Artikkel i Klassekampen, 18.02.1988

- Jazz og joik går bra

Sámiid Eatnan, sang heile Norge etter at Mathis Hætta vann Grand Prix. Nokre hugsar enno Deatnugátte Nuorat (Tanabreddens Ungdom) frå Norsktoppen på 70-talet, og dei siste åra har mange lagt merke til Mari Boine Persen. Men ellers er samisk musikk lite kjent utafor samisk område.

Kva er så samisk musikk? Kem er vel nærare å spørre enn leiar for Samisk Musikerforbund? Halvdan Nedrejord er eit namn du aldri finn på forsida av samiske plater, men svært ofte på baksida. Som musiker, som komponist eller som produsent. Han kjem frå Karasjok, og arbeider for tida ved Beaivváš Sámi Teater i Guovdageaidnu.

— Ka er samisk musikk, Halvdan?
— Ka er norsk musikk? spør han tilbake.
— I dag lagar samar musikk i mange stilartar, påvirka av finsk, svensk, norsk og anglo-amerikansk musikk. Ofte er det bare ein samisk tekst som blir sunge til som gjør at ein kan kalle det samisk. Men samtidig har vi ein samisk musikktradisjon som skiller seg klart ut, joiken. Joiken har ei heilt anna oppbygging enn den vestlige musikken, ein kan seie at han er horisontal mens den vestlige musikken er vertikal. Når eg komponerer forsøker eg å bygge på joiketradisjonen.

— Mange har forsøkt å kombinere samisk og vestlig musikk...
— Den vestlige musikken har lett for å bli dominerande, slik som hos Deatnugátte Nuorat som laga det eg kallar «joik i G-dur». Mari Boune Persen har f.eks. melodiar prega av amerikansk visesang og pop. Eg er ikkje mot noko av dette, men er opptatt av å finne musikkformer som tar vare på meir av det samiske. Vi skal ikkje isolere oss, og treng impulsar utafrå. Jazz er vel den vestlige musikkformen som har vist seg lettast å kombinere med joik, slik Nils Aslak Valkeapää har gjort. Årsaka til dette ligg i at jazzen bygger på improvisasjon, og i jazzen sine afrikanske røtter. Eg har fleire ganger vore med å kombinere joik og afrikansk musikk, og det virka flott. Mari Boine Persen forsøker nå å kombinere indiansk og samisk musikk. Da seier ho noko med musikken og, ikkje bare med teksten.

Eg vil grovt dele musikk inn i to typer, vestlig musikk og det eg kallar etnisk musikk, den folkelige musikken frå den 3. og 4. verda. Den etniske musikken har idag ein svært låg status både i musikkutdanninga og det offentlig musikklivet i vestlige institusjonar. Den etniske musikken var opphavelig ikkje ein musikk primært for kunstens del. Den formidla historia og lovane til stammen. Musikken blei brukt når ein skulle på jakt, til arbeid og til å få godt forhold til naturen og åndeverda. Musikken hadde ein mye større status i samfunnet enn i dag. Dette kjenner vi frå afrikansk og indiansk historie, og vi meiner det samme har vore i Sápmi. Men her er alt for mye av historia blitt øydelagt og brent. Misjonærane brende runebommene, nokre gonger blei noaidane og brend.

— Lever joiketradisjonen idag, eller blir det bare fortidslevningar på plate?
— Visst lever joiken, sjølv om han er gått tilbake mange stader. Bli med ein reindriftssiida på flytting så vil du høre. Joiken er fortsatt nært knytta til naturen og nærmiljøet, med at vi har naturjoik, dyrejoik, stadjoik og personjoik.

— Men har ikkje innføringa av moderne teknikk ødelagt for joiken?
— Både — og. Både elvebåtmotoren og snøscooteren har ein frekvens som er fin å lage joik til. Men den nye byggestilen er ikkje bra. Før var kjøkkenet hovudrommet der ein samlas, og der blei det joika. Nå byggas det små kjøkken, og ein kan ikkje joike i stua for der skal ein sjå TV.

— Men den gamle noaidetradisjonen og samiske religionen er forlengst borte?
— Sei ikkje det. Den lever vidare i det som vanligvis kallas overtru. Og det finst enno noaidar...

Når ein snakkar med Halvdan, kan ein rett som det er få heilt andre svar enn venta.
— Eg vil hevde at læstadianarane er med på å halde joiketradisjonen igang, sjølv om dei er mot joik. Når dei syng salmer skin det samiske gjennom i salmesangen. Fjernar du teksten er joiken igjen, sjølv om grunnkomposisjonen er f.eks. tysk.
At det virkelig går an, viser han med å synge «Gubben Noa» som «ein gamal same ville gjort det». Og det høras unektelig samisk ut, sjølv med norsk tekst.

- Joiken har dialektar, som språket har det. I Finnmark kan ein snakke om 3 hovuddialektar. Jo lenger mot aust, jo meir syngande blir joiken. Dette kan nok komme av at ein her tidligare hadde kulturell kontakt med andre folkeslag. Gouvdageaidnu-joiken er den som er mest særprega, minst syngande. I sørsamiske område ser vi ei blanding av sang og joik, eg trur dette heng saman men at ein her lenge har vore påvirka av norsk/svensk kultur. Austsamane (skoltesamane) har ein heilt særeigen form for joik med mange vers.

Samisk musikk er idag ikkje verdsett verken i skolen, media eller det offentlige musikklivet. Derfor har vi oppretta SAMUS - Samisk Musikerforbund, som både er yrkesorganisasjon og musikkpolitisk organisasjon, og har omlag 50 medlemmar i 3 land.

Idag finnes praktisk talt ingen utdanning i samisk musikk. Kor skal ein joikar kunne få opplæring idag? I alle fall ikkje i skolen, der er ingen som kan verken teori eller praksis. Det gjeld frå førskolen til musikk-konservatoriet. Ikkje hos distriktsmusikarane.

Fylkesmusikkleiaren i Finnmark hadde f.eks. ingen ting å tilby. Han vil bare ha nord-norsk symfoniorkester! Her fins inga forsking på samisk musikk, ingen teori.

— Verken i Norge eller Sverige har nokon fått statstilskot for å drive med samisk musikk. Bare på finsk side har styresmaktene synt litt forståing for samisk musikk, med at fleire samiske musikarar har vore tilsette som lenskunstnar. Men i Samekulturutvalet si innstilling ligg eit forslag om samisk musikerordning. Denne må dekke heile Sápmi uavhengig av landegrensene.

Halvdan var med i ein komite som laga fagplan for samisk musikkundervisning. Arbeidet var ferdig i 1985, og fortsatt ligg saka i departementet.
— Vi ville ikkje ha ein plan for undervisning i samisk musikk, men ei undervisning med utgangspunkt i denne, og med vekt på musikken til den 3. og 4. verda. Musikken må bli integrert i andre fag, For ei verd utan musikk er ei fattig verd.

SVEIN LUND I GUOVDAGEAIDNU


Til startsida

sveilund@online.no