Svein Lund
Rapport frå studiereise

TERMINOLOGIARBEID PÅ ISLAND - KA KAN VI LÆRE?

I tida 9.-14.10.93 har vi besøkt Island for å undersøke kordan dei arbeider med utvikling av terminologi. Bakgrunnen for reisa er at vi alle tre deltar i arbeidet med utvikling av samisk terminologi for mekaniske fag. På denne turen har vi har lært mye som kjem direkte til nytte i dette arbeidet. Vi vonar også at dei røynslene vi har med oss frå Island kan vere til nytte for anna arbeid med fagterminologi, i første rekke på samisk, men kanskje og på norsk. Derfor skriv vi denne rapporten på begge språk og sender til dei institusjonar som vi kan tenke oss kan dra nytte av han. Denne reisa blei mogleg gjennom ei løyving frå Letterstedska Fö reningen på 20000 SEK. Dette har dekka reise og opphold for Arne Johan Turi og Svein Lund. Sámi joatkkaskuvla ja boazodoalloskuvla har gitt permisjon med lønn og Sámi Instituhtta som har betalt utgiftene for Nils Øivind Helander.

Vi besøkte Islensk Málstöð (sekretariatet for Islensk málnefnd) der vi hadde ei lang samtale med leiaren for sekretariatet, professor i islandsk Baldur Jonsson. Ved Universitetet i Reykjaviki besøkte vi professor Einar Pálsson. Han er sivilingeniør i bygningsfag og har i mange år leia arbeid med terminologi både innafor bygg og anlegg og beslekta fag som geologi. Vi fikk vere tilstades under eit møte i den faste terminologigruppa for vann- og avløpsteknikk. Ved sida av dette fikk vi også tid å besøke Universitetsbiblioteket, Nordens Hus, Nasjonalmuseet, Thingvellir, Geysir og Gullfoss.

Islands språksituasjon og språkpolitikk

Island har omlag 260000 innbyggarar og er eit av dei ganske få eitspråklige land i verda. Men dette betyr ikkje at islandsk språk ikkje har vore eller er truga. Da Island i lag med Norge kom under Danmark på 1400-talet, blei dansk raskt administrasjonsspråket. Island fikk indre sjølvstyre i 1918 og blei heilt uavhengig av Danmark først i 1944. Mens dansk tidligare var det største trugsmålet mot islandsk, har engelsken overtatt i åra etter krigen. Dette har sjølvsagt samanheng med den auka utbeiinga av engelsk språk over neste heile verda, men i tillegg for Island kjem etableringa av den amerikanske flybasen på Keflavik, der mange tusen amerikanske soldatar har vore stasjonert i heile etterkrigstida. I dag har islendingane dansk som første og engelsk som andre framandspråk i skolen. Likevel traff vi knapt nokon som snakka dansk. Blant eldre folk er nok skandinavisk (vel så mye svensk og norsk som dansk) meir utbreidd enn engelsk, men blant yngre folk var hovudregelen at dei svarte oss på engelsk om vi snakka til dei på norsk. Der skilt på offentlige stader var merka på to språk, var det andre språket utan unnatak engelsk, men unnatak av Nordens Hus, som brukte fleire språk, men i første rekke svensk.

Det islandske språket er verna ved lov i langt større grad enn både det samiske og norske i Norge. Det er bl.a. ein lov som seier at alle bedrifter må ha islandske namn. Verken "Scandinavian Airlines System" eller "Sami Travel" ville blitt godtatt her. Namneloven godtar heller ikkje utanlandske namn. Her er ingen Kent, Roy, Charlotte og Cecilie.

Islensk málnefnd / Islensk málstøð

Hovudorganet for språkrøkt er Islensk málnefnd, med Islensk málstöð som sekretariat. Dette er oppretta på initiativ av regjeringa i 1964, og i 1984 vedtok Alltinget lov om islensk málnefnd. Først i 1985 fikk nemnda eige sekretariat. Dette kan langt på veg samanliknas med Samisk språkråd med sekretariatet i Guovdageaidnu. Begge dei to seretariata har 3 tilsette, og mens samisk språkråd har lokaler i på Samisk Høgskole, har islensk málstö ð lokale på Universitetet (Háskola Islands). I tillegg til dei fast tilsette er det folk som arbeider med kort- eller langvarige terminologiprosjekt. I sjølve nemnda sit det 15 personar, derav 5 i styret. Islansk Málstö ð er i første rekke ein språkrøktsinstitusjon. I tillegg til arbeid med ordbøker og terminologi svarar dei på spørsmål frå alle kantar, mest over telefon. I 1992 hadde dei registert 970 tilfelle av telefonrådgiving. I radioen er det to gonger i veka eit program som heiter "Daglegt mál". Etter Baldur Jonsson si meining burde språknemnda hatt hand om dette programmet, men det ville kravd fleire tilsette.

Korfor terminologiarbeid?

Motivasjonen for arbeidet er ønsket om å bevare språket. Om ein ikkje arbeider målbevisst med å utvikle språket, går det tapt. Ein skal kunne undervise på islandsk i alle fag på alle nivå, bruke islandsk på arbeidsplassane; verkstader, fabrikkar og forretningar. Dei grunnleggande faga må ha størst vekt. Språkforskarar meiner språket blir rikare av at ein har mange ord for det samme. Det gjeld nok på kjærleiken sitt område, men ikkje innafor teknikken. Der må målet vere: 1 ord for 1 omgrep, 1 omgrep for 1 ord.

Terminologigrupper

Det er no over 30 registrerte nemnder i gang som arbeider med terminologi på forskjellige område. Islensk málstöð har laga ei eiga bok med retningslinjer for slike nemnder; "Leiðbeiningar fyrir orðanefndir". (Denne boka fikk vi med oss og vi forsøker no å få ho omsett til samisk.) Termnemndene er stort sett ikkje stifta av språkrådet, men av foreningar på forskjellige fagområde, slik som legeforeninga, ingeniørforbundet osv.

Kordan lage ordlister?

Det fins ingen internasjonal standard for ordlister, og heller ingen absolutt islandsk standard. Ei termordliste kan ha: - definisjonar - forklaringar - kombinasjon av definisjonar og forklaringar - omsetting til eit eller fleire framande språk. I dei eksempla vi såg var det alltid med definisjonar og/eller forklaringar til dei fleste orda. Dei fortalte at ofte laga dei definisjonen først, for å ha denne til hjelp når dei skulle finne den beste termen. Kor mange framande språk dei hadde omsetting til kunne variere. Flyordlista var bare til engelsk, ettersom engelsk er heilt dominerande på dette området, og noko liknande ikkje er utvikla på andre nordiske språk. I vass- og avløpsteknikk brukte dei dansk, svensk, engelsk og tysk, mens geologilista hadde norsk i tillegg. Ei terminologiordbok kan vere lagt opp enten alfabetisk eller systematisk. Her er det ein tendens til at språkvitskapsfolk (lingvistar) held på det alfabetiske, mens fagfolk på området heller føretrekk systematisk oppbygging. Einar Pálsson sa at etter hans syn burde alle fagordbøker leggas opp systematisk, og dette prinsippet følgde dei i dei gruppene der han deltok. I arbeidet vårt med mekanisk terminologi har vi så langt brukt alfabetisk oppsett, men dette har klare veikskapar, og etter dette bør vi vurdere å bruke den systematiske metoden. Dette vil og lettare avsløre hol i lista vår og inkonsekvensar. Allereie da vi gikk ombord i flyet på Fornebu la vi merke til at alt på flyet var skreve på islandsk og engelsk, mens SAS brukar bare engelsk. Flytrafikk er da også eit av områda som har blitt prioritert når det gjeld terminologiarbeid. Vi fikk sjå ei bok som nylig har kome ut med flytekniske fagtermar. Boka inneheld 4000 termar. Det er interessant å sjå på kordan denne boka blei til. I 1985 prenta Islands største avis ein kronikk der dei synte den engelskprega sjargongen som flypersonell brukte. Dette førte straks til så heftige reaksjonar at Luftfartsverket fikk Samferdselsdepartementet til å sette ned ei terminologigruppe i samarbeid med Islandsk språknemnd. Ein redaktør blei tilsett i 1988 og arbeida med dette i over 4 år i lag med terminologigruppa som i alt hadde 120 møte á 2 timar. Da boka kom ut i haust blei dette feira med både Samferdselsministeren og undervisningsministeren tilstades. Dette seier ein del om kor stor vekt islendingane legg på dette arbeidet. Boka inneheld ein del nyvinningar for terminologiarbeid både innafor og utafor Island. Vi merka oss at dei under ein del oppslagsord hadde piler >, < og ! som viste til over- under- og sideordna omgrep.

Samarbeid fagfolk og språkfolk

Terminologiarbeid er eit møtepunkt mellom lingvistar på eine sida, og ymse slags fagfolk på andre sida. Dei to professorane vi møtte var representantar for kvar si side. Einar Pálsson understreka kor viktig det var at begge sider var med. I terminologiarbeid ligg hovudarbeidet på fagfolka, lingvistane er viktige hjelparar, men om dei skal kunne fylle jobben er det naudsynt at dei set seg inn i det fagområdet dei arbeider med terminologien til. Ofte når ein set seg som mål å dekke eit fagområde, syner det seg at ein må gå tilbake til grunnlaget, f.eks. for vegbygging måtte ein bygge på geoteknikk og før det igjen på geologi. I tekniske fag vil ein ofte måtte gå tilbake til matematikk og fysikk. Ein må studere fagspråket innafor dei grunnleggande områda og av og til og lage nye ord der. Størstedelen av arbeidet er å lage definisjonar.

Arbeidet i ei terminologigruppe

Vi var tilstades på eit av dei ukentlige møtene i terminologigruppa for vatn- og avløpsteknikk. Dei har møte i arbeidstida og får fri med lønn frå arbeidsgivarane sine til dette. Nokre er pensjonistar. Ingen budsjett for gruppa, ettersom dei ikkje har utgifter. Viktig med god stemning, kaffe og kaker. Kvar gong går dei gjennom 20-30 termar. Det er inga avrøysting, om det er eit ord dei er usikre på eller usamde om, får det ligge til neste gang. Med unnatak av språkeksperten Haldor Haldorsson er alle i gruppa ingeniørar. Dei har studert i forskjellige land, og har dermed tilsaman kjennskap til faguttrykk på mange språk. Eit ord med definisjon kan bli diskutert på mange møte, nokre gonger opptil 10. Arbeider no med miljøspørsmål innafor avløpsteknikk. Dei tar ikkje standpunkt til eit ord første gongen eit forslag er framme, ein treng tid å venne seg til det. Tar opp kritikk og spør om ein kan tenke seg alternativ. Forsøker å få eitt ord, ikkje ordsamansetning. Orda bør vere mest mogleg nøytrale, ikkje verdiladde. Islands ingeniørforening har arbeida med terminologi sidan 1949. Mange definisjonar kjem frå UNESCO. Elektroingeniørane har ei internasjonal samanslutning som har laga terminologi på 4 språk med definisjonar.

Frå ordliste til arbeidsliv

Nye ord går direkte til lærarar og studentar ved ingeniørutdanninga. Nyutdanna ingeniørar tar orda med seg ut i arbeidslivet, men eldre ingeniørar held ofte på dei gamle orda eller utanlandske låneord. Lærebøkene i ingeniørutdanninga er stort sett på utanlandske språk, men all undervisninga på islandsk. Eksempel på islandske ord istaden for framandord;
NORSK SAMISK ISLANDSK
telefon telefuvdna simi
katalog kataloga skrá
bilett bileahtta farseðill
kontor, byrå kántuvra skrifstofa
term tearpma iðorð
vulkan ? eldfjall
energi energiija, árja orka
sykkel sihkkel, syhkkel reiðhjol
maskin mašiidna vel
elektrisitet,  strøm elrávdnji rafmagn
mekaniker mekanihkkár velfræðingur
museum musea,vuorka-davvirat safn

Lærdommar for arbeidet med samisk og norsk språk

Utgangspunktet for reisa vår var arbeidet vårt med samisk språk, men vi trur at mye av røynslene frå Island og kan vere til nytte for arbeidet for norsk språk. Derfor har vi tatt dette med i nokre av forslaga våre:

Generell språkpolitikk:

1. Haldningskampanje for reinare språk og mindre framandord.
2. Påbod om bedriftsnamn på samisk/ norsk, eller i alle fall ei holdningskampanje.
3. Fast ukentlig språkprogram i Sámi Radio / NRK

Terminologiarbeid

1. Å skrive ordlister med systematisk oppbygging, og sjølvsagt alfabetisk register.
2. Å lage eit hefte tilsvarande "Leiðbeiningar fyrir orðanefndir". (Samisk språkråd?)
3. Samisk språkråd kan ta initiativ til oppretting av ordnemnder på forskjellige område.
4. Når ein skal lage nye ord bør ein starte med omgrepet og skrive definisjon før ein avgjør ka termen skal vere.
5. Fagfolk bør vere hovudtyngda i arbeidet. Språkfolk er bare hjelparar, og dei må sette seg inn i fagområdet.

Samisk terminologi i mekaniske fag

For det konkrete arbeidet vi driver med vil vi etter dette ta opp arbeidsmåten vår til vurdering før vi går vidare, bl.a. vurdere om vi skal gjennomføre disse endringane:
1. I staden for ei stor og geografisk spreidd referansegruppe som møtas sjeldan, gå over til ei mindre gruppe der alle bur på samme stad og kan møtas f.eks. 2 timar annakvar veke.
2. Systematisk i staden for alfabetisk oppsetting av ordlista. Først legge vekt på dei generelle omgrepa.
3. Få tak i internasjonale ordlister med definisjonar, bl.a. frå Unesco.
4. Bruke piler med tilvisingar til over-, under- og sideordna termar.


Til startsida.

Skriv brev sveilund@online.no