Artikkel i Klassekampen, 02.01.87

Samiske barnesongar

KASSETT
Ánte Mikkel Gaup, Mari Boine Persen, Anders Porsanger:
«Min máilmmi»
Iđut

I desse dagar sendas det ut på marknaden noko så sjelden som ein kassett med samiske barnesongar. Det som er enno sjeldnare er at musikken absolutt er verd å høre på for vaksne og, enten vi forstår samisk eller ikkje. Noko liknande har aldri vore laga før, og kassetten vil utan tvil bidra til å fylle eit enormt behov samiske ungar har for tilgang på songar på deira eige språk.

Namnet på kassetten er «Min máilmmi» eller fritt oversatt: «Her hos oss».

Det er tre kjende namn innafor samisk musikkliv som har gått saman om denne produksjonen; Mari Boine Persen frå Porsanger, Ánte Mikkel Gaup frå Guovdageaidnu og Anders Porsanger frå Deatnu. Dei framfører kvar sine sangar og joikar, og det meste er sjølvlaga.

Ánte Mikkel Gaup framfører 4 tradisjonelle og sjølvlaga joikar. For det meste er det naturjoikar som beskriv dyr og landskap; I «Vielppis» - kvalpen - treng ein så visst ikkje forstå teksen for å høre ka det handlar om. Ellers joikar han både eldre og meir moderne framkomstmiddel som kjørerein («Muzetčuoivvat») og terrengmotorsykkel («Meahccesihkkelat»).

Anders Porsanger står for dei mest typiske barnesangane, både i tekst og melodi. Fleire av disse har i årevis vore spela i Sameradioen sin ønskekonsert, men aldri før vore på plate. Han har livlige melodiar og morosame tekstar som «Áddjá gohkke máli» om gubben som skulle koke suppe til kjerringa og blanda i både kaffe og parafin.

Den mest kjente artisten på Min Máilmmis er vel Mari Boine Persen, som for eit knapt år sidan debuterte med plata «Jaskatvuođa maŋŋá» — Etter stillheten. Her syng ho 4 sjølvlaga songar. 2 av dei knytta til miljøet rundt Porsangerf jorden; om sjøfugl og sau. Slik bidrar denne kassetten til å få fram det samiske miljøet på kysten. Bare det å synge del samiske namna på sjøfuglane er eit viktig bidrag til at ikkje denne delen av språket dør ut. Frå Porsanger er og den einaste gamle sangen på plata. «Eadni vuohttu mana» — Mor voggar ungen - er laga av Nanna Persen i 1927, og har aldri før vore kjent utafor familien. «Iđut» helter forlaget som har gitt ut kassetten, og dette er det aller første dei gjør. Namnet tyder «spirer», og det skal spire meir ut frå Iđut framover. I løpet av -87 vil det i alle fall komme ein ny LP med Mari Boine Persen, ein med Anders Porsanger og ein med fleire artistar.

Distribusjonssystemet til Idut er nok enno ikkje ferdig utbygd over heile landete, så det sikraste er nok å skrive. Med fare for å erte på oss eit Postverk som er svært så glad i å fornorske samiske namn, gjengir vi her rett adresse:
Iđut
Ikkaldas
9710 Billávuotna

SVEIN LUND


Til startsida

sveilund@online.no