Reportasje i Klassekampen, 07.09.1989

Besøk i svovelhelvete

Ein gong var dette skoltesamane sitt område. Her levde dei av jakt, fiske og reindrift. Området hadde dei delt mellom seg: Suenjel siida,Pasvik siida, Petsjenga siida og Neiden siida.

Av SVEIN LUND, NIKEL

I dag er det Sør-Varanger i Norge, Finland nord for Enare, Kola vest for Murmansk. I dag er det eit av dei mest militariserte og mest forureina område i verda. I dette område der kvart menneske tidligare hadde atskillige kvadratkilometer, her er menneska no i ferd med å knekke grunnlaget for alt liv.

Saman med hundrevis på veg til freds- og mlljøfestival i Murmansk: Ved Elvenes der vi for første gang kan se inn på sovjetisk område ser vi og dei første skadane av forureininga. Her er ospa i ferd med å måtte gi opp for den svovelholdige lufta. Over grensa tar det ikkje lang tid før furuene byrjar å skrante. Men verre skulle det bli, ettersom vi nærma oss Nikel.

Sjølv om alle hadde hørt om det før, blei møtet med Nikel eit sjokk. Som elt møte med fortida og framtida på ein gong. Rundt Nikel var for ikkje så mange år sidan furu- og bjørkeskog på alle kantar. Bjørka ser vi framleis rester av. Om furua fortel bare stammene som står eller ligg att. Mellom husa i utkanten av byen skrik furustammer og stubbar mot oss frå ein bakke så grå at du straks legg merke til det om ein gulgrøn grastust har overlevd. Og tronande over byen sjølve grunnlaget for eksistensen av Nikel; Verket. Petchenga-Nikel, med tre 130 meter høge skorsteinar som spyr ut røyk dag og natt. Som om ikkje det var nok, lek verket ut både her og der, direkte frå produksjonen. Utslippa er 75 prosent svoveldioksyd, resten er tungmetall. Aleine slipp Nikel ut dobbelt så mye SO2 som heile Norge.

I Nikel bar det rett til Nikel-verket og demonstrasjon med plakatar på norsk og russisk. Fleire av arbeidarane på verket kom ut og slutta seg til demonstrasjonen. Det var på førehand lova møte med bedriftsleiinga. Så da toget skulle gå utan møte med nokre ansvarlige, nekta aktivistane å dra. Og første toget måtte gå utan Natur og Ungdom. Men så kom direktøren, som lova at innan 1993 vil utslippa vere redusert med 56 prosent.

Da vi kom, måtte vi nøye oss med omvising på ein skole og folkedans og musikk på torget. Om Nikel var eit deprimerande syn, blei det ikkje bedre da vi kom på toget. Mil etter mil der all furua var daud, bjørka var daud eller døyande, bare få planteslag hadde overlevd, og steinane var skinnande blanke. Alle typer av lav var borte. Etter 4-5 mil gjennom dette halvdaude landskapet blir det igjen enno verre. Vi kjem til Zapolarnyj. Her er det neste Nikel-verket. I eit sjølvlaga månelandskap ligg byen, som liksom Nikel har mellom 20 og 30 000 innbyggarar. Men her er visst ikkje nok. For utrulig nok: Oppe i denne giftpølen byggas det nye blokker. I ei luft og ein natur som får Ruhrområdet til å fortone seg som den friskaste fjellufta. Først ei mils veg etter Zapolarnyj ser vi del første furuene som enno ikkje har bukka heilt under, og etter kvart får naturen meir og meir sin naturlige utsjånad; eineren kjem igjen, det blir fleire blomsterplanter, lav på steinane og til sist reinlav. Vi kjenner igjen den frodige naturen som alltid har vore livsgrunnlaget her i det indre av Sápmi.

Piggtråd

Det vi har kjørt gjennom er frå gamalt av Pasvik-siidaen og Petsjenga-siidaen sitt område. I dag er det knapt ein same igjen mellom Murmansk og grensa til Norge/Finland. Frå 1826 har aust-samane («skoltesamane») blitt jaga att og fram over grensa etter som del politiske forholda er endra. Frå Norge til Russland, frå Sovjet til Finland. Mesteparten bur i dag i Ceavetjavri ved Anarjavri (Enaresjøen). Der er dei truga av finsk skogsdrift og sovjetisk forureining. Austsamane er dei som hardast har fått svi for statane sin kamp om kontroll over landområde og ressursar på Nordkalotten. Tvers gjennom landet deira går kraftige elektriske piggtrådgjerde, der eine sida er raka sand i fem meters bredde så ingen skal få passere umerka. Dei gamle reinbeiteområda er overtatt av innvandra østerdølar, erobra av Varangersamar, øydelagt av snauhogst eller svovelutslipp, militærleirar og øvingsområde.

I Nikel er det fire ganger så mye kreftsjukdommar som gjennomsnittet for Sovjet, og 16 av 100 ungar som blir fødd her har synlig misdanning.

Nikel ligg bare tre kilometer frå grensa til Norge. Tre kilometer i motsatt retning er skogen daud. Tre mil austover er han døyande. At det fortsatt er skog i Pasvik kan ein takke meteorologiske forhold for. Det er ikkje så ofte at det blåser den vegen. Men nå er skadene på furuskogen og relnlaven blitt så tydelige at det bare er eit tidsspørsmål ka tid Pasvik blir like øydelagt som områda aust for Nikel. Svært kalkhaldig grunn har gjort at fisken har overlevd, men når ein har målt nedbør så sur som PH 4 er det og eit tidsspørsmål. Rundt Nikel er fiskevatna daude.

I 1970 blei det foretatt ei grundig kartlegging av reinbeitekapasiteten i SørVaranger. Da blei vinterbeitekapasiteten i Jarf jordområdet lengst aust i kommunen berekna til l 860 rein. Ei ny gransking i år slår fast at denne er redusert til 208 dyr. Med andre ord er grunnlaget for reindrifta heilt borte. — Grensegjerdene smuldrar opp, trærne får haustfarger i juli, og snøen er gulsvart, fortel Ivar Jacobsen til «Natur og Samfunn». Han er ein av dei som har blitt nøydd å slutte med reindrifta på grunn av forureininga.

Rønbeck nøgd

I fjor sommar var Sissel Rønbeck (daverande miljøvernminister. red) i Nikel. Ho kom heim med løfte om 50 prosent reduksjon frå 1980 til 1993, og var vel nøgd med det. I fjor var 27 prosent av denne reduksjonen gjennomført, og det var altså halvparten igjen å redusere. I dag slipp nikkelverket i Nikel ut 215 000 tonn SO2 for året. Etter den lova reduksjonen vil utslippa fortsatt vere over 150 000 tonn. Fort satt vil tre fabrikkpiper slippe ut meir SO2 enn heile Norge. Men miljøvernministeren er nøgd.

Å rense svovelutslippa frå Nikel, vil komme på 1 000 000 000 kroner ifølge sovjetiske berekningar. Og sjølv denne reduksjonen er ikkje garantert. For han er avhengig av vestlig teknologi, og ingen kontrakt er enno inngått. Frå norsk side fins det ingen planar om å bidra til at dette kan bli gjennomført. Natur og Ungdom har ringt Miljøverndepartementet og Utanriksdepartementet. Begge stadene seier dei at det ikkje er aktuelt med noko norsk press for å få redusert utslippa. Norge godtar altså at Sovjet har rett til å øydelegge fiskevatn, reinbeite og skog på norsk side.

— Stopp nikkelverka!

Dei fleste deltakarane på Festivalen i Kirkenes og Murmansk var ikke like tolmodige som Sissel Rønbeck.
—Vi har passert grensa for lenge sidan, sa ein sovjetisk økolog. — Om alle nikkelverka på Kola blei stansa i dag, ville det ta hundre år før naturen hadde kome seg nokonlunde i balanse. Tilgjengelig teknologi kan redusere utslippa med omlag 90 prosent. Men det vil fortsatt ikkje vere nok til at naturen får bygd seg opp att.

Miljøverngruppa innafor den offisielle sovjetiske fredskomiteen har krevd stenging av nikkelverka.
— Bare om det kan bevisast at det er mogleg å drive dei utan å øydelegge naturen har dei rett til å eksistere, seier leiar for miljøverngruppa, Stanislav Ilyin til Klassekampen.

Men om kravet blir reist er det langt fram til gjennomføring. For nikkelproduksjonen på Kola er militært svært viktig for Sovjet.


Til startsida

sveilund@online.no