Innlegg sendt Klassekampen 18.05.2018

Nei i Finnmark – og kva så?

Mange takk til Ole Magnus Rapp og Klassekampen for flott oppslag 18.05. om folkerøystinga i Finnmark, der 87% sa nei til å bli samanslått med Troms. Avisa har til og med kosta på ein leiarartikkel om saka. Leiaren startar bra med støtte til Finnmark som eige fylke, men det eg reagerer på er avisa sin konklusjon: "Vi håper både regjeringen og Stortinget tar fornuften fatt og legger tvangssammenslåingen på is." Det er lov å håpe på det meste, men regjeringspartia og KrF har allereie slått fast at folket si meining betyr ingenting for dei. Denne tvangssamanslåinga er det største overgrepet mot lokalt og regionalt folkestyre i Noreg sidan dette blei oppretta i 1837. Dersom det blir ståande mot eit overveldandande folkefleirtal er norsk lokaldemokrati lagt daudt. Derfor er ikkje dette bare ei sak for Finnmark, men for heile landet. Av avisa Klassekampen burde ein vel da kunne forvente at ein oppmoda til kamp, ikkje bare sette si lit til den blåbrune regjeringa.

Håp eller kamp?

Spørsmålet er ikkje no om regjeringa vil vere så venlig å snu eller ikkje, men kva som kan gjørast for å gjøre det umogleg å gjennomføre samanslåinga og slik presse Stortinget til å omgjøre vedtaket. Da er det ikkje nok som Støre og Klassekampen å appellere til regjeringspartia. . Arbeiderpartiet har makta i begge dei aktuelle fylkestinga. Desse kan bl.a. nekte å oppnemne representantar til fellesnemnda som skal gjennomføre samanslåinga. Alle organ som er innblanda kan nekte å bidra til samanslåinga, grunngitt med at ho ikkje har noko legitimitet når folket er mot. Folket i Finnmark må halde fram kampen, men vi forventar støtte rundt i landet, ikkje minst frå dei partia som sa nei til tvangssamanslåing på Stortinget.

Kva er det med Finnmark?

Det er bra Støre går mot samanslåing og at han ser at Finnmark er noko spesielt. Men eg er litt forferda over kva han ser og ikkje ser. Han ser ikkje Finnmark som koloni, som samisk og kvensk språk og kultur, som eit fylke der befolkninga har identiteten sin sterkt knytta til fylket. Han ser bare Finnmark som eit strategisk oppmarsjområde mot fienden Russland. I motsetning til Støre og hans forgjengar, som no er USA sin næraste handlangar i opprusting til krig, har folk i Finnmark aldri sett Russland som ein fiende, og det bør vi heller ikkje no.

Gruve mot Russland?

Støre viser og at han ikkje kjenner Finnmarks historie når han seier: "Statlig gruvevirksomhet ble etablert i Sør-Varanger for å skape arbeidsplasser og vise tilstedeværelse noen få kilometer fra grensen." Det stemmer ikkje. AS Sydvaranger blei etablert som eit privat gruveselskap i 1904, og målet var å ta ut jernmalm og tene pengar på det. At Staten seinare blei majoritetseigar i Sydvaranger kom av at staten overtok tyske aksjer ved avslutninga av krigen i 1945, tilsvarande skjedde over heile landet. Omsorgen for arbeidsplassane var heller ikkje framtredande da Stortinget, inkl. Ap i 1985 vedtok nedlegging av bedrifta. Når no Støre sin ven Tschudi for andre gong har fått kjøpe Sydvaranger på billigsalg, burde han kanskje sette seg litt meir inn i historia til Sydvaranger og Finnmark.

Svein Lund
Frivillig finnmarking

Til startsida

sveilund@online.no