Artikkel i Klassekampen, juli 1989

Svein Lund:

Davvi Šuvva: Kulturen vår kan ingen kue

KLASSEKAMPENS UTSENDE MEDARBEIDAR - KARESUANDO

— Dette er ein festdag for oss. Dette er ein merkedag for samarbeidet mellom urfolka. Davvi Šuvva-festlvalen har byrja.
Med desse orda opna Oula Näkkäläjärvi den største kulturfestivalen for urbefokningar rundt om i verda som nokon gong har vore.

Og festdagar og merkedagar blei det i Gárasavvun (Karesuando) 22.-27.juni. Dei omlag 160 artistane var inuitar frå Kalatdlit Nunat (Grønland), indianarar frå Kanada, Peru og Khollasuyu (Bolivia), komier frå Komirepublikken i Sovjet og ikkje minst samar frå finsk, svensk og norsk del av Sámiæna.

Om artistane var frå mange nasjonar, var publikum enno meir mangfaldig. Her var folk frå Italia, Belgia, Singapore, afro-amerikanarar og mange andre nasjonalitetar. Men samane utgjorde nok den største gruppa blant publikum, noko arrangørane sa seg særlig glade for. For, som formannen i arrangementskomiteen, Kalle Mannela, sa: - Det er jo i første rekke for vårt eige folk vi arrangerer dette.

Med så mange språk svirrande i lufta var det ikkje alltid like lett å forstå kvarandre. Men på konsertane og presentasjonane blei det meste tolka til samisk, finsk, svensk og engelsk, og tolkane gjorde ein god jobb.

Arrangørane av Davvi Šuvva-festlvalen, Gárasavvona sámisearvi og Johti Sápmelažžaid searvi, må ha lagt ned eit kjempearbeid for å få han til. Ein har streva for å få urbefolkningar frå heile verda, men økonomiske, praktiske og politiske problem hindra mange av dei, så som aboriginear (Australia), palestinarar, tibetanarar og Aino-folk (Japan). For indianarar i Sør-Amerika er det vanskelig å få løyve til å reise ut, og om dei får det kan dei ofte ikkje vende tilbake av fare for å bli arrestert, torturert eller myrda. Dei søramerikanske indianarane som var tilstades var derfor mest folk som lever i eksil i Europa.

Davvi Šuvva (samisk for «sus i nord») synte at kulturen til urbefolkningane har holdt stand mot ei langvarig undertrykking, som fleire stader har tatt form av reint folkemord. Idag er denne kulturen mange stader inne i eit nytt oppsving. Ein går tilbake dei dei gamle tradisjonane, samtidig som ein utviklar nye former.

Festivalen spente over omtrent alle slags kulturaktivitetar. Her var joik. sang, musikk, dans, teater, samisk og indiansk biletkunst, samisk sløyd og husflid (duodji). fotoutstilling og eigne barneforestillingar. I tillegg var det presentasjon av dei forskjellige folkegruppene der dei fortalte om levevilkåra sine, om kulturen, om korleis dei har blitt undertrykte og korleis dei har kjempa mot undertrykkinga.

Med utgangspunkt i Davvi Šuvva-festivalen kunne ein sikkert ha skrivi ei bok eller tre. Det kjem nok ikkje vi til å gjøre, men vi kjem tilbake med meir stoff i Klassekampen og i neste nummer av Sámiid-Hilat. Så følg med og abonner på begge avisene, om du ikkje alt har gjort det.


Neste reportasje frå Davvi Šuvva
Til startsida

sveilund@online.no