Innlegg i Finnmark Dagblad 06.11.1991

"Kautokeino reddes"

«Kautokeino reddes», skreiv Finnmark Dagblad over nesten heile førstesida 12. oktober. Sjølvsagt ei gledesmelding for oss som bur i kommunen, vi treng ikkje lenger bekymre oss for ei arbeidsløyse på opp mot 40-50%. Men vi vil jo gjeme vite kordan kommunen vår skal red­das. Grunnlaget for overskrifta viser seg å vere at Steinar Peder­sen, «regner det som veldig sannsynlig at Kautokeino vil få en omstillingspakke fra staten». Pakka skulle vere på fleire hundre millionar, eller opptil ein million pr. tapt arbeidsplass Men så går det fem dagar og i ein knøtt liten artikkel godt bortgjømt inne i avisa kjem det: «Pedersen understreker at han ikke har sagt at Kautokeino kommune kan få et omstillings- beløp på flere hundre millioner kroner, slik det har vært gjengitt i Finnmark Dagblad tidligere. «Nei, vel. Det forandrar saka. Ka er da igjen av den store red­ninga? Ingen verdas ting. Eit vagt løfte om at når kommunen ein gong til neste år har laga ein næringsplan, kan det kanskje bli pengar å få. Eit mildt sagt tynt grunnlag å bygge framtida på for dei som no har tatt sin siste ar­beidsdag i Biedjovåggi gruver, eller for dei mange som ser at det ikkje lenger er plass til dei i reindrifta.

På folkemøte 11.10 skulle kommunen legge fram planane for nye arbeidsplassar. Etter ei utgreiing om kor alvorlige pro­blema var, fikk vi presentert 7 nye etablerarar som har slått seg ned i bygda. Da eg påsto at dette ikkje hadde ført til ein einaste ny arbeidsplass for folk frå byg­da, blei eg korrigert av ordføra­ren; det hadde ført til 1 - ein ny arbeidsplass. Lesarane får sjølv avgjøre om dei vil kalle dette for ei korrigering eller ei bekrefting. 1,4 millionar har staten brukt på å flytte 7 arbeidsplassar frå Fredrikstad, Gudbrandsdalen og Stockholm og hit. På møtet kalla eg dette for fornorskingspoli- tikk. Ka anna kan ein kalle det når ein gir støtte bare til folk som kjem utafrå, i staden for å for­søke å utvikle nye ting på lokalt og samisk grunnlag. Det minner mistenkelig om den gongen sta­ten betalte småbrukarar og husmenn frå Østerdalen for å komme opp og befolke Bardu, Pasvik og Tverrelvdalen. Og om da norske lærarar fikk lønnstil­legg, mens samiske lærarar ikkje fikk jobb. Sjølv om samisk språk er i framgang på fleire område, er språket framleis svært pressa, også i det såkalte samiske kjer­neområdet. Kordan vil en bevisst import av 7 norsktalande servi­cebedrifter virke inn på dette?

Det er dessverre ikkje bare Steinar Pedersen som er feil gjengitt i FD. Det blir framstilt som om eg var mot etablerarane fordi dei driv verksamd på sida av dei tradisjonelle samiske næ­ringane. Så konservativ er eg ikkje. Det er klart at ein må sjå utover dei tradisjonelle næringa­ne. Det eg kritiserte var at det ikkje fins planer for å skape ar­beidsplassar som er aktuelle for dei som kjem frå dei tradisjonel­le næringane eller gruvedrifta. Det fins heller ikkje noko opp­legg for å gi disse eit utdannings­tilbod som passar for dei.

Det vi har sett i Guovdageaidnu er at luftslott blir prioritert over produksjon. Her burde vere sto­re muligheter i videreforedling av reinprodukt og utmarkspro­dukt, i handverksbedriftar og verkstader. Det er ei rekke mil­jøtiltak som ventar på å bli gjort. I staden opplever vi at det blir gitt støtte til ein telefon der du kan få stilt horoskopet ditt for framtida og bli kopla saman med interessante personer av motsatt kjønn.

At Biedjovåggi gruver ville stoppe har kommunen visst si­dan dei starta opp igjen. At mange er til overs i reindrifta har og alle visst lenge. Når da kom­munen ikkje har anna å by dei enn at det skal komme ein næ­ringsplan ein gong til sommaren, er det ei skam.

Guovdageaidnu, 27, oktober 1991
Svein Lund


Til startsida

sveilund@online.no