Artikkel sendt Klassekampen 1987, nekta inntatt av kulturredaktøren.

Cornelis - synger på siste verset?

Det går tilbake med dei gamle gudane. Og Cornelis Vreeswijk sitt forsøk på corne-back med Norges-turne kan knapt ha vore nokon suksess.

Av Svein Lund, VADSØ

Forventningane var store da Cornelis nylig gjesta Vadsø. Da vi kom og skulle ha billett til Warehouse på Vadsø hotell var det bare ståplassar igjen, men folk trengte på og sto som sild i tønnne.

Men stemninga sank raskt da vårt gamle idol kam på scenen. Cornelis syntes ikkje å ha kome av flekken sidan seksuell frigjøring var radikalt ein gang på 60-talet. Store deler av publikum syntes det var heller flaut, og da han byrja å fleipe om incest var det tendenser til piping. Bedre blei det ikkje da han byrja å gulpe opp sitt hat til kvinnerørsla.

-Vem sager att det inte går ar att va kamrat med en kvinna? - Ju, feministerna!

Vi venta forgjeves på mange av dei gamle songane med Cornelis. 3x15 minutter varte konserten, men da han var ferdig, var det nok ikkje så mange som ønska seg meir. Maken til forakt for publikum har vi sjelden eller aldri sett. Da har tok pause, var det ei som sprang etter han og ropte: - Cornelis! Men svaret var bare: Tag bort den där jävla apan!

"At det går an å vere så full og spele!", var ein vanlig kommentar blant publikum. Men så gikk det da heller ikkje så veldig an, for tekstane gikk i spinn og den beste opptreden hadde kanskje ei av tilhørarane som bare hadde fått plass i trappa, og som etter siste økta med Cornelis sang høgt og tydelig ein av dei kjente sangane hans, som forståelig nok ikkje var med i denne forestillinga:
- Det fins ett sarskilt slags edelt vin, som man skal dricka forsikting. For om man dricker det utan stans, forlorar det sin forna glans, och man får kvar en tom flaska. Och bitra tårar och aska.

Men etterpå kom jazzgruppa Noor (Fylkesmusikarane i Finnmark) og berga kvelden, så vi ikkje hadde betalt 60 kr. heilt fånyttes.


Til startsida

sveilund@online.no