Reportasje i Klassekampen, 01.08.1986

Afro-joik og fotballtriumf

Guovdašuvva — den samiske kulturfestivalen i Guovdageaidnu blei en sterk markering av mangfoldet i samisk kultur og av samholdet mellom samane i Norge, Sverige og Finland. Det er første gang ein slik festival er arrangert med nær sagt alle former for samiske kulturaktivitetar.

Tekst og foto: SVEIN LUND, GUOVDAGEAIDNU

Her var joik og musikk, teater, biletkunst og litteratur. Målet med festivalen var å kombinere framsyning for publikum med å skape eit miljø for kunstnarar og kulturarbeidarar å lære av kvarandre og saman utvikle samisk kultur vidare.

Over alle grenser

Høgdepunktet i festivalen kom alt første kvelden med ein konsert som sprengte alle grenser både musikalsk og geografisk. Den svenske gruppa Bolon Bata spela afrikanske musikk mens Ingor Ántte Áilu Gaup joika og Henrik Wozniacki frå Polen spela fløyte og trompet. Joik og afrikansk musikk har det til felles at dei ikkje går overens med vestlig musikk og instrument som piano. Derimot meinte desse musikarane at det skulle gå an å kombinere disse to musikkformene. Og det gjorde det! Sjølv om del færraste frå før hadde hørt strengeinstrument som dozo n'koni eller guinbri eller rytmeinstrument som karqab eller naryniya, var det ingen tvil om at dei traff publikum heime. Kombinert med meir kjente instrument som trommer, saksofon, trompet og fløyter danna det ein sjeldan kombinasjon med tradisjonelle Guovdageaidnu-joikar, men du verda for ein musikk. Særlig da Marianne N'lemvo Matziona og Áilo Gaup veksla på afrikansk sang og joik.

Bolon Bata kjem av namnet på eit afrikansk instrument, og gruppa har henta mesteparten av musikken sin frå Mali og Marokko, der Krister Boten i fleire år har gått i lære hos tradisjonelle musikarar. Musikken frå Marokko var ikkje det vi vanligvis forbind med landet; arabisk eller berbisk, men musikken til ætlingar av svarte slavar som var blitt ført til Marokko frå landa sør om Sahara.

Henrik Wozniacki fikk vi og høre aleine. Men hadde vi ikkje sett det ville vi ikkje trudd ein kunne gjøre det aleine, med ei behandling av pianoet ein skulle tru det krevas minst 4 hender til, og eit fløytespel... ja, over alle grenser.

Joika katta

Resten av konserten var via til samisk musikk, av alle slag. Den tradisjonelle joiken var representert ved Jusse Guttorm frå Vuovdeguoika på finsk side, og Ole Gaino og Ánte Mihkkal Gaup frå Guovageaidnu. Ánte Mihkkal gjorde stor suksess med å joike fleire av artistane og konferansieren Sverre Porsanger. Johan Andersen frå Unjárga (Nesseby) er ein av dei få som holder oppe joiketradisjonen i Varangerområdet, og fikk humøret opp med å joike katta, der teksten for det meste var mjau-mjau i forskjellige versjonar.

Visesangarane Ann Jorid Henriksen og Amund Johnskareng sang, begge til akkompagnement av Halvdan Nedrejord og Roger Ludviksen. Dei er begge knytta til teateret Beaivváš i Guovdageaidnu, og tidligare har del gitt ut plata «Guovssahas» i lag. Frå denne plata sang Ann Jorid Njurgo njuvččažat (Sangsvanene), noko av det finaste vi har hørt. Mens Ann Jorid sang meir romantiske sangar, har Amund ein kvikkare stil og meir politiske tekstar.

Ein vi er nøydd å trekke fram er Halvdan Nedrejord, sjølv om han gjerne gjømmer seg i skyggen bak pianoet. Han er kanskje den mest allsidige av samiske musikarar, ved sida av å komponere spelar han med om det er viser, rock, gamaldans eller kyrkjemusikk, og har hatt ein finger med i ei rekke samiske plateproduksjonar.

Mari Boine Persen var også her, som førebels avrunding av el hektisk turnering etter Finnmarkskysten, Roskilde, Trolltampen og Midnattsrocken i Lakselv. To dagar på rad var ho i elden og traff utan tvil folk heime med sine tekstar om kampen for å frigjøre seg frå fornorskingspresset og den mindreverdskjensla storsamfunnet har gitt samane. Med stor kraft syng ho ut i Oktavuohta: Gløm ikkje at samhold alltid har vore og framleis er den største styrken vår. Har du ikkje fått sjansen til å høre ho på konsert, så fins det enno ein sjans å kjøpe plata eller kassetten «Jaskatvuođa maŋŋa».

Livlig på austsamisk

Ei av dei store opplevingane på konserten var Jaakko Gauriloff, som er ein av del få som syng på austsamisk eller skoltesamisk. Han framførte sangane sine med ein slik aktivitet at han knapt var til å få fanga inn av kameraet der han hoppa opp og ned av scenen. Eit hardt press frå norsk, finsk og russisk side har gjort at det austsamiske folket og språket deira er sterkt redusert, og dei gamle joiketradisjonane deira er i ferd med å dø heilt ut. Det austsamiske språket er så forskjellig frå nordsamisk at Jaakko måtte tolkas til nordsamisk. Melodiane han sang var prega av den påvirkninga austsamane har fått frå finsk og russisk side.

Samisk nasjonalepos?

Fins det eit samisk nasjonalepos på samme vis som finlendarane har sitt Kalevala? Dette spørsmålet stilte Veli-Pekka Lehtola på den samiske lltteraturkvelden på Guovdašuvva. Han viste til at den samiske presten Anders Fjellner forsøkte å lage eit slikt epos (fortellande diktverk) ut i frå innsamla tradisjonar ispedd eiga dikting. Fjellner levde frå 1795 til 1876 og laga mange dikt bygd på samisk mytologi og fortellartradisjon, samla joiketekstar og laga manuskript til samisk-finsk ordbok. Men tida var ikkje moden for arbeidet hans, og det blei avvist av «lappologane» med argumentet at samane hadde for lågt intellektuelt nivå til å kunne skape noko nasjonaldiktning.

I Finland oppsto Kalevala da finlendarane trengte eit nasjonalt samlingsmerke. Idag hadde samane kunna trengt sitt Kalevala. Mye av den samiske fortellartradisjonen blei knekt av misjonæreme. Men den gresk-ortodokse kyrkja forbaud ikkje joiken, og derfor har austsamane bevart opp til vår tid lange episke joikar (leudd).

Samisk teater

Mens det tidllgare ikkje har vore noko samisk teater, har det siste tida vore ei oppblomstring, der amatørteater og profesjonelle teater har kome fram spreidd rundt i Sameland. På Guovdašuvva fikk vi sjå to av desse, Ravgoš frå finsk side av Tanadalen spela ei komedie frå «gamle dagar» som holdt narr av presten. Så søndag kveld skulle det vere sørsamisk teatergruppe, men det blei for seint for oss og mange andre med lang veg og arbeidsdag på mandag.

No kan det ikkje alltid ha vore like lett å få det til heller, når kultursjefen i Kautokeino kommune, høgremannen Odd Keskitalo, i opningstala til festivalen seier at høgdepunktet på kulturfestivalen var fotball-landskampen Sápmi-Åland. Ikkje eit vondt ord om fotball, men kultursjefen i den mest samiske kommunen burde kanskje kunne sjå litt lenger?

2-0 til Sápmi

Historias første fotball-landskamp på samisk jord endte med 2-0 til heimelaget over Åland. 1400 tilskuarar var samla på stadion på Báktevárri i Guovdageaidnu, der det samiske flagget vaia side om side med det ålandske og det norske. Slik hadde kampen ei betdning langt ut over det sportslige, med at det røde, gule og blå , samiske flagget fikk ei såpass offisiell markering, og med at ein har fått eit landslag med namnet Sápmi og spelarar frå finsk, svensk og norsk side. Det var i fjor at det samiske fotball-landslaget blei danna og spela sin første landskamp.

I første omgang blei det ikkje mål, kampen gikk mest på midtbanen og ingen av laga fikk det riktig til. Annen omgang starta med eit hardt press frå Åland, som varte til tilhengarar av samelaget starta med rp og heiing i høgtalar. Da blei det fart i heimelaget. Dei for over banen og der satt ballen i nettet, etter eit skot av Kalle Tjäder frå Gällivare. Jubelen og bilhorntutunga måtte kunne hørast over store delar av Finnmarksvidda. Resten av kampen var det klart samane som hadde overtaket, og like før slutt kom det andre målet, satt inn av Guovdageaidnu sin eigen Anders Logje.


Til startsida

sveilund@online.no