Reportasje i Klassekampen, 26.05.1982 Svein Lund:

Kystkvinnene i Hammerfest

KLASSEKAMPEN - HAMMERFEST

Skoleskipet «Sørlandet» har nå seilt kysten rundt frå Kristiansand til Finnmark med utstillinga «Utmed havet» - Kystkvinnera liv og virke 1920-1940. Utstillinga blei laga i samband med 50-årsjublleumet til AOF og blei omtalt i Klassekampen 1.desember i fjor. Korleis har så utstillinga virka?

Vi var om bord og så da båten var i Hammerfest, og om det som skjedde der var typisk. må i alle fall resultatet vere minst det ein kunne håpe på. Interessen var overveldande, om lag 1700 var om bord i båten i løpet av ein dag. Ikkje verst i ein by med under 8000 innbyggarar!

Ustillinga skildrar livet til dei arbeidande kvinnene langs kysten i 20- og 30-åra, men vi traff kvinner om bord som sa at jo, sånn hadde vi det heime langt opp mot vår tid og. Så på mange småplassar etter Finnmarkskysten ligg nok denne historia nærare enn mange aner.

Men for ungane var det mye nytt, del spurte og grov, og foreldra svarte at jo da, sånn gjord vi da eg var liten. Kanskje særlig i Finnmark er det stort behov for slikt, ettersom fylket blei så totalt rasert under krigen. Derfor er det lite gamle ting i heimane, og dårleg med museer.

Skoleskipet Sørlandet ved kaia i HammerfestFrå utstillingaAgnete Jernelv Klykken

Fikk lyst til å mønstre på!

Agnete Jernelv Klykken har sjølv vakse opp ved kysten, og vi spurte henne kva ho tykte om utstillinga og båten.

- Eg fekk lyst til å mønstre på, svarar ho kjapt og ler.

- Kjende du deg igjen?
- Javisst, det var jo akkurat slik det ar da eg vaks opp. Eg vaks opp på eit lite småbruk her ute på Seiland, ein plass som heiter Jemelv. Der bur ikkje folk no lenger. Det var som dei viste på utstilllnga: Det var mor og ungane som dreiv bruket for det meste. Far var jo mye borte på fiske. Vi var 10 ungar og vi tikk tidlig lere oss å arbeide. Vi skar torv, rann etter sauene, passa småsøsken og mye anna. Litt var vi med på fiske og, men det var nå mest mannfolka. Under krigen da budde vi i hule like ved heimplassen, heile siste krigsvinteren. Eg syns det er veldig bra med ei slik utstilling, så dei yngre kan få sjå korleis vi hadde det.

Streikestand og ballett

Markeringa av AOF-jublleumet i Hammerfest blei langt mer enn besøket av «Sarlandet». På Folkets Hus var det ope hus heile dagen med kaffe og kaker. Her hadde AOF, Norsk Folkehjelp, fagforeningar og parti stand. Mest studert var nok strelkestanden til NNN, med presentasjon av både streiken og arbeidsplassen i ord og bilder, samt innsamling av streikestøtte.

På ettermiddagen var det kulturprogram. AOF-sekretaeren i Finnmark opna med å sele at arbeidarkulturen er rotfesta i Finnmark, men han har Ikkje tått kome skikkelig fram i lyset. Dette må AOF bidra til. og vi må bruke kulturen i kampen for bedre levekår i Finnmark.

Det første kulturinnslaget var ved Ballettverkstedet i Hammerfest. Ballett - det kan vel ikkje vere arbeidarkultur? Men skepsisen forsvann snart, etter som vi levde osa inn i stykket «Kvinne mot havet» som var laga for anledninga. Kvinnene sitt liv kom levande fram. og særlig sterk var scena der 6 jenter kom berande inn til fiskarkona med fiskaren som hadde omkomme på sjøen. Stykket biel framført av bare unge jenter (med unnatak av fiskaren) og synte oss at arbeidarkulturen ikkje bare er levande her men og at han kan ta i bruk nye former, som tidlegara har vore reservert finkulturen.

«Tirsdagsteateret»Balletten

Imponert blei vi og av det som kom etter. «Tirsdagsteateret» har etter kvart blitt godt kjent i Hammerfest og omegn. Flesteparten av skodespelarane er ungdomsskolelevar. som har holdt på med dette teateret sidan barneskolen, og det er læraren deira, Torgeir Midtgarden, som har skrivi mesteparten av tekstane. Nå framførte del 9 småstykker som spela over alt frå sang om Hammerfest og turistane til parodiar på popstjerner, cowboyar og discodans til kriminalopera frå Italia (matiakongen Fiat Veranda). Toppen var vel da dei framførte same sketsjen heile 8 ganger på forskjellig måte. Latterdøra slo seg opp på så vidt gap at det var såvidt vi fikk ho igjen før Sosialistisk Kor ga ei verdig avslutning med «Det e sol bakom skyan», «Ellinors vise» og «Vår frigjøring er nær».

Da vi skulle gå heim kom nyheten om at streiken i tiskeiundstrlen var slutt. Resultatet syner at det enno er langt fram til kystkvinnenes sitt slit blir skikkelig verdsatt. Men nå har kvinner (og menn) synt at del kan stå såman og kjempe. Og det er eit godt utgangspunkt for å gå vidare.