Reportasje i Klassekampen, 07.12.1989

Brei motstand mot NATO-radar i Troms

Omlag 40 personar demonstrerte søndag i Dividalen i indre Troms mot Forsvaret sine planar om bygging av ein ny radar på den 1700 meter høge fjelltoppen Njunis, bare 300 meter frå Dividalen nasjonalpark.

Av SVEIN LUND, MÅLSELV

Anleggsarbeidet skulle ha starta i førre veka. Men Forsvaret blei nøydd til å utsette starten fordi det kom fram at verken landsbruksstyresmaktene eller reindriftsnæringa hadde fått uttale seg. Njunis-radaren er bare starten på ei gigantisk utbygging for Forsvaret i Troms, ei utbygging for f em milliardar på få år. Bare i 1990 skal det investeras for 1.5 milliardar.

Mens kommunale og fylkeskommunale styresmakter nøyer seg med å strø sand på NATO sine planar, er det ein aukande motstand i befolkninga i Troms mot at Norges mest militariserte fylke skal bli heilt omdanna til ein militærbase. Eit uttrykk for det er den nydanna aksjonsgruppa mot militarisering av Troms.

Fakkeltog i skogen

Det var stille og fredelig ved garden Frihetsli øvst i Dividalen da demonstrantane frå Målselv og Tromsø kom på sundag. Alt som kunne tyde på at noko var på gang her var at det er hogd ut ei gate i skogen der vegen til radaren skal gå. Langs denne gata gikk demonstrantane med faklar og plakatar før dei slog seg ned rundt bålet med kaffe og hørte på appellar. Protesten retta seg både mot militariseringa og mot naturøydelegginga, og blant demonstrantane var det både folk som mest var opptatt av miljøvern, og folk som ville demonstrere mot auka militær opprusting.

Lokal motstand

Forsvaret rekna nok med støtte til utbygginga hos folka på dei næraste gardane. Dei skulle få rusta opp den dårlige vegen sin for fem millionar. Men der var det ingen som hadde ønske om å få eit sikkert bombemål like innpå seg. Til no har det vore fredelig øvst i Dividalen, ein har ikkje vore plaga med stridsvogner over tunet slik ein kan oppleve under dei store NATO-øvingane lenger ned i Målselv. Så i staden for å ønske forsvaret velkommen stilte fleire av bøndene på Frihetsli opp og tok del i demonstrasjonen, og Øyvind Frihetsli heldt appell. Han retta eit sterkt angrep på miljøstyresmaktene som ser ut til å godta alle slags inngrep frå Forsvaret si side, men som derimot slår hardt ned på reindriftssamane. Like utfor Dividalen nasjonalpark får Forsvaret bygge radar og vegar og fylle ut 2-300000 kubikkmeter steinmasse. Mens det blir eit veldig bråk når reindriftssamane set opp ein reingjerde innafor nasjonalparken. Slik blir nasjonalparkane eit alibi for det dårlige samvetet vårt. Dette er å opptre med herrefolksmentalitet, sa han.

Bit for bit

- Kor stor skade Njunisutbygginga vil få er ikkje godt å seie, seier Frihetsli til Klassekampen. - Vi har ikkje fått skikkelig informasjon. Vi hører rykte om bygging av fleire vegar, men veit ikkje heilt ka vi skal tru. Eg ser ikkje dette som ei isolert sak. Det er eit lite ledd i ein mye større plan. Etterkvart som forsvaret tar bit for bit, blir det vanskeligare og vanskeligare forhold for reindrift, jordbruk og friluftsliv. Njunis er bare blåbær mot det som kjem når. Forsvaret skal bygge ut i Mauken - Blåtind. På same måte som den andre apellanten, Oddveig Paulsen frå Målselv, stilte han spørreteikn ved om det er slik Norge bør bruke pengane :
- I dag brukar Norge 13 gonger meir til militært forsvar enn miljøforsvar, sa Paulsen.
- Og sjølv om dei kan svare at dette er NATO-middel, sa Frihetsli, så må vi spørre om verda har råd. I staden for å bli meir og meir avhengig av militæret må vi satse på å styrke primærnæringane. I dag ligg 50 prosent av jorda i Troms brakk, sa Frihetsli, som og er leiar for Bonde- og Småbrukarlaget i Troms.

Mauken-Blåtind

På 50-talet tok Forsvaret Mauken-området og Blåtind-området til skytefelt, til saman vel 200 kvadratkm. Dette har ført til store skader for reindrifta, og reineigarane har vore nøydd å redusere reintalet kraftig. No planleggas ei utviding og samanbinding av desse felta. Samtidig vil belastninga bli atskillig hardare, med vegbygging og kjøring med tunge kjøretøy på opptil 50 tonn. Denne utbygginga vil forsvaret ha gjennomført alt frå neste år, men del har møtt stor motstand frå både reindriftssamar og bønder. Blir planen gjennomført kan mange reineigarar bli tvungne å gl opp.

Opp i Sametinget

Saka vil og bli tatt opp i Sametinget og vil kunne bli ein prøvestein på om Sametinget har noko som helst del skal ha sagt. I Mauken-Blåtind-området har norske reindriftssamar vinterbeite, mens Dividalen er sommarbeite for svenske reindriftssamar, både i og utafor nasjonalparken. Ettersom beiteretten deira er slått fast i den svensk-norske reinbeitekonvensjonen, blir det no stilt spørsmål om ikkje ei utbygging her og må godkjennas både av reindriftssamane og av svenske styresmakter. Reindriftssamane har flytta her sidan lenge før grensa kom, og retten til beite over grensa blei slått fast i «Lappekodisillen» som følgde grensetraktaten av 1751.

Trygge arbeidsplassar

Njunis-radaren skal vere ein såkalla silo-radar, det vil seie at han skal kunne trekkas ned l fjellet under eit angrep. Han blir ein del av NATO sin luftradarkjede NADGE. Liknande radarar skal byggas på Senja i Troms og Magerøya i Finnmark. Prislappen for Njunis-radaren er på omlag 350 millionar, innkludert ni km tunnell opp til toppen. Kommunestyret i Målselv har godtatt bygginga mot fem røyster. I kommunane Målselv og Bardu er Forsvaret suverent største arbeidsplass, med 40 prosent av dei sysselsette. Frå eit møte på Bardufoss i sommar fortel avisa Nordlys: «Forsvarsminister Johan Jørgen Holst beroliget de som frykter nedbygging av de konvensjonelle styrkene i nord, og dermed færre arbeidsplasser.» Nei, her er visst ingen «fare» for nedrustning. Forsvaret er visst snart dei einaste trygge arbeidsplassane i Nord-Norge.

For dei som måtte meine at det er trygt å ha eit sterkt forsvar, kan det vere naudsynt enno ein gong å minne om kva det er til for, med eit sitat frå tidligare sjef for NATO sin Nordkommando, general Peter Whiteley: «Finnmark er et meget stort område... Jeg vil beskrive området som en arktisk ørken, og jeg kan ikke tenke meg noe annet sted i det europeiske landområdet der et fiendtlig angrep på NATO-lands territorium kan bli stanset ved hjelp av kjernefysisk eksplosjon med noen grad av sikkerhet, og med bemerkelsesverdig lite skade torevrig.»


Til startsida

sveilund@online.no