Artikkel i Klassekampen12.04.88

Kunsten, kosen og kommunismen

Av Svein Lund, Børselv

Kor blir det av politikken?
Er det egentlig dette vi vil?
Kvifor lagar ikkje lenger kunstnarar ting med meining?
Må vi lage bare Grand Prix-kultur?

Vi sit i peisestua på Børselv Gjestgiveri i Porsanger. Eit tidligare skoleinternat der samisk- og finskspråklige elevar fikk lære seg herrefolket sitt språk og herrefolket sin kultur. I dag blir det undervist i både samisk og finsk på Børselv skole. Internatet har blitt eit trivelig gjestgiveri, men noko av internatånda heng enno på veggane, i form av store reproduksjonar av tunge graner, stabbur og bondeliv i norsk-norske bygder sørpå. Frå ei verd internatungane skulle lære seg å sjå opp til samtidig som dei lærte seg å forakte sitt eige.

Det som har ført oss saman er at 8 mil frå Børselv bur ein diktar som fyller 50 år omtrent på denne tida. Magnar Mikkelsen heiter han, og ka han legg vekt på kjem kort og greitt fram i tre ord: «Kunsten, kosen og kommunismen». Disse brukte han som motto da han ba kulturarbeidarar frå heile fylket til samling i påska. Det var ikkje noko fastsatt program med dag- og forretningsorden, men eventuelle hyllingstalar til jubilanten skulle straffas med avgift på kr. 50.- pr.minutt. Disse blei dermed sterkt begrensa til fordel for nyttigare aktivitetar som skigåing og diskusjonar om kor vi vil med kunsten. Ein kveld starta med videovising av filmane «Mørketid» og «Steinlandet», bygd på naturbilete frå Finnmark av Arvid Sveen.

- Eg ser det som meiningsfullt å lage slike filmar, sa han. Det er viktig å vise dei positive sidene ved Finnmark. Men eg syns ikkje det er nok. I dag har eg behov for og å lage bilete med meir politisk innhald. Men tendensen i tida er stikk motsett. Det er formen, ikkje bodskapen som betyr noko. Eg har vanskelig for å lage politiske bilete for tida. Det blir lett hengande i lufta, det trengs knaggar å henge det på. I Alta-kampen greidde eg det, det fungerte i ein samanheng.

- Kunstnarar må ofte selge sjela si til marknaden, sa Magnar Mikkelsen. Å lage reportasjebøker er for eksempel ikkje økonomisk mogleg, for her fins inga støtteordning. Bilete av stein og fjell og stemningar kan ein få laga TV-program på, men ikkje alvorlige spørsmål. Da eg kontakta NRK med 500 lysbilete frå Afghanistan, var dei ikkje interessert. Og så var diskusjonen i full gang, der var biletkunstnarar, forfattarar, teaterfolk og nokre vanlige dødelige amatørar: — Nokon burde seie noko om dei stygge strategiane for korleis samfunnet skal sjå ut. Vi treng biletkunstnarar til å vise dette. Korleis kan framtida vår bli, med fisketomme fjordar, nedbeita reinbeite og forureining. Skal ikkje kunsten gå foran?
— Vi må vise ka slags Finnmark, ka slags Norge vi vil ha.
— Teateret må og sette fingeren på nåtida. Hålogaland Teater er i ferd med å bli fullstendig uinteressant. Beaivvas bør lage noko brennaktuelt om fiskeria, og spele det både på samisk og norsk.
— Kunstnarane får gå for mye i fred. Dei blir ikkje utfordra.
— Bør ikkje Finnmarkskunstnar lage ein plakat for Naturvernforbundet sin kamp mot rovfisket i Barentshavet?

Og slik fortsatte det. Og kanskje vi med dette kan sette kulturarbeidarar og kulturinteresserte blant Klassekampen sine lesarar på nokre idear og få igang litt diskusjon. Er det ikkje på tide å gjenreise parola «Kunsten i folket si tjeneste»?

OG FRAMTIDA

Når så det heile
e forbi
i og ei ny tid født
ska vi
saltstrø vinden
røyse flaggstang
på Nordkappbanken
pisse vekk
all snø og is
ro båtan våres
på skyan
kaste juksa
fra tusen favners høyde
kike over ripa
ner gjønna lufthavet
og pilke
storkar
og
kaksa

MAGNAR MIKKELSEN


Til startsida

sveilund@online.no