Artikkel i Klassekampen, 31.05.1986

Svalbard-rådet — eit supperåd?

Svalbardrådet er einaste fellesorganet for den norske befolkninga på Svalbard. Men i motsetning til eit kommunestyre på fastlandet er det i hovudsak eit rådgivande organ.

SVALBARD (Klassekampen): Av SVEIN LUND

Det einaste rådet får avgjøre sjølv er fordelinga av kulturmiddel, i år omlag 800.000 kroner.

— Er Svalbardrådet et supperåd? spør vi nyvald leiar for Svalbardrådet, Agnes Kvilvang.
— Ja, du kan vel kalle det for det. Vi skal liksom vere eit slags kommunestyre, men vi har ikkje noko makt. Det vi kan bestemme er så lite at det er ikkje noko å skrive om. Når vi tar opp ei sak overfor styresmaktene, så spør dei sysselmannen om råd. Og da er det gjerne han som blir hørt.

Valordninga

Valordninga til Svalbardrådet er noko heilt for seg sjølv. Frå starten i 1971 til 1982 minte rådet mest om ei stenderforsamling frå middelalderen, der bestemte personar skulle sitte i kraft av stillinga si, så som soknepresten, verkslegen og styraren ved Svalbard Radio. Andre representantar blei valde av fagforeningar, idrettslag osb. Nå er alle 17 representantane folkevalde, med unntak av ein som representerer Store Norske. Men valkretsane bygger ikkje bare på kor folk bur, men på kor dei er tilsette, slik at Longyearbyen er delt i tre kretsar: Store Norske-tilsette, statstilsette og andre. Valdeltakinga siste gang var knappe 19%(!)

Krev politiske val

— Det vi i første omgang ønsker er å få politiske val til Svalbardrådet, seier Agnes Kvilvang.
— Det ville virke til å få opp den politiske interessen her. Nå er det temmelig daudt. Her er ingen politiske parti som har greidd å oppretthalde aktiviteten over lengre tid. Vi har hatt både DNA, AKP og Høgre, men nå er det vel bare AUF som har noko aktivitet, og dei er danna siste året.
— Ønsker dokker å bli eit kommunestyre?
— Det kan nok bli vanskeleg å få til fullt ut innafor Svalbardtraktaten. Men det må jo gå an at vi får noko å seie. Slik det er idag er det ein vits, og det har faktisk vore diskutert å legge ned heile Svalbardrådet i protest.

Dårlig flysamband

— Du må ta med om flysambandet! Svalbardrådet har tatt det opp med SAS at det må bli bedre. Det er for lite med to fly i veka på vinteren og tre på sommaren. Vi vil ikkje lenger finne oss i at turistane kjem med, mens fastbuande kan bli ståande igjen, og at posten og ferskvarene blir ståande i Tromsø.


Til startsida

sveilund@online.no