Men korleis skal dette bli "i samsvar med distriktenes egne ønsker"?" Eg har aldri høyrt at dette skulle vere noko ønske frå distrikta. Snarare tvert om har folk i distrikta ønska og kjempa . for arbeid der folk bur og ta vare på busettinga på mindre stader, Slik som folk i Øksfjord nå kjempar for arbeidsplassane og for busettinga der.
Dette ønsket har vore så sterkt at det har hatt oppslutning langt inn i regjeringspartiet. I programmet til Finnmark Arbeider- parti ved fylkestingsvalet i haust sto det bl. a.: " Finnmark Arbeiderparti vil beholde den varierte bosettinga i fylket. Gjennom et handlingsprogram for småstedene vil partiet sikre at de som vil arbeide og bo her har og kan ha mulighet for dette."
I langtidsplanen for norsk fiskerinæring f rå 1977 som representantar for regjeringa har kalla eit forpliktande dokument, hetter det at det er eit overordna mål å opprettholde hovudtrekka i busettings- mønsteret.
I tida framover kjem spørsmålet om det skal bu folk i utkantane til å stå skarpare enn på lenge. Statsministeren har tydelig valgt side. Nå bør folk i Finnmark få vite kor Finnmark Arbeiderparti står. Er valløftene verd det papiret dei er skreve på ? I såfall kan vi vel vente oss at dei i næraste framtid rykker ut og sett statsministeren på plass. Eller ?
Svein Lund, Hammerfest
Til startsida