Bokmelding i Klassekampen, 28.04.92

Ikkje kan dei våre joikar

Harald Gaski (red): Våja Våja Nana Nana. Samiske tekster. LNU/Cappelen

ikkje berre dei med bringe av jern
kjem til fjella våre
hit nord er komen ein horde
som lset stygge låtar
sprenger hjordene
drep siida-folket sine dyr
dei vørder ikkje
samanhengen med farne ættled
menneske utan odling er dei
dei eig ikkje kjensler
til å spele på hjartets strenger
ikkje kan dei våre joikar

Med dette diktet av Stig Gælok, omsett frå lulesamisk av Jon Eldar Einejord, får vi eit lite innblikk i korleis samane har sett på oss nordmenn, når vi har trengt lenger og lenger inn i landet deira.

Sjølv om fordommane og kunnskapsmangelen ikkje er like stor som for nokre år tilbake, er det enno mye dei fleste av oss manglar på å kunne sjå korleis historia og ikkje minst vi nordmenn ser ut sett frå samisk side.

Ei bok som kan gjøre mye for, å rette på det kom ut i vinter. Ho heiter "Våja våja nana nana", og er den første samlinga av samisk litteratur på norsk som går heilt frå den eldste litteraturen og opp til 1991. Boka er redigert av Harald Gaski, amanuensis i samisk litteratur ved Universitetet i Tromsø, og han har sjølv stått for ein stor del av omsettingane. I tillegg har han skreve ein presentasjon av kvar forfattar som plasserer dei i ein historisk og geografisk samanheng som gjør det lettare å få med seg innhaldet.

Dei eldste dikta er nedteikna i Lapponia frå 1673. Dei blei allereie på 16-1700-talet omsett til engelsk, tysk og fleire andre språk, men først i 1991 altså til norsk.

Boktittelen er ei joikestrofe frå Muitalus sámiid birra (Ei fortelling om samane), den første romanen på samisk, som Johan Turi skreiv i 1910. Boka kom dengongen ut parallellteksta på samisk og dansk, men er enno ikkje kome på norsk med unnatak av det korte utdraget som er med her. Etter ei kort oppbloming for samisk litteratur og organisasjonsarbeid i tida 1905-20 såg det ut til at fornorskingspolitikken skulle knekke begge delar for godt. Eit dikt av Peder Jalvi frå 1915, Haust-båra (Čakčabárru) har seinare blitt tolka som eit varsel om den istida som skulle komme:

i går var du enno livfull
da du leika inn mot stranda
i går song du enno ljuvleg
vent og vart om sommarkvelden

i dag er vatnet livlaust
ligg der utan vesle båra
isen ligg og skin som sølvet
som eit blåleg lokk på vatnet
- båra søv i vintersvevnen.

Etter Pedar Jalvi skulle vintersvevnen vare i meir enn 50 år. På denne tida blei det nesten ikkje trykt noko på samisk. Den første råka i isen kom i 1971 og nokre år etter kom ei diktbok som typisk nok nettopp hadde namnet Jieŋat vulget (Isen går). Da hadde den samiske litteraturen kome som isgangen i Deatnu (Tana) på våren.

Sjølv om det ikkje er så mange tusen som kan lese samisk litteratur på originalspråket, har ein god del blitt oversatt og hausta anerkjenning også utafor det samiske området. Det kom fram da Nils Aslak Valkeapää i fjor fikk nordisk litteraturpris for diktsamlinga Beaivi, Áhčážan (Solen, min far). Dikta hans er nær i slekt med den tradisjonelle samiske joiken. Ellers er fleire stilartar representerte, men dei tradisjonelle dikta med enderim finn vi ikkje på samisk. Den forma høver rett og slett til det samiske språket. Derimot har ein del av dei eldre dikta bokstavrim i originalen, men dette har ikkje vore mogleg å behalde i oversettinga.

Så mye har skjedd i samisk litteratur at det blir bare eit lite utval av forfattarar som kan komme med i ei bok på 200 sider. Og enno færre kan nemnas her. Eg vil nemne to kvinner som ved sida av det samiske perspektivet og skriv om kvinneundertrykking så det svir både her og der. Begge er frå finsk side, Rauni Magga Lukkari skriv dikt, fleire av diktsamlingane hennar fins på norsk. Kirsti Paltto er vel den mest produktive og allsidige av alle samiske forfattarar. Dei fleste av bøkene hennar er omsette til finsk, men svært lite til norsk. Her kjem for første gongen ei novelle frå samlinga Guovtteoaivvat nisu (Den tohoda kvinna).

Omsettingane er gjort delvis til (ny)norsk, delvis til bokmål. Jon Eldar Einejord og Jon Todal sine omsettingar til nynorsk kan stå som føredøme på gode og levande gjendiktingar, som samtidig er trufaste mot originalen. God er og Laila Stien, som skriv på bokmål, men brukar mye nordnorsk dialekt i replikkane. Harald Gaski sine omsettingar til bokmål virkar derimot av og til litt stive.

Med i boka er det både dikt, noveller og utdrag av romanar. Her er tre samiske forfattarar som skriv på norsk, elles er alt omsett frå nord-samisk, med unnatak av Stig Gælok sine dikt, som er skreve på lulesamisk. Finsk, svensk og norsk side er alle godt representert. Derimot er samane på russisk side heilt fråverande. Det samme er dei sørsamiske områda. Dette er den største innvendinga mi mot ei bok som gir seg ut for å gi eit fyldig bilete av samisk litteratur. Som dei nordiske folka har hatt lett for å oversjå den samiske kulturen, kan ofte nordsamane oversjå dei mindre dialektområda. Men vi får tru at Harald Gaski ikkje gir seg med dette, og at vi snart og får tilgang på bl.a. forfattarar som Oktobrina Voronova og Askold Bazanov frå Kola. Vi ser fram til bind 2.

SVEIN LUND


Til startsida

sveilund@online.no