Reportasje i Klassekampen, 27.05.1986

STØVLUNGER

Vi hadde ikkje vore lenge inne på strossa før kolstøvet begynte å bli plagsomt. Korleis må det da vere for dei som har jobba her i mange år?

SVALBARD (Klassekampen) - Tekst og foto: SVEIN LUND

— Vi har nå registrert 15—16 tilfelle av støvlunge blant dei som er i arbeid her nå, seier Godtfred Blom som er hovudverneombud i Store Norske.
— Blant desse er det nok nokon som har lagt grunnlaget for støvlunga i arbeid på fastlandet før dei kom hit. Men det er ikkje tvil om at kolstøvet har si virkning. Når støvet får lagt seg i lungene gjennom nokre år kan ein bli veldig tungpusta. Nå har det vore undersøkt alt for lite på dette, faktisk bare dei siste par åra.

— Har de nokon sjanse å få omplassert folk som utviklar støvlunge ?
— Nei, det er ikkje så lett. Her er jo støv over alt. Men vi forsøker. Eg hugsar ei jente som jobba på Renseverket som fikk bronkitt. Ho fikk vi over på ei anna jobb. Det er veldig vanskelig å unngå det fine kolstøvet. Sjølv med vatn og luftavsug så får ein det i seg. Det einaste er støvmaske. Men maska gjør det jo enda tyngre å jobbe.

— For nokre år sidan hadde Klassekampen ei reportasje frå taubanen her, der arbeidarane kalte det «Europas verste arbeidsplass». Er det like ille ennå?
— Nei, der har nå blitt ombygd, så tippinga av kibben foregår utadørs. Så nå er det langt mindre støvplager.

Sprenge alle rammer

— Her må vel bli mye belastningsskadar med dei arbeidsstillingane som er i gruva?
— Det gjør det jo. Men feilen er at dette ikkje blir registrert. Belastningsskader er jo ikkje godkjent som yrkesskadar. I departementet sa dei at dei ikkje kunne godta belastningsskadane fordi det ville sprenge alle rammer!

Men fysioterapeuten her har i alle fall fullt opp å gjøre og belastningsskader er nok ei viktig årsak både til at mange sluttar og til interne omplasseringar.

Ikkje førebyggande arbeid

— Med slike arbeidsforhold må de da ha ei skikkelig bedriftshelseteneste ?
— Nei, den har virka forferdelig dårlig. Før dreiv jo Store Norske sjukehuset da var det noko bedre. Men etter at staten overtok så må bedriften kjøpe tenester av sjukehuset. Vi har ingen som driv bedriftshelseteneste på heiltid. Nå har vi 3/5 lege, 1/2 fysioterapeut og 1/3 kontorhjelp. Bedriftshelsesøster har vi ikkje. Det blir til helsekontroll og litt opplæring av verneombud og redningskorps. Men førebyggande arbeid det er det ingen som har tid til.
Samtidig går det 2 arbeidslause fysioterapeutar i Longyearbyen!

Særordning for AMU

— Går de etter Arbeidsmiljølova eller er det mye særordningar for Svalbard?
— I hovudsaka følger vi lova, men noko er spesielt. Vi har jo avtale om lengre arbeidstid i veka mot lengre sommarferie. Og så har vi ei eiga ordning for Arbeidsmiljøutvalet. Det vil seie at vi har fått beholde den valordninga vi før hadde til Sikkerhetsnemda, som sikrar at arbeidarane heile tida har fleirtal. Tilsaman er vi 20 medlemmar i AMU, og der har vi fått gjennom ein god del. Eg kan nemne at vi har fått skikkelig utstyr på bilverkstaden for å unngå løysemiddelskader og delevaskemaskin på verkstaden. Nå jobbar vi med å få ned støyen på renseverket. I gruvene er det vanskeligare å gjør noko med støyen, som ofte er godt over faregrensa.

Ingen held til 65

Idag er det 65 års pensjonsalder for gruvearbeidarar på Svalbard. Men der er bare sjeldne unnatak at folk når pensjonsalderen i fullt arbeid. Pensjonalder på 60 år var eit hovudkrav frå Arbeiderforeninga på l. mai. Emil Th. Larsen (56) bar parola i toget. Sjølv har han jobba 17 år i gruva.
— Det blir ikkje aktuelt å godta eit tariffoppgjør uten nedsatt pensjonsalder for oss, seier han.

Store Norske-leiinga er ikkje uenige i dette kravet. Adm. dir. Ingvald Ohm seier det slik: — Vi har førtidspensjonert ein del frå 60 år. Men dette arbeidet er så hardt at pensjonsalderen godt kunne ha vore 55.


Til startsida

sveilund@online.no