Nordnorsk litteratur

Litteraturoppgåve - Høgskolen i Akershus - Norsk for yrkesfaglærarar

Svein Lund
3.2.2001

Å eg veit meg eit land, langt der oppe mot nord
med ei lysande strand mellom høgfjell og fjord
der eg gjerne er gjest, der mitt hjarta er fest
med dei finaste, finaste band
Å eg minnest, å eg minnest, å eg minnest så vel dette land

Desse strofene av Elias Blix frå Gildeskål i Nordland renn meg i hug når eg sit langt i sør og skal forsøke å seie noko om nordnorsk litteratur. Det er ikkje bare romantisk lengting etter naturen, folket og været nordpå som får meg til å ønske meg dit, men eit heilt konkret behov for å finne tak i samlinga mi med nordnorsk litteratur som står stabla bort i eit stabbur i Guovdageaidnu. Men når ikkje budsjettet tillett ein flybillett tur-retur Oslo-Alta i denne omgongen, får vi ty til ein skrøpelig hukommelse og dei i denne samanheng nokså glisne hyllene til Skien bibliotek, samt Bibsys sine svært knappe opplysningar.

Kva legg eg så i nordnorsk litteratur? Dette omgrepet kan ein tolke på så mange slags vis. I vidaste forstand kan det omfatte all litteratur med tilknyting til Nord-Noreg, i aller trangaste forstand litteratur skrive på norsk av etniske nordmenn som er fødde, oppvekse og busette i landsdelen minst halve livet. Eg vil her forsøke å finne ein mellomveg, og halde meg til litteratur som er skreve på norsk (inkludert forskjellige mellomformer mellom dansk og norsk) av forfattarar som over lengre tid har vore busette i Nord-Noreg. Ofte er denne litteraturen meir eller mindre prega av landsdelen, men her er og mye som ikkje har noko klar geografisk tilknyting.

Den forfattaren med tilknyting til Nord-Noreg som har blitt mest kjent ute i verda er dessverre ein Knut Pedersen frå Lom. Han budde nokre barne- og ungdomsår i Hamarøy i Nordland, der han skreiv rasistiske skildringar av samane, før han flytta sørover igjen og blei Noregs mest kjente skjønnlitterære nazist. Nordnorsk litteratur har heldigvis mye betre å by på.

Uansett kva for ei periode ein skal dekke av nordnorsk litteratur, er ein nøydd å ta ein sving 300 år tilbake i tida. Da finn vi ein diktar som har vore inspirerande for nordnorsk litteratur heilt opp mot vår tid, ja kanskje særlig i vår tid.

Vær hilset, I, Nordlands bebyggende Mænd
Fra Verten i Huset til trælende Svend,
Vær hilset, I, Kofte-klæd Bønder!
Med desse orda av diktarpresten Petter Dass går Nord-Noreg for alvor inn i norsk skjønnlitteratur. Trass i dansk ortografi, er dette utan tvil norsk og nordnorsk litteratur. Her er tatt opp ei mengde ord som aldri har vore sør om Skagerak, knapt sør om Dovre, og her er folkeskildringar av nordmenn og samar som ein kan dra kjensel på sjølv i vår tid.

På dei 300 åra som har gått har ingen klart å skape eit nordnorsk diktverk som kan måle seg med Nordlands Trompet. Likevel er det skapt mye stor og god litteratur og ein del som kanskje ikkje er like stor og god, men det er noko med auga som ser. Noko er ganske godt kjent, men mye er oversett både av samtid og ettertid, både i landsdelen og ikkje minst i resten av Noreg.

Litteratur om nordnorsk litteratur

Eg vil først seie noko om kva som er gjort for å trekke fram nordnorsk litteratur.

Bibliografi

Kari Paulsrud ga i 1978-1982 ut to bøker om nordnorsk litteratur, der ho nemner omlag 1150 titlar. Finn Stenstad har i Frem fra de hundrede mile ført dette vidare nærare vår tid. Fram til 2001 kan vi rekne med omlag 1500 skjønnlitterære bøker som i større eller mindre grad fortener å kallast for nordnorsk litteratur.

Litteraturhistorie

Dei norske litteraturhistoriene har hatt ein sterk tendens til å vere skreve med utsikt frå Oslo-området, og forfattarar frå Nord-Noreg har sjeldan fått ei særlig framtredande rolle, så sant dei ikkje har gått rundt og sultet i Kristiania, drukke på Teaterkafeen eller på anna vis satt sitt preg på Tigerstadens kulturliv. Hovudverket i nordnorsk litteraturhistorie er Finn Stenstad si bok Frem fra de hundrede mile. Denne hadde her gjort seg fortjent til ei nærare omtale, men formedelst den omtalte situasjon i undertegnedes boksamling samt ved Skien og Porsgrunn bibliotek, vil eg nøye meg med å oppmode lesarar og lyarar til å forsøke å finne tak i boka sjølve.

Studentoppgåver

Mesteparten av analysa av nordnorsk litteratur er å finne som hovudfagsoppgåver og andre studentoppgåver, i første rekke ved Universitetet i Tromsø. Det er ikkje bare nordnorske studentar som har stått for analysa av nordnorsk litteratur. Eg må nemne at da eg i haust hadde norsklærarpraksis ved Universitetet i Gdansk, hadde eg rettleiar som hadde tatt både hovudfag og doktorgrad i norsk på nordnorsk litteratur.

Antologiar

Det er eit rikt utval av antologiar av nordnorsk littaratur. Her er fleire antologiar som trekk eldre litteratur fram frå gløymeboka, som Dag Skogheim si Vi vil tænde - ukjente nordnorske arbeiderdiktere 1900-20 og Kari Pålsrud og Magnar Mikkelsen si samling Den gode leirplass ved havet. Nyare litteratur har kome fram i bl.a. Nyere nordnorsk lyrikk frå 1978 og Circum Polaris frå 1997, redigert av Liv Lundberg. I tillegg til antologiar som omfattar heile Nord-Noreg finst her ein del meir lokale antologiar. Desse har sjeldan nådd særlig ut over lokalsamfunnet, men er viktig for å nå breitt ut med litteraturen og for å få fram forfattarar som elles ikkje blir prenta. Eg tenker f.eks. på Heimbygdas sang, ei samling av dikt frå Porsanger kommune. Det har kome fleire antologiar av unge forfattarar og av deltakarar på skrivekurs. Her må og nemnast visebøkene med nordnorske viser, som bl.a. Jack Berntsen og Ragnar Olsen har redigert.

Nordnorsk magasin

Ein kan ikkje snakke om nordnorsk litteratur utan å nemne Nordnorsk magasin, utgitt på Stonglandseidet på Senja frå 1978 til i dag. Her har mange eldre nordnorske forfattarar blitt trukke "frem fra glemselen", mens nye har fått forsøke seg på prent for første gong. Nordnorsk magasin har spela ei så viktig rolle at bladet til og med har blitt gjenstand for ei hovudoppgåve i norsk litteratur.

Sjangrar

Nordnorsk litteratur finn vi innafor dei fleste sjangrar. Både barne- og ungdomsbøker, historiske romanar, notidsromanar, noveller, dikt og skodespel er rikt representert. Om ein skulle samanlikne med litteratur frå resten av landet, må ein vel kunne seie at den nordnorske litteraturen er relativt fattig på kriminallitteratur og religiøs litteratur, sjølv om landsdelen tidligare har fostra to av dei fremste salmediktarane våre, nemlig Petter Dass og Elias Blix.

Folkelivet

Ein sterk sjanger i nordnorsk litteratur er fortellingar frå folkelivet, meir eller mindre sannferdige eller i alle fall godt lygi. Klassikaren her er er Vett og uvett, som har kome i minst 14 opplag frå 1942 til 1999. Asbjørn Dybwad kom med Hemmel og hav og 3 andre bøker 1960-73. Den leiande dei siste 20 åra er Arthur Arntsen, som med sine framstillingar av Oluf på prent og scene har vunne seg ein tittel som den fremste humoristen ikkje bare i Nord-Noreg, men i heile landet, for ikkje å snakke om at han har blitt utnemnst til æresprofessor i humorologi ved Universitetet i Tromsø. Denne sjangeren har vore svært mannsdominert, og kvinnfolka har så langt blitt sett gjennom mannen sine auge. No kan dei tildels bli ganske store av det, som når han Oluf ser ho Emma, men det det blir i lengda litt einsidig, og eg saknar den store kvinnelige nordnorske humoristen.

Historiske romanar.

Nord-Noreg spelar ei rolle i mange historiske romanar av forfattarar utan særlig tilknytning til landsdelen, som Henrik Ibsen (Hærmennene på Helgeland) og Vera Henriksen (sagatida). Av landsdelens eigne forfattarar er det relativt få som har skreve om den eldste historia. Dag Ove Johansen har skreve fleire bøker frå steinalderen, bl.a. Havørnas skygge og Vargtid. Eivind Tverbak skreiv på 50-70-talet heile 13 bøker, dei fleste historiske romanar frå Steigen og Salten, som tildels går tilbake til sagatida. Den mest produktive nordnorske forfattaren gjennom tidene, er trulig Bente Pedersen frå Storfjord i Troms. Ho har så vidt eg kan sjå skreve eit 70-tals bøker, dei fleste historiske romanar, men og nokre med handling frå vår eiga tid. Både Johansen og Pedersen sine bøker er utgitt på Bladkompaniet og har gått i store opplag. Likevel er dei ein slags ikkje-litteratur for litteraturvitarane. Eg ønsker likevel ikkje å avvise desse bøkene. Dei fortel i ein populær form om den fleirkulturelle historia på Nordkalotten og når breiare ut enn mange romanar som vinn litteraturprisar. Den kvenske innvandringa til Nord-Noreg har vore tema for ei rekke historiske romanar, bl.a. av Hans Kristian Eriksen og trebindsverket Kornet og fiskene av Idar Krisitiansen. Opprøret i Guovdageaidnu i 1852 dannar bakgrunn for heile tre romanar, med forskjellig innfallsvinkel og forskjellig haldning til opprøret. Først kom Andreas Markussons Hyrdene som for vill, deretter Idar Kristiansens Korstog mot Kautokeino og til sist Olav Nordrås Rød Høst. Krigshistoria og særlig partisanane sin innsats og forholdet til Sovjet er skildra i historiske romanar med glidande overgang til krigshistorisk faglitteratur. Eg vil ikkje trekke noko skarpt skilje her, men nemne forfattarar som Dag Skogheim, Laila og Thor Thorsen, Hans Kr. Eriksen og Kjell Fjørtoft. Nokre av desse bøkene førast og vidare inn i etterkrigstida og ser på behandlinga av partisanane i etterkrigstida. Dag Skogheim har skreve historiske romanar frå fleire epoker, og i romanane hans er det gjerne kvinner som spelar dei mest sentrale rollene. Om hekseforfølgingane har han skreve Hexhora, elles har han skreve ein serie med romanar frå Nordland ut frå arbeidarrørsla i mellomkrigstida.

Samtidsromanar

Da glir vi over i samtidsromanane, der vi ikkje kan unngå å nemne Carl Schøyen, sørlendingen som levde mange år i Nord-Noreg og skreiv bøker både frå Nordland, Troms og Finnmark. Han skreiv romanar, fortellingar og dikt i perioden 1915-1930. Hans Tre stammers møte har blitt ein klassikar. Denne kom midt i den hardaste fornorskingstida, og er prega av den tidas tankegang, men likevel med ei meir positiv haldning til samar og kvænar enn det styresmaktene hadde på denne tida.
Sara Fabritius, alias Cora Sandel, kom frå Tromsø og skreiv ei rekke romanar i tida 1925-45. Ho er trulig ein av dei få forfattararne frå landsdelen som har gjort meir suksess på bortebane enn på heimebane, og bøkene hennar har i liten grad tilknyting til Nord-Noreg. Livet til fiskarar, fangstmenn og sjøfolk har vore eit viktig tema i nordnorsk litteratur, blant mange bøker kan vi nemne Johan Bojers Den siste viking og Lars Hansens En havets sønn.
Frå etterkrigstida er trulig dei mest kjente nordnorske romanane Herbjørg Wassmo sine, der skildringa av "tyskarungen" Tora står sentralt. Andre som har skreve samtidsromanar er Magnar Mikkelsen, Roald Wold Karlsen, Arvid Hanssen og Liv Lundberg.
Ein av dei aller mest dagsaktuelle romanane er Bente Pedersen si bok Babusjka, som handlar om prostitusjon i Tana rundt dette årtusenskiftet.

Noveller

Om eg vil trukke fram bare ein nordnorsk novelleforfattar frå nyare tid, må det bli Laila Stien, som trass i at ho skriv i fleire sjangrar må kunne seiast å ha novella som si hovudform. Nordnorsk magasin har trykt ei mengde noveller av kjente og ukjente nordnorske forfattarar. Det er eit rikt utval av fortellingar som er i grenselandet til novellesjangeren.

Dikt og songar

Det er ikkje alltid noko klar grense mellom dikt og songar. Mange songar er skreve direkte for scenen og plateinnspeling og har aldri vore framførte eller trykte som dikt. Andre er først skrive som dikt og senare blitt sett melodi til, f.eks. Helge Stangnes, bl.a. Lys langs en fjord. Og så er det mange som er skrive på ei slik form at dei ikkje lar seg synge. Ei rekke nordnorske songarar har blitt kjente lokalt, i landsdelen og tildels på landsplan med eigne tekstar, eller med tekstar av nordnorske diktarar. Frå 70-talet kan ein nemne namns som Randi Hansen (Hvis æ fikk være sola di), Unit Five (Æ e nordlending æ), Malvin Skulbru, Tove Karoline Knudsen (eigne melodiar til tekstar av Arvid Hanssen). Nordnorsk visegruppe gjorde på 70-talet gamle nordnorske folkeviser kjent. Av nordnorske diktarar frå 60-talet og framover er det eit slikt utal at ein neste ikkje kan nemne nokon fordi ein da overser andre, men eg vil likevel trekke fram nokre namn: Arild Nyquist, Jahn Arild Skogholt, Ragnar Sandbæk, Kjell Sandvik, Hanne Aga, Helge Stangnes, Sissel Solbjørg Bjugn, Herbjørg Wassmo, Liv Lundberg, Laila Stien og Magnar Mikkelsen. Nokre av dei er mest kjente for dikt og songar, andre er allsidige forfattarar som skriv dikt i tillegg til at dei gir seg ut på fleire andre sjangrar.

Skodespel og teater

Teater i Nord-Noreg har i stor grad vore amatørteater og revylag. Hålogaland amatørteaterselskap har dreve eit aktivt arbeid rundt om i landsdelen, og mange stader har det vore eit aktivt revymiljø. Mens amatørteatera gjerne satte opp ferdigskreve stykke sørfrå eller frå utlandet, laga revygruppene eigne tekstar. Desse fikk imidlertid oftast kort levetid, i tillegg til at dei var svært lokale. Men nokre av revyvisene, særlig frå Honningsvåg, har blitt meir enn døgnfluer, som Finn Arild Selnes si vise om fråflyttinga. Det første profesjonelle teateret i landsdelen var Hålogaland Teater i Tromsø, frå 1971. Seinare kom Nordland Teater og Beaivváš Sámi Teahter, men eg skal her konsentere meg om HT. Dei første åra laga dei fleire teaterstykke, som tok standpunkt i aktuelle politiske stridsspørsmål. Blant dei mest kjente stykka deira var Det e her æ høre tel (Senja), Vor ret vi tar (Sydvaranger) og eit stykke om ein arbeidskonflikt i Bodø, som i ettertid vel hugsast best for Ellinors vise. Stykkene var eit resultat av eit kollektivt arbeid, men forfattaren Klaus Hagerup sto sentralt i mange av dei. Dei spela og tidlig på 70-talet skodespelet Agentene av Magnar Mikkelsen, eit stykke som i mangt og mye var eit varsel om Alta.-kampen som skulle komme nesten eit tiår seinare. Det var fleire ting som var banebrytande i HT. Det var det første teateret i Noreg som tok i bruk dialekt som scenespråk, og framleis spelar dei konsekvent på dialekt. For det andre dro dei ut i lokalsamfunna og gjorde undersøkingar, og dei dro på turne. HT blei ei utfordring for dei etablerte institusjonsteatera. Seinare har andre teater tatt opp mye frå HT, mens HT sjølv nok meir har falt tilbake til den tradisjonelle teaterstilen. Det har dei siste to tiåra ikkje vore så mye nyskreve original nordnorsk dramatikk, verken der eller andre stader.

Barne-og ungdomsbøker

Barne- og ungdomsbøker nordfrå er i seg sjølv eit stort felt som eg ikkje kan gå mye inn på her, bare nemne at det er skrive ei rekke bøker frå nordnorsk miljø, både av nordnorske og sørnorske forfattarar. Blant dei viktigaste forfattarane vil eg nemne Wenche Krossøy, Sissel Solbjørg Bjugn og Arvid Hanssen. Dette burde eg ha skrive mye meir om men eg får seie som så at det ikkje er tema denne gongen.

1970 - eit tidsskilje

Mitt navn er Petter Dass - som bor ved Verdens Ende. - skreiv diktarpresten på 1600-talet. Det å vere ved verdens ende har og prega mye av den nordnorske litteraturen i ettertida. Eit anna litterært uttrykk er landet "bak de hundrede mile". Store delar av litteraturen skildrar Nord-Noreg som ein utkant, ein koloni under sentralstyret i København eller Oslo. Dette kjem særlig sterkt fram i litteraturen på 1970-talet.

Etterkrigstida var ei tid for styrking av sentralmakta, for sentralisering og for sørnorsk dominans på alle område. Nord-Noreg blei "utvikla" gjennom å importere sørnorske lærarar, legar, ingeniørar og arkitektar. Til gjengjeld blei Sør-Noreg fyllt opp av industriarbeidarar, transportarbeidarar og studentar nordfrå. Det var ei tid da huseigarar i Oslo averterte leilighet til leige, med " Bm. Ikke nordlending", og da nordingar sørpå la om dialekta så fort som råd. Rundt 1970 kom reaksjonen mot dette i form av ei nordnorsk bevisstgjøring, kulturelt og politisk. Politisk hang dette saman bl.a. med EF-kampen fram mot folkerøystinga i 1972, og med kampen for utvida fiskerigrense. Litterært kom det i første rekke til uttrykk i dikt og viser. Vi fikk den nordnorske visebølga, der Viseklubben Lovisa i Lofoten og visefestivalen Trolltampen spela ei sentral rolle. I den nordnorske visebølga var hovudbodskapen at det vi har er noko verd, det må vi forsvare. Nokre gonger var det klart uttalt politisk, som Jack Berntsen og Ragnar Olsen sine viser, andre gongar meir som ei skildring av folket og landskapet, f.eks. Arvid Hanssen sine viser, men desse blei brukt om kvarandre. Også i romanform kom det åtvaringar mot rovfiske og ka det kan føre til, som Magnar Mikkelsen sin roman Svart hav frå 1979.

Språket i nordnorsk litteratur

Nord-Noreg har eit rikt spekter av dialektar. I landsdelen kan ein høre dei fleste former som har vore tillatt skreve i både nynorsk og bokmål, med tillegg av ei mengde ord og ordformer som aldri har stått i noko offisiell ordbok. I skoleverket har bokmålet vore einerådande i Finnmark og i byane i Nordland og Troms. Men i ein god del landkommunar har nynorsk vore opplæringsmål i periodar frå 30-talet til ut på 50-60-talet. Mesteparten av litteraturen i Nord-Noreg er nok skreve på bokmål, men det har heilt frå Elias Blix vore viktige forfattarar som har brukt nynorsk. Den nordnorske visebølga starta på bokmål, med Karlsøy i Troms, og 50-milsvisa men blei snart fullstendig overtatt av viser på dialekt, frå Kor e hammaren Edvard og Kamøyværsvalsen. Fleire forfattarar har variert mellom språkformer, dels som følge av ei kulturpolitisk utvikling, dels som eit verkemiddel, der ein brukar dialekt der temaet er på det mest nordnorske, mens ein brukar normalisert skriftspråk når ein skriv om meir allmenne forhold. Eksempel er Herbjørg Wassmo og Laila Stien som vareierer mellom dialekt og bokmål, mens Arvid Hanssen og Hans Kr. Eriksen har brukt både dialekt, nynorsk og bokmål. Blant nyare nordnorske forfattarar som konsekvent brukar nynorsk kan ein nemne Hanne Aga og Wenche Krossøy.

Samane i nordnorsk litteratur

Eg har lenge vore på leiting etter boka Samene i norsk litteratur, men kome til den konklusjonen at ho enno ikkje er skreve. Ein antologi for skolebruk har lenge vore under arbeid, men så vidt eg veit enno ikkje kome ut. Det er gjort ei undersøking av samane i norsk barnelitteratur, ved Jon Todal, norsklærar ved Samisk høgskole. Denne viser at det i den eldre barnelitteraturen finst ei rekke vrangforestillingar og negative haldningar til samane. Innafor ein del vaksen skjønnlitteratur kjem og rasismen tydelig fram, ikkje minst hos dei to erklærte nazistane i nordnorsk skjønnlitteratur; Knut Hamsun og Lars Hansen.
Om vi ser på litteraturen frå 1960-talet og framover, er det vanskelig å skilje klart mellom samisk og nordnorsk litteratur. Mesteparten av skjønnlitteraturen på norsk som skildrar samiske forhold er skreve av forfattarar som sjølve har meir eller mindre samisk bakgrunn. Nokre bøker er og utgitt i parallellutgåver på norsk og samisk.
I 1967 kom det ei lita bok som har vore lite kjent i ettertida, Den dømte stamme av Per Olav Porsanger. Forfattaren har sjølv vore redaktør for fleire samiske aviser og aktiv i samisk organisasjonsarbeid. Men både tittelen og innhaldet i romanen fortel at på midten av 60-talet såg det svært mørkt ut for samane si framtid. Som skjønnlitteratur er det noko av det dårligaste eg har lese, men romanen er interessant som eit dokument over stoda for samane på 60-talet.
På 70-talet tar fleire forfattarar opp forhold mellom samar og nordmenn og undertrykking og rasisme mot samar. Dette er tema i romanar som Saltbingen av Frank A. Jensen (Tysfjord) og John Gustavsen si bok Lille Chicago frå Honningsvåg. Det kjem og noko meir indirekte fram i fleire av bøkene til Arvid Hanssen, f.eks. Søsken på Guds jord. Desse romanane er på grensa mellom historiske romanar og samtidsromanar, etter som handlinga i stor grad skjer i tida rundt forfattarane sin barndom.
I den første del av den "nordnorske oppvakninga" var det samiske framleis i stor grad fråverande. Særlig gjaldt det kystsamiske forhold. Ein samisk forfattar som Magnar Mikkelsen kunne i 1966 skrive Ved de siste fjell, frå eit utvilsamt kystsamisk miljø utan at det etniske kom fram eller blei problematisert. Få år etterpå skriv han Masi, Norge om samane sin motstand mot kraftutbygging i Indre Finnmark, men først på slutten av 80-talet kjem det sjøsamiske klarare fram i skriftene hans.
Eit sjeldant unnatak er Jahn Arild Skogholt, mest kjent for Kor e hammaren Edvard, som på 70-talet skreiv eit hyllingsdikt til den afrikanske frigjøringsleiaren Agostino Neto, der han samanliknar frigjøringskampen i dei portugisiske koloniane i Afrika med samane sin kamp i Noreg. Etter kvart har ein del norsktalande samar skreve dikt ut frå eigen bakgrunn og arbeidet for å finne tilbake til røtene sine. Mange av desse er bare trykt i tidsskrift og antologiar eller ikkje trykt i det heile. Aagot Vinterbo Hohr har med Palimpsest tatt utgangspunkt i den kystsamiske kulturen under fornorskingspresset.

Og tilslutt får eg til ei forandring sitere ein sørnorsk bokmålsforfattar: - og ennå er det mange vers, men jeg kan ikke flere - men det kan kanskje dere...

______________________________________________________________

Fleire artiklar om kultur
Til startsida

sveilund@online.no