Artikkel i Klassekampen 21.09.1998

Svein Lund:

Dobbel skatt for grense-samar

Den nye nordiske skatteavtalen frå 1. januar 1998 har ført til at dei som bur i Finland og jobbar i Noreg må betale mye meir skatt enn før. - Det minner om i gamle dagar da samane i disse områda måtte betale skatt til to eller tre statar, seier Synnøve Solbakken-Härkönen.

Av Svein Lund, Karasjok

Norske arbeidsplassar og arbeidskraftstyresmakter driv aktiv verving av arbeidskraft frå Sverige og Finland - til sjukehus, fiskeindustri og bygningsarbeid. Mange av desse blir lova fordelar som ikkje dei som arbeider i heimlandet har, som ekstralønn, gratis barnehageplassar og liknande. Dei som ikkje er busett i ein grensekommune vil og få skatte til Noreg.

Dei som er fast busett i ein grensekommune derimot, får ikkje lov å skatte til Noreg slik dei gjorde fram til 1. januar 1998. Dei skal no skatte til Finland, men samtidig betale pensjonsinnskot og trygdeavgift i Noreg. Skattetrykket i Finland er generelt høgare enn i Noreg. I tillegg blir forskjellen ekstra stor av at ein i Finnmark og Nord-Troms har spesielle skattefordelar.
Dette gjør at grensegjengarane no vil måtte betale mellom 10 og 15 prosent meir av inntekta si i skatt enn det ein ville ha betalt om ein hadde budd på norsk side. Skatteavtalen råkar ikkje likt på begge sider av grensa. Dei som bur i Noreg og jobbar i Finland får trekke frå trygdeavgift i Finland på skatten i Noreg, mens dei som bur Finland og jobbar i Noreg må betale dobbelt.

Ingen har i dag full oversikt over kor mange som bur på finsk side og arbeider på norsk side av grensa. Tilsaman kan det dreie seg om eit hundretal personar. Nokre er norske, andre er finske statsborgarar. Dei aller fleste er samar, dei fleste av dei er kvinner som er gift på finsk side. I Finland har grensekommunane lenge vore prega av stor arbeidsløyse, tilbakegang i primærnæringane og minimal satsing frå dei sentrale styresmaktene. Dette har ikkje blitt betre med finsk EU-medlemskap. Trass alt har det vore lettare å få arbeid på norsk side.

I vår skreiv grensegjengarar som bur i Karigasniemi og jobbar i Karasjok eit brev om saka til Stortinget, Riksdagen, sametinga i Finland og Noreg og kommunane Karasjok og Utsjok.
Ein av underskrivarane er Synnøve Solbakken-Härkönen. Som namnet kan tyde på ei ho oppvokst på norsk side og gift på finsk side. Ho bur i Gáregasnjárga/Karegasniemi i Ohcejohka/Utsjoki kommune og er rektor på Samisk videregående skole i Kárášjohka. Ein avstand til jobben på 2 mil eller 20 minutters kjøring hadde ikkje vore noko problem, om der ikkje hadde vore ei grense der. Grensa var i heller ikkje noko stort problem før den nye skatteavtalen kom, i fortel ho.

Kvifor ikkje flytte?

- Men kvifor kan de ikkje berre flytte over til Noreg ?
- A flytte aleine nyttar ikkje. Ifølge Finnmark fylkesskattekontor kan ein norsk statsborgar ikkje flytte til Noreg, skatte til Noreg og få dei samme skattefordelane som andre nordmenn dersom ektefelle og barn blir igjen i Finland. Skal ein få skatte til Noreg, må ein altså skilje seg, men vi er nå faktisk gift fordi vi vil vere det. Eller så må ein flytte med heile familien. Eg veit at nokre har gjort det eller har planar om det. Men det er ikkje noko alternativ for alle. For dei som har barn i skolepliktig alder er det ikkje så lett. Ungane snakkar samisk og finsk og det er ikkje bare å sette dei inn i ein norsk skole. Mange av ektefellene våre har eit slikt arbeid at dei ikkje kan pendle over grensa.

Halv arbeidsløysetrygd

- Vi har undersøkt alle utvegar, seier Synnøve Solbakken-Härkönen.
- Inkludert å seie opp jobben og melde oss arbeidslause i Finland. Da ville vi faktisk ha rett til arbeidsløysetrygd i Finland, fordi ingen kan tvinge oss til å søke arbeid på andre sida av grensa. Men vi ville berre få ein liten del av den trygda ein arbeidsledig finlender får. For i Finland betaler staten bare eit grunnbeløp, resten av trygda kjem gjennom fagforeninga. Men vi er jo fagorganiserte i Noreg, dei finske fagforeninganc vil ikkje eingong ha oss som medlemmar. Og mange av oss som kjem frå Noreg kan for dårleg finsk til å få jobb i Finland. I dagliglivet klarer vi oss med samisk og enkel finsk, mens i arbeidslivet blir det stilt større krav til språkkunnskapane.

Ingen informasjon

- I februar i år fikk vi høre om saka på radioen. Før det hadde ingen informert oss om at noko endring var på gang. Samtidig kom det melding til arbeidsgivarane våre og litt seinare til oss. Da hadde den nye skatteavtalen vore i kraft i vel ein månad. No har vi fått høre at arbeidet med denne tok til i 1996, men ingenting har kome ut gjennom media før etter at avtalen var i kraft. Han var heller ikkje sendt på høring til til dømes grensekommunane og Sametinga. Vi har no tatt kontakt med Skattebetalarforbundet i Finland som vil sjå på dei juridiske sidene ved saka, seier Synnøve Solbakken-Härkönen.


Til startsida

sveilund@online.no