Innlegg i Klassekampen, 19.09.1988

Svein Lund:

Regnbuealliansen og distrikts-Norge

I KLASSEKAMPEN 8.9. legg Eirik Tvelten fram eit forslag til program for ein valfront han kallar «Regnbuealliansen». Såvidt eg forstår meiner han dette skal vere eit landsprogram, sjølv om det minner meir om eit program for fylka rundt Oslofjorden.
Etter mi meining bør ein slik allianse bygge på fire hovudelement: Arbeidaropprøret (fagopposisjonen), Kvinnerørsla, Miljørørsla og Distriktsopprøret. I alle fall i Nord-Norge vil det siste vere den viktigaste krafta. Programmet må rette seg mot regjeringa sin politikk for avfolking av distrikta, skal ein ha ein samla parole, kan eg tenke meg:
— Stopp raseringa av Distrikts-Norge, snu flyttestrømmen.
Dette kan bl.a. konkretiserastil:
— Stopp rovfisket!
— Gjeldssanering for kystfiskarar.
— Stopp nedlegginga av jordbruket.
— Ingen nedlegging av arbeidsplasser før nye er bygtd opp.
Tveiten tar opp rasismen mot innvandrarar, men ikkje rasismen mot urbefolkninga i Nord-Norge. Valalliansen må ha med støtte til kampen for samisk språk, kultur og næringsliv i landsprogrammet.
Under miljøspørsmål gjør han kollektivtransport/privatbilisme til hovudspørsmålet. For storbyane kan det vere rett. For distrikts-Norge derimot er dei to største miljøproblema rovdrifta på fisken og forureininga av havet, særlig Nordsjøen. Eg trur og mange i spreidbygde distrikt vil reservere seg mot at heile landet skal redusere privatbilismen med 50 prosent. Valalliansen kan ikkje ha noko omfattande utanrikspolitisk program, men det går ikkje an å redusere den anti-imperialistiske kampen til boikott av Sør-Afrika. Som eit minimum bør programmet slå fast at alle nasjonar skal ha sjølvråderett.


Til hovudsida.

sveilund@online.no