Artikkel i Klassekampen, 12.05.1989

Bare kvinnepuslerier?

Strikking og hekling, brodering og veving. Bare vanlig kvinnfolkarbeid. Er det noko å skrive i avisa om? Ja. Når kvinnfolkan i Mehamn lagar kvinnekulturmønstring.

Av SVEIN LUND. MEHAMN (tekst og foto)

Vi vil synliggjøre kvinnekulturen, få kvinnene og det dei har laga fram frå skjulestadene, sa leiar for Kvinnesekretariatet i Finnmark fylke, Kari Meløy ved opninga av kvinnekulturmønstringa i Mehamn.

Og her blei dei gjort synlige. Hit kom dei frå Langfjorden med heimestrikka sjøvottar av heimekarda ull, her var blomsterdekorasjonar og krydderbinding. Her var «ho tante Kaja som har tøva kartanka til heile Mehamn i 50 år», ho Olga som er einaste i fiskeværet som kan kunsten å lage dukar med filering. Her var broderi og keramikk, søm av alle slag, gimping, hekling og kunstverk av trolldeig og skjell og rekved.

Kunststrikking

Stefy Paulsen som er leiar for arrangementet tar oss med rundt og forklarer.
— Her er ei som har gått rundt i husa og sydd heilt sidan krigen. Vi har greidd å finne igjen modellar tilbake til 1957.

Vi går forbi ei som driv med soneterapi og som nyttar høvet til å reklamere litt. I vindauga finn vi eit fantastisk bilete satt saman av skjell, reker og forskjellig slags fiskeyngel som er tørka og glassert. — Mannen hennar er på reketrål. forklarer Stefy. Og når reketrålane likevel tar ein masse yngel, kvifor ikkje bruke det til noko?

Ho Solveig driv med kunststikking og stiller ut dukar. — Eg starta med dette da eg var 8 år. Men først da eg blei trygda frå Finotro tok eg det opp for alvor.
— Kor du får disse mønstra frå?
— Det sto litt i blada før i tida, på 50-talet og sånn. Og eg har vore så heldig å finne nokre gamle blad på skjåloftet.
— Sel du noko av dette?
— Ja, den der kan du få kjøpt for 40 kroner. Den er ganske fort laga, den gjør eg på ein dag.
Ei rask hovudrekning gir oss ei inntekt pr. time på Hong Kong-nivå, og vi får oss ikkje til å ta imot veksle- pengar på 50-lappen.

Her er Husmorlaget, Kvinnefiskarlaget, Redningsselskapet, Idrettslaget og Damekoret. Og Polarjentene driv kafé og selger heimebaka kaker.

Og midt oppe i det finn vi representantar for dei nyaste Mehamnværingane og ei kunstart vi aldri har sett maken til. Shantha Sivapalan stiller ut dekorerte såper! Jo, inne i dekorasjonen er det ei ekte norsk Sterilansåpe. og dekorasjonane er festa med knappenåler. Kunsten har ho med seg frå heimlandet Sri Lanka.

Mehamn har omlag 40 innvandrarar frå 16 land, og som så ofte i fiskeværa i Finnmark er det finlendarane som er den største gruppa. Og finlendarar o fiskeindustrien. det er i all hovudsak jenter. Dei har eiga finsk/norsk forenning her, og på samfunnshuset stilte dei med eigen stand der dei solgte og ga ut smaksprøver av finsk mat. Og her har vi virkelig noko å lære når det gjeld å utnytte eigne ressursar. Korfor kan ikkje vi og lage slik tyttebærpai og blåbærpai?

Midt i lokalet står ein gammal rokk. Som ein magnet trekk den til seg særlig dei over 70 og under 10. Med kvinnekulturmønstringa blir kvinnekulturen frå gamle dagar ført vidare til nye slekter.

Fylkesplan

Kvinnekulturmønstringane er ikkje ein lokal Mehamn-idé, men ein del av Finnmark fylke sitt arbeid for å satse på kvinner. Frå l. februar 1987 har Kari Meley vore tilsett på heiltid for å leie fylkeskommunen si satsing på kvinner. Første året gikk med til å få kvinneperspektivet inn i alle ledd av fylkesplanen. Andre året har ein i hovudsak satsa på fire kommunar: Forutan Gamvik kommune der Mehamn er kommunesenteret, er det Karasjok, Hasvik og Hammerfest. Gamvik er den tredje kommunen som har kvinnekulturmønstring.

Mannfolkan...

Tenk om mannfolkan skulle stilt ut, seier ei av jentene stolt. Trur du dei ville fått til så mye?
Nei, vi var nok meir enn ein mann som gikk ut av Samfunnshuset i Mehamn med litt større respekt for kvinnekulturen enn vi hadde da vi gikk inn. Og det var vel noko av vitsen.


Til startsida

sveilund@online.no