Eg skal ikkje konkurrere med verken kulturministeren eller dei som kritiserer henne om den store altomfattande definisjonen av norsk kultur, men bare trekke fram nokre område som har vore vanlig å sjå som sentrale norske kulturelement, og sjå litt på kva som trugar dei.
Naturlandskapet
Den norske naturen er sjølve grunnlaget for kulturen, han gir oss identitet og tilknyting, han er grunnlaget for utmarksnæringar, utmarkshausting, friluftsliv og naturopplevingar. Dette er i høg grad truga i dag. Trass fine ord om det motsette blir dei gjenståande inngrepsfrie områda innsnevra i større grad enn nokon gong før. Det er planar om vindmølle"parkar" i nær sagt alle alle naturområde som bare har vind nok, det planleggast hundrevis av "småkraftverk", oljeutvinning trugar kysten og utbygging av kraftlinjer og vegar raserer landskap over store delar av landet. Kor finn vi dei ivrige forsvararane av norsk kultur her?
Kulturlandskapet
Ein viktig del av den norske kulturarven er den dyrkinga av jorda som er gjort gjennom generasjonar, steingjerde, beiteland og slåtteteigar, stabbur og låvar. Men i dag blir dette lagt under asfalt og betong eller det gror igjen, fordi det ikkje er mogleg å livnære seg på "gamaldags" landbruk. Kor er kulturen sine forsvararar? Dei krev stans i landbrukssubsidiane og billigare svinekjøtt frå EU.
Matskikkar
Norske matskikkar er ein viktig del av kulturarven. Rein mat frå naturen, frå frittgåande høner og jordbruk utan giftsprøyting, lokal produksjon av geitost og boknafisk, blodpølse og krøkebærsaft. Lokal fiskeforedling blir lagt ned, da dei ikkje får varene inn i dei store dagligvarekjedane. Tradisjonell matproduksjon blir hindra av Mattilsynet og EU-direktiv.
Kor er "kulturforsvararane" da? Eller er dei meir opptatt av prisen på Pizza Grandiosa og McBurger?
Språket
Det er vanskelig å komme forbi at nynorsk og dialektar er ein viktig del av den norske kulturarven. Kva gjør kulturen sine forsvararar? Jo, dei krev norsk sidemål ut av skoleverket. Eit skikkelig kulturtiltak!
Når engelsk språk et seg inn i høgare utdanning, delar av arbeidslivet, film, musikk og reklame, kor er kulturen sine forsvararar da?
Musikk, teater, litteratur og film
Å utvikle desse kulturformene på norsk språk og med norsk innhald i konkurranse med dei gigantiske anglo-amerikanske konserna, er noko som krev innsats både av kulturutøvarane og gjerne støtte over statsbudsjettet. Men "kulturforsvararane" vil heller fjerne all kulturstøtte og overlate kulturen til den kommersielle marknaden.
Verdigrunnlaget
Om vi samanliknar Noreg med mange land i den "vestlige verda" ser vi at vi har hatt relativt små forskjellar på rike og fattige, vi har hatt eit relativt godt fungerande offentlig helse- og skolevesen og eit sosialt sikkerheitsnett. "Kulturforsvararane" synest ikkje vidare opptatt av å verne dette, snarare tvert om, i stor grad vil dei erstatte det med kommersialisering og med skattelette til dei rike og redusert inntekt for dei fattige.
Samisk kultur
Dei same som er så bekymra for framtida til norsk kultur gjør sitt beste for å utrydde den andre innfødde kulturen i Noreg. Dei skal kutte all støtte til samiske kulturtiltak og kaste samisk språk ut av skolen. Slik viser dei sitt sanne ansikt i forhold til bevaring av kulturarv.
Konklusjon
Ja, det er sant at norsk kultur er truga. Det er også sant at vi treng å bry oss meir om denne kulturen og reise oss til kamp for å forsvare og utvikle han. Men på ingen av dei nemnde områda er det innvandrarar som trugar kulturen. Trugsmåla kjem snarare frå statlig politikk, ein politikk som bare vil bli enno verre jo meir makt desse "kulturforsvararane" får.
Svein Lund
norsk nordmann i Sápmi