Artikkel i Klassekampen 1990

Nord-Norges-aktivisten

- Folket i Nord-Norge har alltid vore nøydd å kjempe mot sentralmakta. Aldri har landsdelen vore så ille ute som no. Difor gjeld det at vi greier å stå saman.

Av Svein Lund

Initiatlvet til den nye aksjonen kjem frå folk som har vore aktive l kampen for kystfoket sine interesser, blant dei Hanne Nilsen, leiar for fiskarkvinneaksjonen på Sørøya, og Svein Johansen, tidllgare leiar av Aksjon Kyst-Norge. Hugo Reiertsen, som er kontaktperson, er tidligare kystfiskar og aktiv deltakar i den fiskeripolitiske debatten. I disse dager sender del ut brev til ei rekke organisasjonar og einskildpersonar i Nord-Norge med innbyding til skipingsmøte l Tromsø 24. februar.

- Skal dette bli eit nytt Aksjon Kyst-Norge?
- Nei, sjølv om det er i fiskeristrøka krisa er mest akutt, og sjølv om det er her initiativet kjem frå, så veit vi at livsgrunnlaget og busettinga er truga i nesten heile landsdelen. Mange kan bli pressa ut av reindrifta, jordbruket går stadig tilbake, og del største industriarbeidsplassane som Sydvaranger og Jernverket er halvert på få år. Saman med styresmaktene si innstrammingspolitikk gjør svikten i næringsgrunnlaget at kommunane og fylka får ein så dårlig økonomi at arbeidplassane blir borte i offentlig sektor og.
- Men er det mogleg å forene alle i Nord-Norge?
- Det kan bli veldig vanskeleg. Alle får vi nok ikkje med, men eg trur det er mogleg å samle store delar av opposisjonen frå forskjellige område. Folk er splitta mellom næringar og innafor dei forskjellige næringane, vi har motsetningar mellom nordmenn, samar og kvænar osv. Det eg håper på er at vi trass i desse motsetningane kan klare å stå saman der vi har felles interesser; i å forsvare grunnlaget for busettinga i Nord-Norge.

Ingen konkurrent

- No har vi ei rekke aksjonar på gang: Kystfiskaraksjonar, Fiskarkvinneaksjonen, Folkeaksjonen Fremtid for Finnmark, Aksjon Nord-Troms osv. I tillegg har vi samiske organisasjonar og ulike interesseorganisasjonar. Har de ikkje tillit til desse ? Kvifor ein ny organisasjon?
- Vi ønsker ikkje å gå mot nokre av dei aksjonane som er igang for å forsvare nord-norske interesser. Snarare tvert om, vi ser det som ei svært viktig oppgave å drive støttearbeid for dei. Men desse aksjonane og organisasjonane er lokale eller næringsretta eller begge deler. I dag finst det ingen organisasjon som kan fungere samlande. Og det treng vi om Nord-Norge skal gå framover. Det som skjer i dag er eit overgrep som er heilt utruleg. Så langt tilbake ein kjenner til har folk på kysten tradisjonar i fiske. Heile tida har Nord-Norge blitt utbytta. Men dette set alt i skuggen. For første gong blir kystfiskarar direkte fratatt retten til å fiske. Vi norske bør gi full støtte til Sametinget når dei no tar opp kampen for rettane til samiske fjordfiskarar. Mange av dei blir no nekta torskekvote fordi fjordfisket har vore så dårlig dei siste åra. Det gjer at heile den sjøsamiske busettinga og kulturen kan bli rasert på få år. Her fell interessene til samane og den norske kystbefolkninga saman. Eg meiner at ein norsk fiskar f.eks. her på Senja på same vis har ein rett å forsvare mot overgrep fra fiskeristyresmakter og fabrikktrålarar frå Møre. Denne retten til fiske bygger på over tusen år gamle tradisjonar, og er sterkare enn noko vedtak l Reguleringsrådet. Ikkje berre i fisket, men og i andre næringar er hovudspørsmålet for Nord-Norge retten til sjølve å rå over ressursane og å drive næringane på vår eigen måte. Vi ser no resultata av at staten har pressa både jordbruket og reindrifta til å drive etter mønster av storgardar sørpå; store investeringar og overdreve mekanisering fører til konkursar i jordbruket og overbeskatning av reinbeita. Er det ikkje noko av same politikken som har ført til fabrikk-trålarar og svart hav?

Sjarken og støa?

- Du snakkar om å forsvare kystflåten. Vil du tilbake til sjarken i støa og hand juksa? - Den utbreidde førestillinga om at kystflåta er lik sjark har lite å gjere med røyndomen i dag. I kystflåten er det i dag svært mange moderne båtar med høgteknologi ombord. Kystflåten er meir enn i stand til å ta opp den fisken som er forsvarleg å ta, og den er best i stand til å gjere det på ein forsvarleg måte. Kystflåten har og elt stort fortrinn framfor trålarane i å kunne levere fersk fisk av god kvalitet. Utan kystflåten fell grunnlaget for busettinga etter kysten bort.
- Men store delar av fiskeindustrien er basert på trålarar, kva med arbeidsplassane her?
- Utan at ein tar vare på ressursane, har vi heller ingen fiskeindustri. Det som er basert på trålarar vil måtte omstille seg slik at ein brukar andre måtar for å sikre jamn produksjon, t.d. dobbeltfrysing, kombinasjon med oppdrett, havbeite osv. Her er ei nærllggande oppgåve for dei som snakkar så mykje om omstilling i næringslivet. Dessutan må vi ikkje gløyme at kystflåten har utvikla seg slik at den er l stand til å drive større del av året enn før.

Berre Nord-Norge?

- No er det ikkje berre i Nord-Norge folk har problem. Arbeidsløysa veks over heile landet, kystfiskarar slit hardt på Vestlandet og. Kvifor avgrense aksjonen til Nord-Norge?
- Vi er på Ingen måte mot at folk på andre kantar av landet organiserer seg og kjempar for arbeid og livsgrunnlag på sine heimplassar. Men Nord-Norge er noko spesielt. Landsdelen har vore som ein koloni i hundrevis av år. Ein kjem ikkje frå at NordNorge no er spesielt hardt ramma. Dessutan identifiserer folk seg med nordnorske Interesser, vi har noko som samlar oss.

Skattelette?

- Skal de gå inn for skattelette? - Vi vil i første rekke vere ein aksjon for å forsvare ressursane, ikkje kjempe om retten til å betale skatt. For ein fiskar som har større renteutgifter enn inntekter hjelper det fint lite med skattelette.
- Blir Nord-Norge-aksjonen ein aksjon på venstresida?
- Vi ønsker å få ein så brei aksjon som mogleg. Dei som har deltatt så langt er frå eit breitt politisk spekter, dei fleste er partipolitisk uavhengige. Parti og organisasjonar må gjerne støtte oss, men ikkje dominere oss.
- De satsar med andre ord på ein aktivistorganisasjon?
- Heile vitsen er jo å få lokal aktivitet, å få flest mogleg aktive, og flest mogleg medlemmer. Om vi skal opne for noko form for kollektivt medlemskap er ei av sakene som må diskuteras på skipingsmøtet. Her har vi ikkje noko fastlåst syn.

Aksjonar

- Skal de no sette i gang ulovlege aksjonar? - Det første vi vil gjere er å sette igang støttearbeid for dei aksjonane som alt er i gang. Det er viktig å få bybefolkninga og ut på banen, og å arbeide for solidaritet sørfrå. Kva slags aksjonar som vidare kan bli aktuelt får vi diskutere. Men når til og med ordføraren i Loppa oppmodar til sivil ulydnad seier det mykje om kor desperat situasjonen er.
Eg vil understreke at det et har sagt her er mine meiningar, ikkje noko som skal binde opp aksjonen som blir starta om tre veker. Vi oppmodar alle som kan til å komme til Tromsø 24. februar og vere med og forme Nord-Norge-Aksjonen.


Til startsida

sveilund@online.no