «Når fornorskinga og undertrykkinga av det samiske folket satte inn for fullt i forrige århundre, var det disse fortellerne og noaidene (samiske vismenn) som ble drept først.» Undertrykkinga var nok fullt igang lenge før det. "I førre århundre var der også et hevnmotiv.» Det var så eg måtte sjå etter om det virkelig var Klassekampen eg leste. Eg ser det i alle fall som ein film om korleis samane blei plyndra av framandre folk, den første fasen i koloniseringa av Sápmi. I den samanheng bør vi ikkje glømme at tsjudane ikkje var aleine. Nordmenn og svenskar for vel ofte ikkje særlig bedre fram. Ein kan og sjå filmen som ei skildring av dei to måtane å reagere på når overfallsmennene-kom; bare flykte unna, eller å ta kampen opp slik hovudpersonen Algin ville. Dette kan jo gi tankar ut over det historiske, og det er kanskje ikkje tilfeldig at mange av dei som har skreve om filmen går glipp av dette poenget.

Måtte alle Klassekampen sine lesarar ta seg tid til ein kinokveld med «Ofelaš».

SVEIN LUND


Til startsida

sveilund@online.no