Artikkel i Klassekampen, 10.07.1990. Denne teksten stemmer ikkje heilt med det som står i avisa, da noko er stroke eller endra på desken.

720000 tonn SO2

På Kolahalvøya blir det i år sluppe ut 720000 tonn svoveldioksyd. Det er meir enn utslippa i Norge,Sverige og Finland til sammen. Dette er da ikkje noko nytt, seier du. Dei slapp jo ut like mye i fjor. Men for kvart år døyr større del av Kola, og for kvart år blir skadene større inne på norsk og finsk område. I store delar av Nord-Finnland fins praktisk talt ikkje friske bartre. Skadane vil minimum ta hundre år å lege om all nikkelproduksjon blei stoppa momentant.

AV SVEIN LUND, MURMANSK

For eit år sidan var ein stor miljøfestival i Kirkenes og Murmansk. Frå Kirkenes til Murmansk reiste deltakarane gjennom eit av dei mest øydelagte områda i verda, og få ting opptok festivalen så mye som spørsmålet om forureininga frå nikelverka i Nikel, Zapolarnyj og Montsjegorsk. Kva har så skjedd i dette året? Svar: 720000 tonn svoveldioksyd. Ellers ingen ting. Det skal foregå ganske heite diskusjonar på toppnivå, men ingen konkrete vedtak er gjort om innkjøp av renseutstyr. Russarane har ikkje sjølv denne teknologien, men Vesten viser liten interesse. Neste år vil det bli nye 720000 tonn. Og neste år. Og neste? Inntil vi har verdas nordligaste ørken på strekninga Varangerbotn - Murmansk.

I år var det igjen miljøkonferanse i Murmansk. I sluttdokumentet frå den 10. Nordkalottkonferansen blir det ikkje bare kravd at Sovjet må trappe ned forureininga , men at landa på Nordkalotten må bidra med moderne teknologi og økonomisk støtte. I oktober vil det bli eit møte i Murmansk der toppane i norsk og sovjetisk LO vil delta, og 30-40 næringslivstoppar frå Norge. Frå LO si side blir det satsa sterkt på å få med bedrifter som kan ha konkrete tilbod når det gjeld renseteknologi. Det seias at Elkem har vore inne i biletet, men har trukke seg.

Stopp fiske i oppvekstområde!

På avslutninga vedtok konferansen ein resolusjon til styresmaktene i dei fire landa med krav som gjeld nedrustning og tiltak mot miljøøydeleggingar. For første gang har den representantane frå sovjetisk side vore med på nokon som helst kritikk av sovjetisk politikk. Særlig sterkt er vedtaket om fisket i Barentshavet, der det heiter at fisket må foregå utafor fiskens oppvekstområder. For torsken sin del kan vi ikkje forstå anna enn at dette må bety at fisket blir stoppa i heile sovjetisk sone og Svalbardsonen. Eit forslag frå norske representantar om at fisket bare skulle foregå på kysten blei likevel for drøyt for russarane, og blei trukke tilbake.

Konferansen protesterte kraftig mot at det militære tyngdepunktet flyttas mot nord, og at eit resultat av nedrustninga i Mellom-Europa er at vi istaden får opprustning i nord.

Vidare kravde konferansen stans i prøvesprengingane på Novaja Zemlja. Men leiaren for den sovjetiske delegasjonen presterte likevel på pressekongferanse etter avslutninga å seie at no hadde Sovjet alt stengt eit prøvefelt i Kazakstan, derfor var dei nøydd å fortsette å sprenge på Novaja Zemlja så lenge USA og Frankrike ikkje ville vere med på totalforbod mot prøvesprengingar. Det fikk leiarene for den norske gruppa, Atle Melkild til å utbryte at om russarane fortsatte med prøvesprengingar på Novaja Zemlja kunne dei bare spare seg å komme til Tromsø til neste Nordkalottkonferanse i 1993.

Prat, prat, prat

- Dom bara pratar. - They are only talking.   - Sii dusse hubmet.   - Ne vain puhuvat.  Dette var reaksjonane vi fikk da vi spurte forskjellige folk om inntrykket av konferansen. Mange språk, men meininga den samme; Her er mye prat men ka med resultata?

- Spørsmålet er feil stilt, fikk vi til svar da vi på pressekonferansen etterlyste konkrete resultat av alle Nordkalottkonferansane som har vore. - Det viktigaste resultatet er at vi fortsatt fins, og at kontakten aukar. Ingen annan plass i verda fins det eksempel på eit samarbeid mellom landsdelar i fire land. Først dei siste åra har det byrja å bli anerkjent i Norge at ein har eit samarbeid på Nordkalotten der Kolahalvøya hører naturlig med. Det einaste konkrete nokon kunne påstå var kome ut av dette Nordkalott-samarbeidet var den nye båtruta mellom Kirkenes og Murmansk, som blei opna i sommar.

Nordkalottkonferansen

"Nordkalottkonferansen", ka i alle dagar er det? Det lurte vi lenge på, nokre av oss som hadde meldt oss på også. Men sjansane er ikkje så mange for å treffe og diskutere med folk frå alle fire landa på Nordkalotten med ein gong, at vi hoppa på, sjølv om programmet ikkje kom før to veker etter påmeldingsfristen og kem som sto bak var ganske uklart for oss til vi snakka med ein av leiarane på bussturen tilbake til Finland.

I 30 år har det vore Nordkalottkonferansar 3. kvart år. Inititativet kom først frå dei partia som hadde storebrorparti i aust, og Nordkalottkonferansane blei og langt på veg talerør for Sovjet sin politikk. Sosialdemokratane var skeptiske, og høgrefolk og AKP-arar ville ikkje ta i slike arrangement med eldtang. Men etter kvart kom svensk og seinare norsk LO med, og i år var norsk LO sterkt representert. For første gang var den politiske bredda i begge retningar utvida til å omfatte frå Høyre-ordførar Ryan i Tromsø til Klassekampen sin medarbeidar. På den andre sida var "gamalkommunistane" så godt som fråverande denne gangen. No er det andre som utnyttar høvet til partisamarbeid. Sosialdemokratar frå nordområda i Norge, Sverige, Finland og Sovjet hadde fellesmøte under konferansen, og dei russiske sosialdemokratane hadde stand på torget og samla inn underskrifter mot prøvesprenging på Novaja Zemlja. Dei samla inn 550 underskrifter på ein time. Og da ein representant for sosialdemokratane i Murmansk ubede tok ordet på pressekonferansen for å fortelle dette, måtte den russiske leiaren pent finne seg i det, sjølv om han tydelig ikkje likte det.

Kem som helst kan melde seg på, men ein stor del av deltakarane synte seg å vere representantar for fagforeningar og for vennskapsbyane til Murmansk. På norsk side er det heile ganske laust organisert, komiteen er samansatt av frivillige ildsjelar. Den strammaste organiseringa har utan tvil Sovjet, der det er den offisielle fredskomiteen som står som arrangør. Tilsaman var det omlag 60-70 frå kvar av landa Norge og Sverige, mens Finland hadde rundt 200. Kor mange russarar som deltok var det ingen som hadde tal på.

4 statar, 5 folk

Konferansemerket med fire flagg var å sjå overalt, frå gigantiske plakatar til handleposar. Men flagget til det femte folket, folket som er urbefolkninga på heile Nordkalotten og det einaste folket som bur i alle fire statane, det var ikkje å sjå. Samiske spørsmål sto i det heile ikkje på dagsorden. Det einaste offisielle som hadde med samiske spørsmål å gjøre var at den norske delegasjonsleiaren delte ut eit kart over Nordkalotten med samiske namn, teikna av den samiske kunstnaren Hans Ragnar Mathiesen. Ellers blei det bare uoffisielle, men hjartelige møte mellom finske og sovjetiske samar

- Vi burde absolutt hatt ei eiga samisk gruppe på linje med dei fire andre, seier Siiri Miettunen, som deltok i den finske gruppa. Både for at samiske interesser skal komme fram i heilheita og for at vi skal få treffas over landegrensene og diskutere våre saker. For eksempel å arbeide for samarbeid om samiske lærebøker og samordning av rettskrivinga. I dag er det så ille at samisken på Kola skrivas med kyrilliske bokstavar, så samane ikkje ein gong forstår bokstavane til kvarandre.

Miljørørsle med eit års erfaring

Grønn i dobbel betydning er den uavhengige miljørørsla på Kola. I eit område med omlag ein million menneske, verdas kanskje største marinebase og nokre av verdas verste forureiningsproblem består freds- og miljørørsla av omlag 35 ungdommar, og rørsla deira har enno ikkje fylt året.

Da vi var i Murmansk for eit år sidan fantes det ikkje spor av uavhengige miljørørsler her. Bare interesserte ungdommar som for første gong fikk kontakt med den reelle miljørørsla både i og utafor Sovjet. No går dei rundt og nærmast ber om å bli intervjua, og lurar på korleis dei skal greie å få etablert fast kontakt med miljørørsla og pressa i utlandet.

Vi lurar på når organisasjonen deira dukka opp.

- Gruppa vår blei danna i slutten av juli i fjor, fortel Sergej Karachov. - Vi har inga vald leiing, men du kan seie at eg er ein av koordinatorane.

Kristen grønn rørsle kallar dei seg, og på spørsmålet om kvifor kristen, svarar Sergej at dei alle trur på Gud. - Ikkje akkurat ein konkret Gud, men ein eller anna, for i dette landet er det ikkje mogleg å leve utan Gud i hovudet. Vi finn det enklare å spørre om den meir konkrete delen av arbeidet deira.

- Vi har hatt fleire aksjonar både mot militær opprustning og mot miljøøydeleggingar. I november sat vi vel 30 personar i 72 timar utafor ein militærleir mellom Murmansk og Severomorsk, med plakatar mot atomvåpen. Politiet tillot ikkje demonstrasjonen, men vi blei likevel ikkje arrestert. Dei lokale styresmaktene gikk til harde åtak på oss, og skulda oss for å vere kriminelle og betalt av USA.

- Utafor Murmansk er det planlagt bygging av ein fabrikk som vil føre til kraftig vatnforureining. Den har vi samla inn underskrifter mot.

- Dei sakene vi er mest opptatt av no, er forureininga frå nikkelindustrien og atomsprengingane på Novaja Semlja. Vi skulle gjerne ha målt innhaldet av radioaktivitet i jord og vatn, men vi har ikkje tilgang på slike instument. Her hadde vi gjerne tatt imot hjelp frå miljørørsla i andre land. Eit anna problem er at både Nikel / Zapolarnyj-området og Novaja Zemlja er forbode område. Det er faktisk slik at det er vanskeligare for oss å få lov å dra til Novaja Zemlja enn å få dra til Norge.

Å vere uoffisiell organisasjon i Sovjet er ikkje bare. KGB er ein daglig realitet, sjølv om dei til no har nøgd seg med å overvåke og forsøke å skremme dei.

- Vi har ikkje kontor, heller ikkje pengar. Vi får ikkje trykke noko på dei offentlige trykkeria, heller ikkje får vi ha eige trykkeutstyr. Om vi kjem fram i media? Avisene skriv da om oss, men ikkje noko pent. Våres syn får vi ikkje fram der.

- Ka syns dokker om denne Nordkalottkonferansen?

- Nei, den er bare dum. Det er det vanlige raude skodespelet. På miljøfestivalen i fjor spela miljøaktivistane er mye større rolle, og mye kom fram der. Det likte ikkje styresmaktene i Murmansk særlig. Med denne konferansen forsøker dei å stramme inn igjen, å gjenvinne kontrollen. Eg trudde aldri det ville komme noko godt ut av den, eg gikk bare hit for å få kontakt med miljøaktivistar og grønne frå Finland, Sverige og Norge. Kontakt har vi fått, men enno ikkje noko konkret hjelp.

Men blant dei rublane som var til overs ved avreisa seier ryktene at mange fann vegen til dei modige grønne ungdommane.

BILETTEKSTAR

1. (Bilete av presidiet for konferansen som syner bare menn) - Vi burde vere ferdig med å diskutere kvinnespørsmål no. Likevel tok vi det med av omsyn til kvinnene i Sovjet som er kome mye kortare enn oss i Norden, sa den norske delegasjonsleiaren. Biletet seier kanskje litt om kor langt ein har kome.

2. (Russisk sosialdem. med plakat og flagg). På torget i Murmansk hadde det nydanna sovjetiske sosialdemokratiske partiet stand og samla underskrifter mot atomsprengingar på Novaja Zemlja. Flagga er det gamle russiske frå før revolusjonen.

3. (Bilete av samisk sang og dansegruppe) Kulturen var ein stor del av konfferansen, og spente frå folkemusikk og folkedans til jazzgrupper og akrobatikk. Her ei samisk sang- og dansegruppe frå Lujavri (Lovozero) på Kola.

4. (Dei tre ungdommane frå kristen grøn rørsle) Tre representantar for den nye miljørørsla på Kola: Frå venstre: Sergej Karachov, Ira Kuklina og Larisa Zakhavchenko.

______________________________________________________________________

Fleire artiklar frå Nordkalotten
Til startsida

sveilund@online.no