SVALBARD (KLassekampen) - Tekst og foto: SVEIN LUND
I 1916 blei Longyear City med hud og hår overtatt av Store Norske Spitsbergen Kulkompani, og siden er det dei som har dreve Longyearbyen som ein «company town», ein bedriftsby.
— Det er vi som driv samfunnet, slår adm. direktør Ingvald Ohm fast overfor Klassekampen.
— Selskapet er ansvarlig for samfunnet her. Vi får midler over statsbudsjettet for å ta oss av samfunnsoppgaver i Longyearbyen og Svea.
Direktør Ohm forsvarer Store Norske slik:
— Vår innstilling er å halde på det vi har. Ser vi sjansen til ein arbeidsplass som kan gå med overskot, så gir vi han ikkje frå oss.
Nei, snevert innretta kan ein ikkje skulde Store Norske for å vere. — Del tjener pengar på alt, sa ei vi snakka med. — Unntatt på kol.
Siste ryktet seier at det neste dei skal satse på er fiskeoppdrett.
Ganske mange i Longyearbyen har skaffa seg fritidsbåtar, og kunne tenke seg å sette opp eit naust ved sjøen. Men den går nok ikkje, for Store Norske held nettopp nå på å utarbeide ein plan for Sjøområdet, ein plan dei visst har holdt på med ein ti års tid.
Vi var innom brakke 100 i Nybyen.
— Vi har ei av dei bedre brakkane her, fortalte dei.
— For vi har både TV-stue og kjøkken. Det er ikkje alle som har det. Vi har til og med kjøleskap, eit lite skap på 27 hyblar!
Siste åra er det bygd ein god del i Longyearbyen, både familieleilighetar og hybelhus. Men fortsatt er det stor mangel på begge deler. Mange som nå bur aleine har familie på fastlandet som gjerne vil kome oppover om dei bare får hus.
— Eg har nå inne den 13. søknaden min på leilighet, fortel ein gruvearbeidar. Og sidan eg har jobba her i 17 år, så syns eg det snart skulle vere på tide.
Nå søker Store Norske etter EDB-konsulent. I annonsa står det at familieleilighet følger med jobben.
— Er ikkje det litt skjeivt?, spør vi direktør Ohm.
— Det kan jo virke sånn, men så lenge vi har mangel på leiligheter her. Vi nøydd å prioritere nøkkelpersonell. Utan EDB-ekspertar er vi f. eks. heilt solgt. Vi prioriterer husbygging på topp, men vi er avhengig av løyvingar frå staten. Og der er det jo nedskjæringar på budsjettet, så vi reknar med det kan bli vanskelig å få gjennomført planen vår.
— Men så var vi så heldige at Studio Nord kom hit for å lage TV-program, fortel fagforeningsleiar Agnes Kvilvang.
- Og da fikk vi dei til å sjå på brakkene i Nybyen og ta opp Husbanksaka. Og 2 dagar etter programmet var vist fikk vi melding om at låna var i orden for dei husa som er under bygging. Så gjeld det å få sanninga ut til folket!
Men kva skjer så vidare? Skal det bli bygd til vinteren må alle materialene opp i skipingssesongen i sommer, og da må Stortinget få fart på seg og ta ei avgjerd om finansieringa av boligbygginga på Svalbard. Store Norske sine byggeplaner går ut på å kunne tømme brakkene i Nybyen i løpet av 1987. Så om vår nye «arbeidarregjering» ikkje synes det er til pass for gruvearbeidarar i 1986 å bu i kott og brakke og kjempe seg fram 2 km i kuling og —30°C for å få ein matbit, ja, så ser dei til å få ut fingeren.
Til startsida