Artikkel i Klassekampen, 22.02.1988

HISTORIEFORTELJAR I TRE

— Dette er min måte å fortelje til dei unge: Slik levde vi, slik var det før i tida. Å bringe historia vidare.

Av SVEIN LUND

Det er ei stillferdig programerklæring han kjem med, treskjæraren Henry Olsen frå Russenes i Porsanger i Finnmark. Så er han heller ikkje vant til å få kunsten sin utstilt i store utstillingshallar. I omlag 35 år har han skore ut figurar i tre, men først nå når han er 74 år, har det blitt laga ei utstilling av nokre av verka hans. Det er Samiske Samlinger i Karasjok som står for det, og utstillinga går nå rundt i Finnmark.

Henry Olsen, Russenes 1988
(Foto: Svein Lund)
Frå Henry Olsen si utstilling i Lakselv
(Foto: Svein Lund)

Vi var og såg på utstillinga på biblioteket i Lakselv, der ho var i samband med Kulturveka i Porsanger.

«Folk uten fortid» helter ei bok om samane på kysten av Vest-Finnmark, og mye av den er henta frå området rundt der Henry Olsen bur.

— Under krigen så forsvant jo alt. I dag har vi ingen ting vi kan ta i handa og vise til dei unge og seie: Dette hørte til mor eller far. Her fins heller ikkje noko museum på kysten. Da må vi minst til Karasjok (135 km). Det har vore snakk om å lage eit sjøsamisk museum, men det har ikkje blitt noko av det. Her var ein mann som hadde greidd å samle nokre gamle ting, men så brann huset hans, og alt gikk med.

— Ser du dei her figurane. Henry peikar på ein mann og ei kone som ser riktig gamle og tvikrokate ut.
— Dei er ikkje så gamle. Det er fattigdom og slit som har gjort dei gamle. Ja, det er eit under at folk klarte seg.

Dei ytre delene av Porsangerfjorden har vore hardt ramma av fornorskingspolitikken, og mange samar har forsøkt å bli norske og nekte for bakgrunnen sin. Ein av dei få i Olderfjorden som heile tida har sagt «Eg er same», er Henry Olsen.

— Da eg byrja på skolen kunne eg bare samisk. Men læraren snakka bare norsk. Her ser du han, seier Henry Olsen og peikar i katalogen på ein av figurane; «En skolelærer fra den gamle tiden».
— Men nå er det bare vi gamlingane som snakkar samisk her i bygda. Dei yngre forstår nok, men dei snakkar ikkje sjølv, så da dør det ut.

Det var flyttsamar Henry Olsen skar først. Men seinare fann han ut at det var viktigare å få fram sjøsamane si gløymde historie.
— Det er for mye tautrekking mellom sjøsamar og flyttsamar om beiteområde og andre rettar. Mi oppfatning er at det er ikkje store forskjellen. Vi er av samme folket.

Flyttsame og sjøsame. Treskjæring av Henry Olsen
(Foto: Svein Lund)
"En skolelærer fra den gamle tiden" (Olav Reiersen, Smørfjord skole). Treskjæring av Henry Olsen
(Foto: Svein Lund)

— Kor mye har du laga gjennom tidene ?
— Det har eg ikkje tal på. Hadde eg fått samla alle trefigurane hadde det blitt ein bra bataljon. Og så har eg laga nokre sameknivar. Eg veit ikkje, kanskje tusen. Og så nokre maleri.

7 av maleria hans er med på utstillinga. Her er ikkje noko abstrakt, det er naturtru blilete i sterke farger, mest naturbilete frå Finnmark.

— Men her har du eit frå Lofoten?
— Ja, «En stormdag på Vestfjorden». Eg var ein sesong på Lofoten da eg var ung. Da eg mala dette tenkte eg på oldefar min som omkom under fiske på Vestfjorden.

Skarvberget i Porsanger. Maleri av Henry Olsen
(Foto: Svein Lund)
"En stormdag på Vestfjorden". Maleri av Henry Olsen
(Foto: Svein Lund)


— Kor har du lært deg å skjære og male, har du gått i lære hos nokon?
— Nei, det er visst han der oppe som har lært meg, seier Henry lurt og smiler mens han peikar oppover.
— Her er ingen andre i bygda som har dreve med slikt det eg veit.

Derimot har han gått i lære som smed og sveisar. Første arbeidsplassen var fiskebåten, men så blei det arbeid å få på anlegg, og Henry blei borsmed. — Det var ikkje mye tekniske vidundermiddel på anleggan i den tida, som han seier.
— Det var gjennom smiinga eg fann ut at eg skulle prøve meg på kunsten. Seinare bar det til Sverige på sveisekurs, og så i Statens Vegvesen i 35 år, dei siste åra som maskinist.
— Og sidan har eg gått og spekulert og laga litt kunst...

Treskjæring kan vere tungt, og i ein alder av 74 har Henry begynt å trappe ned. Nå blir han helst å satse på maling framover. Men ein ting skal han skjære før han legg kniven på hylla. Det er Johan Kaven, den mest kjente trollmann eller noaide som har levd i Porsanger og i vid omkrets.

Henry Olsen er eit reint oppkomme av historier både om Johan Kåven og anna frå Porsanger før i tida. Dei får vi ikkje plass til her. Men unn deg ein kveld med Richard Bergh si samling «Tru og trolldom». Der står det ved mange historier: «Fortalt av Henry Olsen».


Til startsida

sveilund@online.no