Artikkel i Klassekampen, 14.07.1986

Sjukehus for fall

KIRKENES (Klassekampen): Det seias at ei ulykke sjeldan kjem aleine. Slik ser det i alle fall ut til å vere for Sør-Varanger. Knapt har Stortinget gjort vedtak om nedlegging av Sydvaranger, så er det den nest største arbeidsplassen i kommunen som står for tur. Fylkeshelsesjefen i Finnmark går inn for nedlegging av Kirkenes sjukehus.

Tekst og foto: SVEIN LUND

For bare 5--6 år sidan var det fire sjukehus i Finnmark. Først blei Vadsø sjukehus redusert til helsesenter. Og ifjor var det vardøværingane som etter lang kamp måtte sjå sjukehuset sitt gå tapt. Det skulle bli 11- ' bra med helsesenter, sa politikarane. Men nå 23. juni blei og helsesenteret i Vardø stengt inntil vidare p.g.a. mangel på kvalifisert personell. Fleire andre helsesentra ket er stengt eller går med redusert drift. Klassekampen har vore i Kirkenes og prata med folk som jobbar på sjukehuset. Gunilla Foss Grip jobbar på fødeavdelinga og er hovudtillitsvald for sjukepleiarane. — Eg kan ikkje forstå at nokon kan meine det alvorleg med nedlegging, seier ho. — Det ville stri mot all fornuftig helsepolitikk. Det ville bli elt klart dårlegare tilbod til folk i Aust-Finnmark. Og folk her er ikkje akkurat bortskjemte frå før. Del finn seg i ting som aldri ville bli godtatt sørpå. Der eg kjem frå, i Nittedal, syns del det er langt å måtte dra til Lørenskog for å komme på sjukehus, enda det er bare eit par-tre mil. Om sjukehuset i Kirkenes blir lagt ned, vil det vere bare Hammerfest igjen, og da vil det vere finnmarkingar som har like lang veg til sjukehuset som strekningen Oslo - Trondhelm.

— Men når det nå er umogleg å få kvalifiserte folk til å jobbe her...
— Så er det eit spørsmål om lønnspolitikk og personalpolitikk. Her blir det snakk om særtiltak for Finnmark, men i Oslo ligg sjukepleiarane to lønnstrinn over oss, for ikkje å snakke om dei private klinikkane som nå blomstrar opp. Vil ein ha kvalifiserte folk i helsevesenet, må ein og betale for det. Det er på tide at kommunane og fylket tar ansvaret. Vi strekk oss alt for langt som det er og kan ikkje fortsette å gå på bare idealisme. Skal det vere sjukepleiarane si oppgave å forsvare det norske folket mot staten?

Krise på intensiv

— Ta nå intensivavdelinga. Der skal det etter planen vere 11 spesialsjukepleiarar. Nå er det ein, før jul var det ingen. Det er kanskje det verste eksemplet, men på alle avdelingar er det mangel på sjukepleiarar.

Vikarar forfordelt

— Slik det er nå har sjukehuset gjort seg heilt avhengig av korttidsvikarar, mest svenskar. Om del kjem hit for 4—5 veker får del dekt reisa og gratis hus. Men så fort ein blir fast tilsett fell alle fordelar vekk. Da må ein binde seg for 3 år for å få dekt flytting, og betale dyr husleige for dei som er så heldige å få leilighet. Det virker som alt blir gjort for å trekke folk hit men ingen ting for at folk skal bli. Eg var borte herifra 4 år og kom tilbake i fjor. Da var det ikkje problem å få barnehageplass, men dei som er i arbeid her når dei søker, har store problem.

Den store bruken av vikarar tapper sjukehuset for masse pengar, samtidig som kommunen får mye mindre skatteinntekter. Ein svensk vikar som er eit par månader l Norge betaler jo nesten ikkje skatt. Eg kan ikkje skjønne anna enn at det måtte lønne seg bedre å legge forholda til retta for folk som kan tenke seg å bli.

Ulovleg overtid

— Det må vel bli mye overtidsarbeid når de stadig manglar folk?
— Ja, i perioder kan det enormt mye, og det kan vere vanskeleg å fått tatt det igjen som avspasering. Men mest er det vikarane som tar overtid, det går over alle grenser. Vi har tatt det opp frå NSF, da fikk vi til svar at vikarane ville jobbe så mye, og at om vi laga bråk om vikarane, måtte vi ta overtida.

Klasseskille i boligtildeling

— Eg ser i lokalavisene her at hjelpepleiarane klagar over at dei får dårlegare boligar enn sjukepleiarane. Kva seier dokker sjukepleiarar til det?
— Det er eit enormt klasseskille når det gjeld boligar her. Det samme gjeld barnehageplass. Men det er ikkje ein konflikt mellom hjelpepleiarar og sjukepleiarar som det kunne sjå ut til av avisa. Vi i NSF støttar fullt opp om krava frå hjelpepleiarane. Vi synes hjelpepleiarane er veldig undervurdert. Dei er stabile og erfarne og heilt avgjørande når det er så stor gjennomtrekk av andre grupper.

Kven har skylda?

— Men kven er det som har skylda for problema her på sjukehuset?
— Vi legg lett skylda på administrasjonen her, men vi velt ikkje kva dei har fått av ordre. Eg trur vi ofte må leite lenger oppe. Politikarane ser ikkje kor nødvendig det er med kvalifisert personale. Del trur visst det er bare å plukke inn husmødre og skolejenter frå gata.


Til startsida

sveilund@online.no