Reportasje i Klassekampen,

Svein Lund:

«De må ikkje snakke samisk — Gud forstår ikkje samisk»

Klassekampens utsendte medarbeider, Karesuando:

Samisk kultur er mykje meir enn joik, skinnarbeid, horn og beinsløyd. På Davvi Šuvva — den største kulturfestivalen for urbefolkningar som nokon gong har vore — syner samane kulturen sin i heile si breidde. Både geografisk og i dei mange forskjellige uttrykksformene.

Nils Utsi ga i einmannsketsjar ei kort framstilling av samisk historie, og Nils Utsi på sitt beste er eit heilt teater aleine. Han kjem joikande bortover scenen; plutselig snublar han og gjer kolbette; snur seg: «Aha — det er grensa mellom Noreg og Finland». Så snublar han i grensa mellom Sverige og Finland før han spelar misjonær som kjem til samane og seier: «De må ikkje snakke samisk — Gud forstår ikkje samisk». Deretter er han handelsmann som sel brennvin og forskjellige andre inntrengarar. Så syner han korleis samane sitt område skrumpar meir og meir inn — tilslutt sitt han sjølv tvikrokete og har ingan plass til å røre på seg. Då les han desse orda som ein gamal indianerhøvding sa: «Dei har gitt oss mange løfter, fleire enn eg kan hugse. Men dei har holdt eitt: Dei lova å ta landet vårt — og dei tok det.» Så spring han plutselig opp, slår ut med armane og ropar: «Likkadekket!» (reis dykk!)

DEN 15. HØVDINGEN AV I DAG

Jokkmokk samisk teatergruppe hadde laga eit heilt teaterstykke med utgangspunkt i boka «Den femtonde hövdingen». Boka fortel frå Svensk Lappland på 1600-talet der svenskane hadde drept 14 av dei 15 samiske høvdingane. Den 15. skulle da ta opp arven og føre kampen vidare. Bodskapen var at i dag må kvar og ein same vere den 15. høvdingen.

Ein pantomime synte korleis samane hadde blitt undertrykt da svenskane fann naturrikdommar i landet deira. Det var sketsj om bjømejakt og songar på samisk og svensk. Ein av dei siste handla om fraflytting og sentralisering i dag. Den slutta med: «Nu sitter du har och minns — men vi hoppas du får vara med en gang når Sameland skal bli vårt.»

SAMISK TEATER?

Det vi fekk sjå i Karesuando syner at det er eit godt kunstnarisk grunnlag for eit fellessamisk teater. Vi veit at ein del fleir er interessert. I fleire år har det vore planar om å starte eit slikt teater, men det står bare på ein ting: Styresmaktene i Norge, Sverige og Finland vil ikkje løyve dei pengane som trengs.


Til startsida

sveilund@online.no