Innlegg i Klassekampen 17.01.89

Avisas presentasjon: Innsenderen mener Magnar Mikkelsens formulerte krav til kunsten er rett og går skarpt i rett med Klassekampens kulturredaksjon.

Svein Lund:

Klassekampen og kulturen

Avisa heiter «Klassekampen», med slagordet på første sida «Arbeidere og undertrykte i alle land forén dere!». Avisa har kvar dag to sider med kultur, og ein eigen kulturredaksjon. Vi må vel da og kunne rekne med at avisa har ein kulturpolitikk, fortrinnsvis ein politikk for korleis kulturen og kunsten skal tjene til å sameine arbeidarar og undertrykte i alle land, til å styrke arbeidarklassen i klassekampen.

Men når ein debattant i november startar å skrive innlegg der han stiller krav til kunsten, ja direkte kritiserer kunstnarar for å ikkje ta standpunkt i kunsten sin, da er det ikkje måte på til ramaskrik. Frå alle som har skreve etterpå, og ikkje minst ein av Klassekampen sine kulturjournalistar blir han hardt angrepe og bl.a. skulda for å vere maoist(!!!)
All ære til Magnar Mikkelsen som følger opp Klassekampen sitt gamle slagord: «Tør der andre teier». Som gjenreiser «Jenan-talene» der Mao spør: «Litteratur og kunst for kem?». Eit spørsmål både kunstnarar og kulturarbeidarar og ikkje minst Klassekampen sin kulturredaksjon med fordel kunne stilt seg oftare.

For spesielt kulturinteresserte?

For kem skriv så Klassekampen om kulturpolitikk? For arbeiderklassen, for kvinnene, for utkantbefolkninga, for småbrukarar og fiskarar, for samar og innvandrarar? Eller for spesielt kulturinteresserte intellektuelle i Oslo-gryta? No er ikkje biletet heilt eintydig, men det heller sterkt i retning av det siste.
Kem er så kunstnarar for Klassekampen? Jo. som i resten av pressa er det dei profesjonelle landskjendisane og dei internasjonale kjendisane.
Den svenske arbeidarforfattaren Ivar Lo-Johansson sa ein gong: «Alt det spennande finst i arbeidarklassen». For kulturlivet i Norge kan ein legge til at det aller meste av det spennande finst i distrikta. Men når det nokon gong til Klassekampen sine spalter? I såfall som eit reint tilfelle av gratisarbeid av ivrige lesarar.
Mesteparten av kulturarbeidet i Norge blir i beste fall oppdaga av lokalpressa. Dei tusener av lokale kulturarbeidarar er som regel amatørar. Men dei spelar ei enormt viktig rolle i lokalsamfunna sine, dei er ofte ein viktig del av kampen for å klore seg fast i den største delen av landet, den som regjeringa vil ha heilt avfolka. Nå kan sjølvsagt ikkje Klassekampen dekke alt dette, vere «lokalavis for heile landet», men hadde kulturredaksjonen på maoistisk vis stilt seg spørsmålet «For kem?», så hadde dei kanskje funne det verdt å skrive om korleis kulturen virkar i nokre lokalsamfunn.
Om AKP og Klassekampen hadde ønska å ha ein kulturpolitikk for heile det arbeidande folket, hadde ein kanskje prioritert på anna vis enn å sette denne bort til tre mannfolk på eit kontor i Oslo.

Ka slags krav til kunsten?

At ein skal stille krav til kunsten vil ikkje seie at alt skal vere direkte propaganda, at alle sangar skal vere typiske protestsangar. Det kan vere like viktig med kunst og kultur som gir undertrykte grupper tru på seg sjølve. Ei slik rolle spela f.eks. den nord-norske visebølga på 70-talet. l dag er dette ein viktig del av den samiske kunsten. Akkurat slik som bøllekurs for kvinner er ein viktig del av AKP sin kvinnepolitikk.

Her syns eg Magnar Mikkelsen skyt over mål i kritikken sin av Mari Boine Persen. Når ho seier ho har «lagt dei typiske protestsangane på hylla for ei stund» vil det ikkje seie at ho har slutta å bruke sangen politisk, at ho ikkje lenger velger side. Lytt bare til ein av sangane frå teaterstykket «Luohti gomuvuođa salas» — «En tone i uendelighetens favn». Den heiter «It sat duolmma mu» — «Jeg lar meg ikke lenger tråkke på», og teksten lyder i norsk omsetting:

Seilte over mange hav
begynner å finne tilbake nå
Prøvde å finne regnbuen
begynner å finne hjem
Mørke internat raser sammen
begynner å finne tilbake
Tunge lovbøker revncr
begynner å finne hjem nå
Du tråkker ikke mer på meg
— NEI!
Jeg lar meg ikke lenger tråkke på!

Eit framifrå eksempel på kunst som andre kunstnarar kan lære av, og som kulturredaksjonen i Klassekampen bør finne fram til meir av.


Til startsida

sveilund@online.no