Artikkel i Klassekampen, 31.05.1989
Seglar mot Stortinget
I stiv nordvest kuling og snøbyger stampa fiskar Jarl Josefsen seg fram med sjarken frå Tufjord på Rolvsøya for å komme fram til Finnmarkslistas fylkeskonferanse i Hammerfest.
Av SVEIN LUND, HAMMERFEST
Og harde vindkast og mange skjær i sjøen har det og vore før Finnmarkslista no endelig
er i hamn. Heilt til det siste har det vore uklart om det blir ei eller to tverrpolitiske lister ved stortingsvalet i Finnmark. Arbeidsutvalet i Finnmarkslista har gjort atskillige forsøk på samarbeid med Folkeaksjonen Framtid for Finnmark.
Etter at FFF tidligare hadde skjelt ut Finnmarkslista som "RV-dominert", erklærte leiaren for FFF for to veker sidan at dei ville ha samarbeid og inviterte arbeidsutvalet i Finnmarkslista til nominasjonsmøtet sitt. Men kvelden før møtet blei innbyinga trukke tilbake, og dei tok heller ikkje imot innbydinga til å stille på Finnmarkslista sitt møte i helga. Anders Aune har siste veka gått hardt ut mot Finnmarkslista, og det skal vere han som satte den endelige stopparen for samlingsforsøket.
— Blir ikkje folk forvirra når det blir to tverrpolitiske lister?
— Vi ønska eit samarbeid med Folkeaksjonen Framtid for Finnmark, seier Grete Andreassen, medlem av arbeidsutvalet i Finnmarkslista og nummer fire på lista.
— Men etter at dei skifta namn til «Aunelista» har dei redusert seg til ei personlig liste for fylkesmann Anders Aune. Dei er ikkje seriøse i mine auga. Både første- og andrekandidaten deira seier dei ikkje skal drive valkamp. Aune seier han trivas best som fylkesmann. Etter vår meining er det bare ei tverrpolitisk opprørsliste, og det er Finnmarkslista.
Inn i fylkeslistene
- Nå har vi gått inn i Fylkeslistene for miljø og solidaritet for å auke sjansane
til stortingsmandat enno meir, seier Jarl Josefsen. - Der har vi ein stor fordel framfor Aunelista med at vi har sjanse på utjamningsmandat, men det har ikkje dei.
Jarl Josefsen blei nominert på andreplass. Han er sjarktiskar, har vore leiar for Tufjord Fiskarlag og sete 12 år i kommunestyret i Måsøy for Senterpartiet. For han er fiskerispørsmål det absolutt viktigaste i programmet.
— Vi må få ressursgrunnlaget på fote. Det blir ikkje enkelt, men det er grunnlaget for alt liv på kysten.
Fiskeriliste?
Finnmarkslista er nokså dominert av fiskeriinteresser. Av dei ti er det to fiskarar, to fiskeindustriarbeidarar. to fiskarkoner og ein toppkandidat som rett nok arbeider som faglærar,
men som i første rekke er kjent som fiskeripolitikar.
Er dette så nærast ei slags «Fiskeriliste"?
— For størstedelen av fylket er det i dag det som betyr mest, seier Grete
Andreassen, som sjølv er fiskeindustriarbeidar og leiar for NNN i Hammerfest.
— Vi må stoppe rovfisket, utvide maskevidda og overvåke fiskefelta bedre. I dag tar alle tjuvfiskarane sjansen på at dei ikkje blir tatt. Men vi legg og stor vekt på næringsgrunnlaget i andre delar av fylket, slik som bevaring av arbeidsplassane i reindrift, jordbruk og på Sydvaranger.
Einar A. Edvardsen, Nordlandslista sin førstekandidat og ein av hovudtalsfolka for Fylkeslistene var invitert for å orientere om Fylkeslistene. Etter orienteringa hans forsvann
mye av den skepsisen som hadde vore før, og tilslutning blei samrøystes vedtatt.
— Langs heile kysten er vi avhengig av havet, sa han. Dør havet, dør vi alle.
Finnmark sine problem er ikkje eineståande. Her er svært mye som minner om situasjonen i Nordland. Heile landet har ikkje akkurat dei samme problema. Derfor blir programma forskjellige, men noko er felles, og uttrykka miljø og solidaritet dekker bra alt det vi arbeider med.
Samepolitikk
— Er så Finnmarkslista eit godt alternativ for dei som kjempar for samiske interesser?
Vi stilte spørsmålet til Ruth Rye Josefsen, deltakar på fylkeskonferansen og nylig nominert på andreplass på lista til sameforeningene i Alta/Kvalsundområdet ved sametingsvalget. — Eg vil legge vekt på at programmet går inn for utvikling av samisk sjølvstyre, at samisk språklov må bli vedtatt og at reindrifta må styrkas. Likevel synes eg nok at samiske spørsmål har fått litt for liten plass. Eg vil bl.a. legge større vekt på at reinbeiteområdene blir verna mot inngrep. Om vi samanliknar med Aune-lista er likevel dette programmet bra. Dei har inga meining om samepolitiske spørsmål i det heile.
Lista
Møtet vedtok nokre endringar av lista, og den blei endelig sjåande slik ut:
1. Jarl Hellesvik, faglærar, Hammerfest (uavh.)
2. Jarl Josefsen, fiskar. Måsøy (Sp)
3. Jorunn Mikkola. Småbrukar, Alta (KrF)
4. Grete Andreassen, fiskeindustriarbeidar, Hammerfest (NKP)
5. Olaf Hansen, bonde, Tana (Samelista)
6. Anne Bjørg Vekve Svendsen. husmor. Alta (FrP)
7. Sunvald Brinchmann, fiskeindustriarbeidar, Vardø (uavh.)
8. Grethe Lill Ryeng, platearbeidar, Sør-Varanger (AKP)
9. Peder K. Hansen, fiskar, Sørøysund (H)
10. Lisbet Lund, sosionom, Vadsø (NKP)
Til startsida
sveilund@online.no