Baksideartikkel i Klassekampen, (dato) TITTEL Baksideartikkel i Klassekampen, 14.05.1988

Svein Lund:

Makta

Det er ei velkjent sanning at det spelar ingen rolle om du har rett, bare du har makt. Var det ikkje Machiavelli som for fleire hundre år sidan skreiv ned alle slags utspekulerte herskarteknikkar og gjorde dei til ideologi? Våre dagars Machiavelli sit helst i Det Kgl. Norske Arbeiderparti, f.eks. som ministrar, ordførarar eller forbunds- og klubbformenn.

AKKURAT NÅ har vi kome heim frå kommunestyremøte. Frå galleriplass hadde vi den store opplevinga å sjå MAKTA i funksjon.

Nedskjæringane på helsevesenet i Finnmark har vi skreve om før her i avisa. 15 millionar skal sparas av ei kasse som er botnskrapa frå før, og ein av spareideane er å legge ned gynekologisk avdeling ved Hammerfest sykehus. Ein idé som spontant førte til danning av ein tverrpolitisk aksjonskomite. Denne kampen burde kommunestyret i byen støtte, tenkte RV, og leverte inn ein interpellasjon om det. Etter reglane skal interpellasjonar leveras to dagar før, så for å vere sikker, leverte dei han fire dagar før møtet.

Men den gikk ikkje, for ordføraren hadde vore bortreist, og derfor ikkje fått tid å sjå på han før i går. Dermed måtte interpellasjonen utsettas til neste møte.

Nå var det ikkje alle som kjøpte den. Det sto da ikkje noko i reglementet om at det ikkje gjaldt når ordføraren var bortreist. Både SV og Høyre syntes dette var svært så tvilsamt, og minte om at dette er einaste måten eit lite parti kan få opp ei sak på.

— Når ordføraren seier at det er vanskelig å svare på grunn av anna arbeid, må da kommunestyret godta det! Sa varaordføraren.

Og forslaget om at RV skulle få legge fram interpellasjonen falt med DNA sine 15 mot alle dei andre sine 12 stemmer.

Og når neste kommunestyremøte kjem, så er det ikkje sikkert det er noko gynekologisk avdeling igjen å forsvare. Så slipp ein det problemet.

I Cappelens leksikon les vi under oppslagsordet «Machiavelli, Nicolo»: «I Fyrsten ... hevdes det at en hersker hensynsløst må hevde sin makt. Metodene må. være helt underordnet hensikten, og ingen moralske skrupler må hindre ham i å utføre det som er til statens beste, eller i å bryte sitt ord når grunnen til at løftet ble gitt, er bortfalt. Dette har gitt ordet machiavellisme betydningen politisk sluhet, upålitelighet og uhederlighet.»

Ingen skal kunne seie at DNA ikkje har sine ideal.


Til startsida

sveilund@online.no