Reportasje i Klassekampen mai 1986

Svein Lund:

DIT SOLLYSET ALDRI NÅR

I Spitsbergens kullsvarte gruber, hvor sollyset aldri kan nå.
Hvor evighetsmørke kun ruger, et mørke som aldri forgå.
Der sliter arbeidende skarer, av trauste og hardføre menn.
De trosser de tusinde farer, der driver de kullene frem.
(Frå Gruvesangen i songboka Sang Polar)

PÅ SVALBARD: SVEIN LUND

Ned i dette kolsvarte mørke skulle vi. For å finne ut kva slags forhold del jobbar under dei som er grunnlaget for all busettinga på Svalbard. Vi blei kledd opp i «lomp» med hjelm, lykt og batteri, og gassmaske i beltet om ulykka skulle vere ute. Saman med gruvesjef Terje Johansen går vi inn i den mørke gruvegangen: hovudstollen.

Inngangen til Gruve 3 ligg oppe i fjellsida — 178 meter over havet. Herifra går det skrått nedover. Gangen har plass til to smalspora jernbanespor. I taket er det hengt opp ledningar og slangar. Nokre stader plankar med steinstøv for å dempe virkninga av ein eventuell eksplosjon. Etter nokre hundre meter hører vi ein buldrande lyd — så eit skarpt lys. Det er loket med kol som er på veg ut.

Når ein mann kjem bak oss er det skinet frå hodelykta vi først legg merke til. Det er sikringstigeren som kjem. Han er leiar for eit arbeidslag som driv med gassmåling og anna sikringsarbeid. Både kolstøv og metangass er svært eksplosivt, og saman kan dei skape ein kjedereaksjon. Da er det slutt for alle i vid omkrets.
— Siden gruvedrifta starta på Svalbard er 72 drept bare av eksplosjonar og brannar i gruvene, fortel Terje Johansen. — Det er mye. Veldig mye.

Dei held nå på å montere eit heilt nytt varslings- og overvåkingsanlegg.

Vi passerer fleire sidegangar — tversslag — og kjem til ei dør i fjellet. Det er stigerkontoret. Der vi går inn for å få oss knebeskyttarar før siste etappe. Så bærer det inn eit tverrslag. Her er det smalare, og jernbanen er einspora. Øverst i tverrslaget ser vi kollaget eller fløtsen, som her er 60-70 centimeter høg. Lenger inn er det erstatta med jernstempel eller trebjelkar. Så er det opp på strossa. Ettersom vi kjem lenger inn blir det meir og meir kol under oss. Krypinga går over i låg åling. Her kan vi høre at berget sig. Det knitrar i stempla bortover dei millioner av tonn fjell vi har over oss. — Det blir ein vane, seier gruvesjefen.
Etter omlag 100 meter har vi lys og lyd foran oss. Vi er framme ved eit tremanns arbeidslag — sjølve kjerna i gruvedrifta. Utstyret her er det samme som det har vore i mange år: boremaskin, kuttemaskin og spade. Kuttemaskinen et seg bortover under kollaget etter ein wire og spyttar ut kol i god fart. Samtidig driv boraren og borar hol lenger oppe. På slutten av skiftet blir det sprengt ut. Vel 200 tonn kol kan dei tre ta laus i løpet av eit skift. Så sørger etterrmiddagsskiftet for å få kola ut.

Dei tre på strosse 25 er Geir Dahl frå Tromsø, som begynte her i høst, Jomar Grytbakk som er trønder og har jobba her i fire år og tredjemann har jobba her siden 1973, men er skeptisk til journalister og vil ikkje ha namnet sitt i avisa. Men vi fekk skrive at han var frå Lenvik i Troms.

— Dokkar må få i dokker ein masse kolstov, seier vi, med kjeften full av støv etter ålinga.
— Ja, du veit det blir ein del. Mye harking og hosting. Kuttaren brukar støvmaske. Dei andre synes maska blir for svett å jobbe med.
— Vi merkar det mest i nakken og skuldrene. Likevel foretrekk vi denne høgda framfor dei laga som er vel ein meter. Da må ein gå med bøyd rygg.
— Eg held nok ikkje ut så mange åra til i denne jobben sier «Lenvik». For dei fleste blir det å prøve å få seg lettare arbeid i gruva.
— Lønna?
— Kunne godt å vore bedre, kjem det i kor.
— Vi synes godt vi kan samanlikne oss med Nordsjøarbeidarane.
— Men vi har eit godt miljø her. Fine arbeidskameratar. — Og ikkje har vi styggvær heller, her nede i gruva.

Så sett kuttemaskinen i gang og vi kryp dei 100 metrane tilbake til tverrslaget.

Nede i tversslaget treff vi to mann som plagas med ei vogn. Med stolpejekk prøvar dei å få ho rett på skinna.
— Nei, så inst inn i grønne hælvete!
— Sett igang vinsjen! Pass opp!
— Dei får det nok til, seier gruvesjefen med respekt og beundring.


Til startsida

sveilund@online.no