Innlegg i NFF-bulletin 3-2006 (Utgitt av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening)

Kor mange språk ser NFF i Noreg?

I NFF Bulletin 2-2006 har vår generalsekretær ein interessant artikkel med tittelen «Digitalisert norsk», der han helsar velkommen planen om digitalisering av Nasjonalbiblioteket. Det er ikkje vanskelig å slutte seg til det, men det blir for enkelt når språksituasjonen i Noreg og Europa blir forenkla til eit spørsmål om riksspråk og engelsk.

Eg skal i denne omgang nøye meg med å sjå på dei to landa han nemner: Frankrike og Noreg.

Eg må seie eg gremmast over å sjå Frankrike og Chirac framstilt som framståande eksempel på god språkpolitikk. Franske styresmakter har lenge jobba målmedvite for å utrydde alle andre språk enn fransk i Frankrike. Det gjeld ikkje bare engelsk, men vel så mye dei innanlandske minoritetsspråka. Samtidig har dei arbeida iherdig for å spreie fransk språk og kultur i heile verda, både gjennom kolonisering og etter at dei fleste koloniane formelt blei sjølvstendige. Den franske staten har på same måte som Storbrittania og USA gjort ein stor innsats for å spreie fransk intenasjonalt, på kostnad av nasjonale og lokale språk. Når tusenvis av språk rundt i verda er i fare for utrydding, er fransk eit av dei fremste drapsspråka eller «killer languages», som ein seier på det fremste drapsspråket. Fri oss frå fleire omfamningar av Chirac!

Så til Noreg. Når ein les skriftene til NFF kan ein få inntrykk av at Noreg har eitt skriftspråk - bokmål. Her er minimalt med stoff på nynorsk, og her er minimalt med engasjement for nynorsk skriftkultur. Vi veit at nynorsk står sterkast innafor skjønnlitteraturen og lærebøkene (pga. lovvern), men svært svakt innafor anna faglitteratur. Det bør vere ei opplagt oppgåve for NFF å gjøre noko med det.

I tillegg til dei to formelt likestilte norske målformene finst det i Noreg ei rekke andre språk. Eit av dei, nordsamisk er offisielt språk i fleire kommunar og andre offentlige samanhengar. Tre samiske skriftspråk blir brukt i undervisning i norske skolar. For samisk finst det støtteordningar (langt frå tilstrekkelige) for skjønnlitteratur og lærebøker, men for annan faglitteratur er det omtrent umogleg å få utgitt noko. På den tida eg har vore med i NFF kan eg ikkje hugse å ha lest noko om dette. Rett nok finst det ei eiga Samisk faglitterær forfatter- og oversetterforening, men denne er lita og veik og treng støtte av NFF. Kva med å presentere denne og stoda for samisk faglitteratur i Prosa?

Til sist vil eg nemne andre språk i Noreg, som kvensk, romani og ei rekke innvandrarspråk som er i ein enno langt veikare stilling. Det trengst at vi i kampen for norsk språk ikkje gløymer dei som ligg dårligare an og sjølve ender som deltakarar i språkundertrykkinga i Noreg.

Svein Lund
Guovdageaidnu


Til hovudsida.