Kronikk sendt fleire aviser 24.01.2013

"Det norske folket" – kven er det?

"Det norske folket" – kven er det? Er det alle som bur i Noreg, eller er det dei etnisk norske, dei som er igjen når vi tar bort alle innfødde og innvandra språklige og kulturelle minoritetar?

Den siste tida har det gått to parallelle diskusjonar i norske aviser. Eit viktig spørsmål i begge er kva er eit folk og kva meiner vi med omgrepet "det norske folket". Vi løyser ingen av desse debattane med definering av omgrep, så lenge det finst debattantar som har ein politisk agenda for å einsrette Noreg gjennom å assimilere, utestenge eller bortdefinere minoritetar. Det hadde likevel vore ein stor fordel om ein kunne klargjøre kva ein legg i orda, og innrømme at det finst fleire tydingar av "norsk".

Den eine diskusjonen går i riksmedia, både aviser og radio/TV. Her diskuterast det kva som er norsk kultur og om innvandringa trugar norsk kultur. Enno ein gong får vi frå FrP og likesinna gjentatt skrekkforteljinga om at nordmenn vil bli mindretal i eige land. Dei definerer da nordmenn utelukkande i etnisk-kulturell forstand. På dette svarar så leiar i Ungdom mot rasisme (Mina Adampour, Klassekampen 05.01.2013) at "en som har et norsk pass er en nordmann", og ferdig med det. Så lenge innvandrarar etter kvart får norsk statsborgarskap kan altså nordmenn pr. definisjon ikkje komme i mindretal.

Den samme påstanden om at norsk = statsborgar blir omtrent samtidig servert i finnmarksmedia: "Mitt syn er at det er en alminnelig og offisiell forståelse i Norge at formuleringen "det norske folk" betyr alle statsborgere i Norge" (Jarl Hellesvik, Finnmarken 22.01.2013). Innlegget fortsetter slik: "Dette medfører at man ikke kan bruke formuleringen "det samiske folk" fordi det ikke finnes en samisk stat." Her er altså hensikten med den samme påstanden ein heilt annan, å definere bort det samiske folket ved å inkludere/assimilere samane i Noreg i "det norske folk".

Korleis er det mogleg å servere den same påstanden med så forskjellig bakgrunn og konsekvensar? Begge dei siterte debattantane går ut frå at omgrepet "det norske folk" har ei og bare ei tyding og det virkar som dei meiner det gjeld generelt for omgrepet "folk". Men både i Noreg og internasjonalt ser vi at ordet "folk" har fleire tydingar, ved sida av den statlige tydinga har vi og den etnisk-kulturelle, som gjør at vi kan snakke om eit samisk folk, eit baskisk folk, eit palestinsk folk, eit kurdisk folk, eit tamilsk folk, eit romfolk og eit walisisk folk, sjølv om ingen av desse folka har ein eigen stat. På same vis kan ein snakke om eit norsk folk i etnisk forstand. Etniske folk er ikkje like klart avgrensa som statsborgarlige folk, det gjeld kanskje særlig for den etniske gruppa som er dominerande i eit land slik som nordmenn i Noreg, tyskarar i Tyskland osv. Mange vil kanskje rekne seg som både etnisk nordmann og etnisk same, rom, tater, kven, polakk eller tamil. I nokre land skil ein klart mellom etniske folk og statsborgarlige folk, slik som at ein i det tidligare Sovjetunionen hadde eit klart skilje mellom ein sovjetborgar og ein russar. I Storbritannia skiljast det mellom britisk og engelsk osv. I Noreg manglar vi omgrep i dagligtale for å skilje mellom norsk-etnisk og norsk-statsborgarlig, og det fører ofte til samanblandingar og at folk diskuterer tvert forbi kvarandre.

Ser vi litt ut i verda, ser vi at det å godkjenne bare ein av desse definisjonane på folk kan gi svært dårlige verknadar for nasjonale minoritetar. Tyskland er kjent for å bruke den etnisk-kulturelle definisjonen på folk, og har gitt tysk statsborgarskap til tyskætta minoritetar i bl.a. Polen og Russland, slik at desse har kunna flytte til Tyskland med fulle rettar frå første dag. Samtidig har innvandra minoritetar som tyrkarar kunna gå i mange år utan å få statsborgarlige rettar. Dagens nasjonalsjåvinistiske styre i Ungarn står for ein annan variant: Etniske ungararar i nabolanda kan få ungarsk statsborgarskap sjølv om dei blir buande der dei er. Samtidig blir nasjonale minoritetar i Ungarn diskriminerte og definerte som ikkje-ungarske. På andre sida har vi den franske modellen, som definerer ein kvar innbyggar i Frankrike som fransk og punktum. Denne tilsynelatande integrerande politikken brukast så til å definere bort alle minoritetar som bretonarar, baskarar osv. med at Frankrike ikkje har nasjonale minoritetar, da alle er "like franske".

Liksom definisjonane og haldningane er forskjellige blant statane, er dei og det blant dei nasjonale minoritetane. Mens baskarar gjerne er svært påpasselige med å seie at dei bare er baskarar, og verken spanske eller franske, understrekar kasjubarar ofte at dei er både kasjubarar og polakkar: "Ingen Kasjubia uten Polen, ingen Polen uten Kasjubia".

I lag med diskusjonen om "det norske folket" har ein diskutert kva er "norsk kultur", og ein stortingsrepresentant frå vårt mest kulturfiendtlige parti har laga stort oppstyr med å avkreve kulturministeren ein definisjon på "norsk kultur". Her har igjen debattantane snakka forbi kvarandre. Snakkar vi om etnisk-norsk kultur eller om kultur i Noreg? Kva er mest norsk kultur, at mor til kulturministeren kokar pinnekjøtt eller at kvite heilnorske nordmenn et pizza og hamburger på McDonalds?

Først treng vi å innrømme at det finst fleire tydingar av "norsk", vidare å anerkjenne både det norsk-etniske, andre etniske grupper/folkeslag i Noreg og det felles statsborgarlige Noreg. Eg kunne ønske at vi kunne klare å samle, om ikkje alle, så eit stort fleirtal av befolkninga i Noreg bak desse prinsippa:

1. I Noreg bur det norske statsborgarar av mange folkeslag. Dei skal alle ha rett å delta i fellesskapet i arbeidslivet, kulturlivet og samfunnslivet i Noreg, på lokalt og nasjonalt plan. Dette krev at alle lærer seg riksspråket norsk, slik at språklige vanskar ikkje hindrar slik deltaking.

2. Dei nasjonale minoritetane (både innfødde og innvandra) skal ha rett til å dyrke eigen kultur, eige språk og evt. eigen religion og ha sine eigne møtestadar/organisasjonar, utan at dette skal bli sett på som mistenkelig eller negativt. Minoritetane skal integrerast, men ikkje assimilerast i det norske samfunnet. Dei må derfor oppleve at språka og kulturane deira blir sett på som ein rikdom og ikkje som eit trugsmål, og barna deira må ha rett til opplæring i sine eigne språk i norsk skole.

3. Den største etniske gruppa i Noreg er den norske. Denne gruppa har sitt eige språk og sin eigen kultur. Sjølv om både språket og kulturen har tatt opp i seg påverknad frå andre språk og kulturar, finst det ei kjerne som kan kallast for særeige norsk. Sjølv om dei etniske minoritetane i Noreg i større eller mindre grad kjenner den norske kulturen som sin, har dei gjerne eit noko anna forhold til denne enn dei som er vakse opp som meir eller mindre einspråklige og einkulturelle norske.

4. Samar i Noreg har, som del av urfolket i fire land på Nordkalotten, eit rett til vern om naturgrunnlaget for eige kultur og ein rett til bruk av eige språk også i offisielle samanhengar i samiske område.

5. I det fleirkulturelle Noreg er det mange som kjenner seg som både-og, enten som resultat av fleirkulturell/fleiretnisk avstamning eller som resultat av kulturell og språklig påverknad i lokalsamfunn og storsamfunn. Da må dei få lov å vere både-og, og ikkje tvingast til å velje ein identitet og utelukke andre sider av seg sjølv. Ein må med andre ord ha lov å vere både samisk og norsk, både tamilsk og norsk eller både polsk og norsk.

Svein Lund
norsk nordmann i Sápmi


Til hovudsida.