Innlegg i Klassekampen 20.12.2008. Det har ikkje kome noko svar, verken frå avisa eller frå andre.

Årets beste bøker?

I Klassekampen 13.12.2008 kan vi lese: "Bokmagasinet ringer jula inn med en oversikt over årets beste bøker så langt." Like under blir det gjentatt - dette er utdrag av bokmeldingar "av de beste bøkene".

Det er 47 bøker som er utvald som dei beste. Kva kriterier utvalet bygger på eller kven som har avgjort at desse er dei beste er ikkje opplyst. Det er sikkert mye bra i desse bøkene, men korleis kan ein seie at desse er betre enn dei som ikkje er med her?

Eg har forsøkt å finne ut om det er noko felles kjenneteikn ved desse bøkene. Så vidt eg kan sjå er det tre:
1. Alle bøkene er skrive på norsk.
2. Nesten alle er skrive av etniske nordmenn.
3. Alle bøkene er utgitt på forlag i Oslo.

Derav kan vi trekke følgjande konklusjonar:
1. Bøker på norsk er viktigare og bedre enn bøker på andre språk.
2. Nordmenn skriv bedre bøker enn forfattarar av anna etnisk bakgrunn.
3. Bøker frå forlag i Oslo er dei einaste som er gode.

Eg veit ikkje kor mange forlag det er i Noreg, men eg veit at det er ei stor mengde - spreidd over heile landet. I Finnmark har vi i alle fall 5, trulig noko fleire, og da er det vel ein del i andre fylke og?

Sjølv har eg i løpet av året forsøkt å bidra til Bokmagasinet med litt geografisk balanse. Ein gong har eg til og med skrive ei bokmelding og til sist fått denne på prent. Eg lurar på kva kriterier som er brukt når denne boka ikkje er funne verdig til ein plass blant dei 47 beste. Forsøk på å få Klassekampen å omtale andre bøker som er gitt ut nordpå har så langt ikkje ført fram. No forstår eg at det kan vi bare gi opp. Det er bare Oslo-litteraturen som teller og slik skal der vere, for der bur dei viktige journalistane, dei viktige bokmeldarane og dei viktige lesarane.

Svein Lund
forfattar og lesar av dårlige bøker
sveilund@online.no


Til hovudsida.