Av SVEIN LUND, TROMSØ
Mens boligmangelen er stor og mange «gatebarn» står utan tilbod har Tromsø kommune satt igang aksjonen «Tromsø rein», som bl.a. går ut på å rive ned gamle og tildels bevaringsverdige hus som kommunen ikkje har sett seg råd å vedlikeholde. Da vi torsdag gikk bortetter Skippergata i Tromsø, la vi merke til ein gutt som sto å skreiv med tusj på ein vegg. Veggen var grå, huset hadde plater for dei fleste vindua, og teksten blei etterkvart: «DETTE ER VÅRT HUS.»
Vi må spørre ka dette skal vere godt for.
- Vi har tatt dette huset for vi har ingen stad å bu. Er du frå avis, kom inn, kom inn. Oppe i 2 etasje sit det 6 ungdommar som gjerne vil fortelle. Om at i Tromsø er det masse gatebarn, kanskje 60-70.. Om at huset har stått tomt i 10 år, men at det er godt brukbart, bare dei får pussa opp litt. Og at dei har nok av idear om ka dei vil bruke det til. Faktisk fleire enn det er plass til.
Her er nok av ungdommar som kan tenke seg å bu her, teater- og rockegrupper treng øvingslokale, og dei kan tenke seg både krisehelm for gatebarn og kafe.
Det skal i alle fall ikkje vere nokon samlingsstad for fyll og stoff og sniffing. - Huset skal vere -stoff-fritt, seier dei. Fleire av ungdommane har vore borti sniffing, men kome seg ut av det. Det var ein i huset som sniffa, han blei kasta kontant ut. Yngve Olsen (17) har budd her i 1,5 månad. Han har etter kvart fått selskap av fleire, og dei har fått tak i gamle møbler, tepper, kjøleskap m.m. og gjort det levelig i eit par rom i 2.etasje. Resten av roma står tomme og det er tydelig at her trengs oppussing etter at huset har forfalt i mange år. Dei viser fram dagens utgave av lokalavisa Nordlys. Der går fylkeskonservatoren mot riving av huset, da det er eit av få hus som er så gamle i byen. Men Nordlys har enno ikkje oppdaga at her bur folk. Og dei som budde der visste ikkje at huset var planlagt reve før Bjørn Willumsen, kommunestyrerepresentant for RV, kom og varsla del 2 timar før rivinga skulle ta til. Thyholtgården er langt ifrå noko eineståande tilfelle. Det er ikkje første gangen kommunen har forsøkt å rive hus del ikkje ser seg råd å vedlikeholde. Kommunen har ei rekke hus ståande rundt om, og i mange av dei har huslause tatt inn. Men idag ser dei seg ikkje ein gang råd å vedlikeholde vanlige kommunale leiligheter. Ka dei skal bruke plassen til om Thyholtgården blir reven er noko iklart. I Nordlys står det at området er regulert til trafikkføremål, men bygge- og eigedomssjef Ole Lager seier at her skal byggas rådhus. Samtidig som ein planlegg, å pusse opp nåverande rådhus for 10 mill. I 1988 er det planlagt å bygge ein kriseheim for gatebarn i Tromsø.
— Men krisa er nå, seier Yngve Olsen. Frå kommunen klagas det over at ungdommen ikkje tar kontakt med hjelpeapparatet.
Etter å ha lest avisa Tromsø for lørdag, seier vi ikkje noko på at dei ikkje gjør det. Der går sjefspsykolog Trond Bruun-Hansen ut og seier at «Yngve er ikke noe gatebarn. Han har i høyeste grad et skikkelig hjem.... Moren har i alle år gjort sitt beste for å hjelpe gutten.» Foruten at dette er grovt brot på psykologen si taushetsplikt seier det mye om ka han forstår av konfliktar i heimane. Er arbeids- og huslause ungdommar heilt rettslause mot slike overgrep frå psykologane og pressa? Førebels er rivinga utsatt, og igår (tirsdag) reiste RV saka i formannsskapet. Resultatet var ikkje klart da Klassekampen gikk i trykken.
Til startsida