Debattinnlegg i Ruijan Kaiku november 1996

SOM FANDEN LES BIBELEN

Har kvenane i Noreg så få fiender at dei må dikte seg opp nokon? Eg må verkelig lure etter at innlegget mitt i Ruijan Kaiku 18.10.96 fikk redaktøren til å skrive ein leiar i samme nummer der eg blir framstilt som ein av dei som ikkje ser at kvenane finst. Årsaka til at eg er så blind skal vere at eg bur i Guovdageaidnu, og her er vi visst ikkje er i stand til å sjå anna enn samar og rein. Takk for tilliten!

Skal ein kunne føre ein diskusjon må ein først ta utgangspunkt i det folk seier og skriv, ikkje tillegge dei andre meiningar for så å polemisere mot ting dei aldri har sagt. Om Ruijan Kaiku sin redaktør tok seg tid å lese innlegge mitt ein gong til ville ho sjå at eg ikkje har skreve at: - Det ikkje finst nokon kvensk minoritet i Noreg, at det bare finst nordmenn, samar og innvandrarar i landet. - At målfolk er den mest undertrykte språklige minoriteten i Noreg - At kvenane ikkje skal ha rett til undervisning i sitt morsmål. Dette har eg aldri skreve og aldri meint.

Innlegget mitt var eit svar til Yngvar Skotnes som skreiv mot at nordmenn og kvenar skulle lære samisk. Det dreide seg derfor i hovudsak om samisk språk og var ikkje eit innlegg om mitt syn på den kvenske minoriteten. Når eg kom inn på det finske / kvenske var det fordi Skotnes sa kvensk og samisk måtte likestillas. Dette meiner eg framleis er umogleg utan å fjerne rettar samane har i dag / motarbeide rettar samane kjempar for.

For å gjøre det heilt klart ka eg meiner: Kvenane er ei minoritetsgruppe med fleire hundreår lang busettingshistorie på område i Troms og Finnmark som i dag hører til den norske staten. Kvenane er ikkje finske innvandrarar. Dei slo seg ned her før den finske staten blei oppretta og har utvikla kulturen og språket gjennom fleire hundreår bl.a. utvikling av næringar som var ukjende i det tidligare busettingsområdet i Kvenland (noverande Sverige / Finland) og gjennom ei gjensidig påvirkning med norsk og samisk språk og kultur. Kvenane er derimot ikkje eit urfolk (urbefolkning) etter folkeretten.

Kvenar og finske invandrarar har rett til undervisning i eige språk. Alle skolar i Noreg og særlig i Nord-Noreg bør gi ei langt betre innføring i kvensk historie og kultur enn det dei får i dag.

Eg stør fullt ut kravet frå bl.a. stortingsrepresentant Erling Folkvord om oppretting av eit sekretariat for kvensk / finske skolespørsmål.

Eg deler Arja Koskinen sin kritikk av samiske politikarar som ikkje vil akseptere kvensk / finsk i skolen. (Sjå innlegg i fleire nordnorske aviser denne veka.)

Så til spørsmålet om likestilling. Skal ein kreve likestilling må ein ta utgangspunkt i kas stilling samisk språk har i skole og samfunn i dag. Eg kan nemne nokre eksempel: - Samisk er etter loven likestilt administrasjonsspråk med norsk i 6 kommunar. - I 3-4 av disse kommunane er samisk obligatorisk fag i skolen for alle elevar. - Det er to samiske vidaregåande skolar og ein samisk høgskole der undervisninga heilt eller delvis foregår på samisk. Samisk er og hovudspråket i undervisninga i ei rekke grunnskolar. - Det finst eit samisk utdanningsråd med 17 tilsette. - Det finst eigne samiske læreplanar for dei fleste fag i grunnskolen. - Det finst eigen samisk radio og fleire nærradioar med samisk som hovudspråk.

Forsøk no å bytte ut "samisk" med "kvensk" i avsnittet over og svar på om det framleis er likestilling dokker vil ha. I tilegg kjem så dei krava som er reist frå samiske organisasjonar og skolar som førebels ikkje har nådd fram, som bl.a.: - individuell rett til samiskopplæring over heile landet. - samiske læreplanar i dei fleste fag i vidaregåande skole.

Så lenge det frå kvensk miljø aldri er stilt krav eller ønske så mye som i nærheita av dette, vil eit krav om likestilling kunne oppfattas som at samane sine noverande rettar må reduseras slik at ein kjem på linje.

"Nå er det bare kvensk-finsk som er undertrykt", skriv leiarskribenten. Som innbyggar i Guovdageaidnu og lærar i samisk vidaregåande skole ser eg daglig eksempel på at samisken framleis blir undertrykt og diskriminert. Skulle eg byrje med eksempel her ville det fort sprenge spalteplassen. Vi har i Noreg ei rekke språklige minoritetar som er undertrykte på forskjellig vis. Skal vi nå fram må vi støtte kvarandre sine krav, kvenar, samar, målfolk og innvandrarar. Men denne solidariteten må bygge på ei forståing av at vi ikkje er i akkurat samme situasjonen og at krava derfor vil vere forskjellige. Sjølv er eg medlem av Noregs Mållag og har der sett mangel på forståing for det samiske og kvenske. Eg er redd for at det både i samiske og kvenske miljø enno manglar mye på forståinga for kvarandre. Eit stort framskritt ville vere om Ruijan Kaiku ville halde seg til sanninga i staden for å sloss mot innbilte fiendar.

Svein Lund

______________________________________________________________________

Fleire artiklar om kvenske spørsmål under katalogen Nordkalotten

Til startsida

sveilund@online.no