Naturbarn på firehjulssykkel

Dansen til dei som ikkje dansar, songen til dei som ikkje syng, talen til den tause, teateret til dei som verken spelar eller ser teater. Dette forsøker Beaivváš Sámi Teahter å formidle med sitt siste stykke. Og dei klarer det!

•TEATER

Anmeldt av Svein Lund, Guovdageaidnu
Klassekampen, 19.10.1998

Kulturhuset i Guovdageaidnu
Duste dievddu!
Regi: Alex Scherpf
Manus: Inger M. Olsen m.fl
Scenografi: Bernt M. Bongo
Musiker: Egil Keskitalo
Med: Anitta Suikkari, Irene Länsman, Sára M. Oskal, Egil Keskitalo og Svein B. Olsen

I løpet av ei knapp veke har eg hatt gleda av å sjå to teaterforestillingar. Dei blei vist i kvar sin kant av landet og er skrivne med over hundre års mellomrom, blei sett av eit temmeleg forskjellig teaterpublikum og framført i svært forskjellige lokale. Likevel er det ein klar parallell mellom Ibsens Rosmersholm i ærverdige Nationalteateret og Beaivváš Sámi Teahter sitt nye stykke Duste dievddu! på kulturhuset i Guovdageaidnu. For Beaivváš har tatt opp Ibsen si parole om at teateret skal sette problem under debatt. Som Ibsen stikk dei handa i kvefsebolet og brukar scenen til å seie ting ein elles knapt kan seie høgt i samtida.

«Ta i mot mannen»

Tittelen Duste dievddu! tyder noko slikt som «Ta imot mannen!». Og det kan ein jo forstå på ymse vis. «En uhøgtideleg scenisk avhandling om samiske menn», kallar dei sjølv førestillinga. Og kven kan lage slikt: jo dei som kjenner menn best, nemleg kvinner. Det er da også kvinner som har skrive mesteparten av teksten, og dei har spurt seg for hos andre kvinner om korleis dei opplever den samiske mannen. Blant fleire forfattarar finn vi Inger Margrete Olsen, som har ført omlag halve førestillinga i penna. Ho er ei av dei som har bidratt mest til utviklinga av moderne samisk dramatikk. Tidlegare har ho skrive for Beaivváš stykke frå skoltesamisk historie og aktuelle spørsmål som kvinnemishandling og homofili.

Vi møter mannen i det han blir født og kjem krabbande fram iført bleie, kyse og lasso, i Svein Birger Olsen sin skapnad. (Bare denne scenen er god nok grunn til å gå og sjå stykket!) Det trengst inga jordmor, for guten hankar sjølv inn lassoen som og er navlestreng og mora hyler til idet han røskar strengen laus frå ho. Den nyfødde har fått med seg ein smokk i snor rundt halsen, men han synest ikkje å vere noko å satse på. Guten finn snart ein sneip på bakken, og med han i munnen blir han fort nøgd.

Også seinare får vi sjå kor vanskeleg det kan vere å rive seg laus. No skiftar kjønna på rollene; i all hovudsak spelar kvinner mannsroller og menn kvinneroller, noko som gjør det lettare å trekke fram sider ved mannen og ved kvinna som best observerast utafrå.

Film og teater

Mors gut skal på fest og er etter eiga oppfatning pynta og klar, men mor og søster er av anna meining. For det skal vere kvitt og ikkje raudt tørkle til kofta, søljene på beltet må pussast og det hjelper ikkje kva han protesterer. Beltet må av, og ut fell ei flaske som i alle fall heimepublikummet raskt drar kjensel på; ei halvliters Colaflaske med fargelaus væske på, ein vare ungdommen oftast stiftar kjennskap med fleire år før dei slepp inn på meir offisielle pol.

Kulissane består mest av dekk til firehjulsmotorsykkel og gjerderullar for reingjerde. Ei vifteforma kvit gardin over scenen brukas og som filmlerret, og mens gutane sit og køyrer med ølboksar og hagle, ser vi vegen på lerretet, fortare og fortare til... Fleire filmklipp blir presenterte; da med dei same skodespelarane i dei same rollene, men plassert ute i bygda, i omgjevnader ein ikkje så lett kan få med inn på ein scene. Slik nyttar ein både teater og film på ein gong på ein fiks måte som i alle fall ikkje eg har sett før.

Trekløveret av damer (Såra Margrete Oskal, Irene Lånsman og Anitta Suikkari) som spelar menn har tydeleg studert dei inngåande, noko som kjem fram både i rørsler og talemåtar. Men kva snakkar så desse mennene om? Kvinnfolk sjølvsagt — om dei dei har, eller dei dei drøymer om. Eller om den viktigaste av dei alle - ho mor. Den samiske kvinna har blitt fornorska, meiner dei, blitt som ei rivgu (ikkje-samisk kvinne). Ho har fått høg utdanning og god jobb og finn seg ikkje lenger i å gjøre alt husarbeidet. Mens mannen, han har blitt ein tiggar, både i sin eigen heim og overfor staten.

Dei ulike scenane både heng saman og gjør det ikkje. I forma er det ein slags kabaret eller revy, men med ein klar raud tråd; å skildre mannen si rolle eit tradisjonelt samisk samfunn i modernisering, omstilling og oppløysing. Med moderniseringa av reindrifta frå slutten av 70-talet blei kvinnene pressa ut av sjølve næringa. Dei tok seg lønnsarbeid og utdanning og klarte seg oftast godt. Livet på vidda blei eit liv for menn. Heimen tok mor eller kjerringa seg av. Så på 90-talet er det menn sin tur til å vere til overs. Dei skal pressast ut av reindrifta, men har lite eller ingenting å gå til. I traktorstøvlar og Yamaha-jakke elskar dei naturen - sett frå firehjulssykkel.

Turne

Skulle vi ønska oss noko meir? Det måtte vore eit teksthefte. Det er grenser for kor mye ein kan få med seg og hugse og mykje av dette er verd å ta vare på. Dei fleste tekstane finst allereie både på samisk og norsk, og for dei som ikkje forstår så mye samisk, hadde det vore godt å få med seg eit hefte med norsk omsetting. Sjølv om det meste foregår på samisk, bør det ikkje skremme folk frå å gå på forestillinga. Som sceneshow er det verd å sjå også for dei som ikkje får med så mye av teksten.

Og mens vi sit igjen med ettertanken, legg Beaivváš ut på turne. 18 stader i Finnmark, Troms, Nord-Sverige og Nord-Finland får besøk av dei neste månaden. Og hadde du likt å sjå dei lenger sør, så ta kontakt med din næraste stortingspolitikar. For heller ikkje på neste års budsjett vil regjeringa gi Beaivváš Sámi Teahter pengar så dei kan turnere meir.

_________________________________________________________

Fleire artiklar om kultur
Til startsida

sveilund@online.no