Kronikk i Klassekampen, 21.08.1986

Svein Lund:

Norge på Svalbard

I denne kronikken skriv Svein Lund om Stortingsmeldinga om Svalbard som kom i vår. Meldinga lovar i følgje kronikk-forfattaren ikkje reelle forbetringar for det lokale sjølvstyret på Svalbard, men slår fast at «korrekt overholdelse av Svalbardtraktaten» er det overordna målet for norsk Svalbard-politikk. Svalbardfolket sine krav må bli høyrde og følgjast opp, og Svalbard må bli eit tema for offentleg debatt att, slik at Noregs nasjonale interesser på Svalbard ikkje blir forsømde, skriv Svein Lund. «Svalbard er norsk land — avvis sovjetisk press!» Det er nokre år sidan denne teksten var å sjå i 1.mai-tog over heile landet.

Dei siste åra har det vore heller stille om Svalbard i den offentlige debatten. Den auka oljeleltinga har ført til ny interesse i massemedia. Men ein prinsippiell diskusjon om ka Norge skal med Svalbard, den er det ingen som har tatt opp igjen.

Stor utvikling

Stortingsmeldinga om Svalbard som kom i vår tar for seg utviklinga i dei 10 åra sidan sist Stortinget behandla Svalbardpolitikken samla.

Folketalet har ikkje endra seg mye i denne tida. Både for nordmenn og russarar gikk det litt opp til 1983—84, for sidan å gå noko ned igjen. Det går fortsatt to russarar på kvar nordmann på Svalbard. Kolproduksjonen har og holdt seg på omtrent det samme nivået. På andre områder har det derimot skjedd viktige endringar.
- Norsk administrasjon er styrka. Sysselmannen har over dobla mannskapet og fått atskillig bedre transportmaterlell.
- Auka statsansvar. Staten har overtatt skolen og sjukehuset som tidligare blei dreve av Store Norske.
- Bedre kommunikasjon. Flyrute 2-3 ganger i veka, radio/TV/telefon over satelitt.
- Styrka norsk forskningsaktivitet.
- Endra samansetting av befolkninga, fleire kvinner or ungar.

Dette er ting som styrkar den norske aktiviteten på Svalbard, og med det den norske suvereniteten. Men samtidig er det trekk som kan virke i motsatt retning:
- Negativ utviling for kolgruvene. Synkande kolprisar kjem samtidig med stort behov for nyinvesteringar. I Svalbardmeldinga viser ein til at Store Norske planlegg ei innskrenking på 160 arbeidsplassar. Ei av dei tre gruvene er truga av nedlegging. Men spørsmalet om framtidig drift i Gruve 3 er ikkje behandla i meldiriga, og vil tidligast bli avklara neste år. Dette gjør at spørsmålet fort blir stilt skarpt: Skal norsk næringsverksemd på Svalbard bare vere eit spørsmål om bedriftsøkonomisk lønnsemd, eller er det ei nasjonal oppgåve å halde denne oppe nær sagt for ein kvar pris?
- Auka utenlandsk: interesse. Oljeselskapa har nå igjen kasta seg over Svalbard, etter ei rolig periode sidan første olje-boomén på 70-talet. Ka for virkningar vil dette kunne få på den sårbare naturen, på forholdet mellom nasjonane på Svalbard, og på sikkerhetsmessige forhold?

Russarane satsar hardt for å holde oppe aktiviteten sin på Svalbard, og gjerne auke denne. I Barentsburg er nå Trust Arktikugol sine eigne forekomstar tømt, og dei driv på område leigd frå Store Norske. I gruvesamfunnet Pyramiden har del derimot ressursar til å holde det gåande lenge. Men i den gamle gruvebyen Coles Bay mellom Barentsburg og Longyearbyen er dei igang med leiting og undersøking for å starte opp på nytt. I vår kunne vi observere russisk boreutstyr på Grønberget, bare 1 mil i luftlinje frå Longyearbyen. Russarane har auka utmåla sine med 50% det siste tiåret, og borar nå etter olje i tillegg til kol. Representar for russarane har sagt at dei ikkje har tru på å finne olje, nokosom fikk Bergmesteren til å rykke at og spørre kva dei bora for da. Det ser i alle fall at som russarane satsar på å klore seg fast for ein kvar pris.

Svalbardfolket sine krav, og meldinga sitt svar.

For del som hadde høge forventningar til Svalbardmeldinga, må vonbrotet vere stort. For her er ikkje stort av konkrete løfte. Det er ein slåande kontrast aiiellom meldinga si skildring av utviklinga siste 10-året og perspektiva framover.

Bustadmangelen er kanskje det spørsmålet som opptar folket i Longyearbyen mest. Om dette seler meldinga: Ikkje eit ord. Om gruvearbeidarar fortsatt må bu i kott i gamle brakker er ikkje, interessant for dei høge herrar i Justisdepartementet. Derimot er dei opptatt av at butilbodet for tilreisande blir bedre.

Skal utviklinga fortsette i retning av at samfunna på Svalbard skal få fleire av dei sosiale goda vi har på fastlandet? Ingen konkrete tiltak blir nemnt, men derimot passar ein på å få sagt al i såfall må Svalbardfolket sjølv betale for det i form av høgare skatt!

Ka med utbygginga av lokaldemokratiet? Meldinga avviser tvert at Svalbardrådet kan bli eit kommunestyre etter fastlandsmønster, og har heller ikkje anna å bidra med. Tvert om yirkar Justisdepartementet svært så nøgd med Svalbardrådet sin funksjon. Det skulle jo seie nok pm statsmakta si omsorg for lokaldemokratiet i når vi veit at Svalbardrå det har diskutert å legge i ned seg sjølv i protest mot at det inga makt har.

Kem styer utviklinga?

Meldinga slår fast at vi gårinn i ei tid med auka interesse for Svalbard og andre arktiske område. Dette ser departementen som ei positiv utfordring. Men om dei na finn olje eller drivverdige mineraler, kem har så styring med utviklinga? Alt nå ser vi at olje leitinga er eit alvorleg trugsmål mot naturen og dyrelivet, med helikopterflying ved fuglefjell og store sår etter seismiske undersøkingar. Miljøvernminister Rønbeck sa nylig under eit besøk på Svalbard at regjeringa ville satse hardt på å ta vare på Svalbard-naturen, om naudsynt ville dei forby næringsvirksomhet som truga dyre- og plantelivet. Men om f.eks. eit oljeselskap som har gjort store investeringar endelig finn noko drivverdig, har da regjeringa vilje og mot til å seie stopp? Og vil dei i såfall kunne komme i strid med Svalbardtraktaten?

Med evt. drivverdige funn kan det oppstå heilt nye samfunn på Svalbard. Men ka slags samfunn vil det bli? Her peikar meldinga ut som det mest aktuelle «entreprenør- eller anleggsbyer der arbeidskraften er sterkt mobil». Altså nye bedrlftsbyar, «company fbwns», einsidige mannssamfunn av ein type som Longyearbyen na strevar for å komme bort frå. Det synas å vere styresmaktene sin politikk at bare Longyearbyen skal få ha visse trekk av eit normalt samfunn. Noko som forsåvidt stemmer bra med utbygginga i Svea, der harde arbeidsøkter og langpendling til fastlandet nå ser ut til å bli regelen.

Vil evt. nye Svalbardsamfunn bli norske, eller skal nordmenn bli eit enno mindre mindretal i den nordligaste landsdelen vår? Dette er i alle fall ikkje satt som noko høg prioritering frå styresmaktene si side. Det skal som det meste vere opp til ka som gir mest profitt, og meldinga seier: «Statstilskudd til ny norsk næringsvirksomhet utover generelle tiltak (f.eks. tilskudd fra Distriktenes Utbyggingsfond) vil ikke bli gitt i dagens situasjon.» Trass i at ein slår fast at norsk næringsutvikling på Svalbard er eit viktig ledd i å hevde suvereniteten, og at «det kan ikke forventes fortsatt stabilt norsk næringsengasjement uten betydelig statlig støtte slik situasjonen er idag», så har ikkje staten tenkt å stå for dette nødvendige engasjementet. Tvert om står det: «Det har ikke vært presisert som et eget hovedmål for norsk svalbardpolitikk at myndighetene skal bidra aktivt til generell økonomisk utbygging på Svalbard.» Slikt lovar ikkje akkurat trygt for framtida.

Svalbardtraktaten ei hindring

Svalbard traktaten av 1920 slo fast. Norges fulle og uinnskrenkede høihetsrett >> over Svalbard. Men han ga samtidig innbyggarar av alle land som har tilslutta seg traktaten samme retttil økonomisk utnytting av øygruppa. Dette er jo unektelig eit aldri så lite inngrep i den samme << høihetsrett >>. Og på område etter område ser vi at krav om normalisering av forholda på Svalbard i retning av Fastlands Norge støytar mot Svalbardtraktaten. Korleis skal ein f.eks. få gjennomført eit lokaldemokrati på ei norsk øy med russisk fleirtal? Som einaste norske parti har AKP krevd at Norge må arbeide for å avvikle «den imperialistiske Svalbardtraktaten». Mens Svalbardmeldinga derimot slår fast at «korrekt overholdelse av Svalbardtraktaten» er eit av del overordna måla for norsk Svalbard-politikk.

Ka gjør DNA?

Nå vil ein kunne innvende at alt dette er skreve om Willoch-regjeringa, og at nå vil alt gå så mye bedre. Til det er bare å si at inntil det motsatte er bevist, vil eg hevde at Arbeiderpartiet sin politikk er nøyaktig den samme. Om ikkje Svalbard igjen blir eit tema for den offentlige debatt, vil den positive utviklinga stoppe opp, Norges nasjonale interesser på Svalbard bli forsømt, og Svalbardfolket sine krav bli liggande i departementsskuffane. Svein Lund


Til startsida

sveilund@online.no