Kvenar - finst dei?

I desse dagar skjer det ei pressehistorisk hending i Norge. Ei fleirspråkleg kvensk/finsk avis kom ut denne veka - for fyrste gang på 118 år. Dei to kvensk/finske organisasjonane i Norge støttar opp om avisa, som har fått namnet «Ruijan kaiku». Men kvenar, kva er no det? Og kven er kven?

SVEIN LUND
Dag og Tid, 12.10.1995

- Kven, det er eit gammalt namn på finske innvandrarar, før kalla ein dei kvenar og samane finnar eller lappar. No kallar vi dei finnar eller finlendarar.
- Eit nedsetjande ord om finske innvandrarar.
- Forfinska samar.
- Kryssing av same og finlendar.
- Eit av urfolka på Nordkalotten, som bør ha urfolksstatus liksom samane.
- Kvensk språk - det må vere skrivefeil, det skal vel vere svensk
- Kvensk, det er no eit tullord, vi er finske, er ikkje det godt nok?

Så ulike reaksjonar kan ein få om ein spør ulike folk i Norge kva kvenar eller kvensk språk er. Før vi gir oss ut på vegen mot eit svar kan eg starte med å slå fast at eg ikkje går god for nokon av dei sju påstandane over.

Kven er kven?

Den som leitar etter ei kort og enkel forklaring på kva ein kven er bør kanskje heller først innrømme at ting er ikkje så enkelt her i verda. Ein av dei fremste forskarar på Nordkalottens historie, Thomas Wallerström har i doktorgradsavhandlinga si som kom nyleg skreve slik: «Kvä nerna ... är ... av oklar hemhörighet i tid och rum».

Vitskapen er ikkje ein gong sikker på om sjølve ordet kven er av finsk-ugrisk, germansk eller slavisk opphav. Det blir gjeme knytte til det finske kainuu eller kajana, samiske gáidnu og den russiske forma kajan eller kaivan. Disse formene finst i stadnamn over mesteparten av Finland, heile Norrbotten i Sverige og eit stykke inn i noverande Russland.

Allereie Ottar, som på slutten av 800-talet gav den første innfødde skildringa vi har frå Nordkalotten, fortel om «cwenas» eller kvenane og landet deira:
«Langsmed landet i sør, på hi sida av fjellvidda, ligg Sverige opp til landet nordafor; og langsmed landet i nord ligg Kvenland. Kvenane kjem stundom over vidda og herjar hos nordmennene, og stundom herjar nordmennene hos dei. Der er sværande store ferskvatn på fjellviddene, og kvenane ber skipa sine over land til innsjøane, og derifrå herjar dei hos nordmennene. Dei har svært små og lette skip».

I Egil Skallagrimssons saga blir det fortald at Harald Hårfagre sin skatteinnkrevjingsmann Torolf Kveldulfson ved eit besøk hos samane i Finnmark trefte eit sendebod frå kvenane sin konge Faravid.

Om vi ser nokre hundreår bakover i tida budde det i det området som i dag utgjer staten Finland fleire folkegrupper: samar i nord og ganske langt sørover i innlandet, kvenar rundt Bottenvika - i eit område som no ligg dels i Sverige, dels i Finland - karelar i aust og i sør tavastar (hämälaiset) og «eigentlege finnar» eller suomalaiset. .

Og langs kysten i sør hadde svensktalande innflyttarar sett seg fast så tidleg som på 1200- talet. Heile dette området hørte under kongeriket Sverige, med unnatak av dei karelske og samiske områda der grensene var uklare.

I område med både kvenar og samar var det gjerne slik at kvenane dreiv jordbruk i motsetning til samane som levde av jakt, fiske og reindrift.

Nokre forskarar meiner samar og kvenar har felles opphav, men at dei skilde seg ut nettopp da kvenane blei bufaste. I alle fall har dei blanda seg ganske mykje slik at mange av dei som i dag reknar seg som kvenar heilt eller delvis er av samisk ætt og omvendt.

Kvenar har vandra til norskekysten i mange hundreår, dei har handla med samar og med nordmenn. Nokre av dei blei brukte som skattekrevjarar av svenskekongen. Andre slo seg ned på kysten for ei tid eller permanent, men det var først på byrjinga av 1700-talet at dei kom i større mengder, Da grensa skulle trekkjast mellom Sverige og Norge midt på 1700-talet reiste major Schnitler langs kjølen og kartla busetjing og ressursbruk. Da trefte han bl.a. på Mikkel Kven i Børselv, som presenterte seg slik: «Eg er kven, fødd av kvenske foreldre i Kvenland i byen Tornio». På denne tida var framleis Kvenland eller Kainumaa det geografisk omgrepet som folk brukte. Det har vore mange teoriar om opphavet til ordet kven, men det synest klart at det er det same ordet som kvensk Kainu. Dette finn vi bl.a. igjen i etternamnet Gaino i Guovdageaidnu, men dei som har dette etternamnet i dag, reknar seg som samar, ikkje som kvenar. I dag er ordet «kainu» nesten borte i det opphavlege området. Her kallar dei ikkje språket for kvensk eller kainuukieli, men ganske enkelt, meänkieli som tyder «språket vårt».

Men enno på slutten av 1800-talet er det notert i dette området på finsk side at eldre folk sa at vi er ikkje finlendarar, vi er «kainuulaiset» og snakkar «kainuunkieli». Finlendarar, det er dei som kjem sørfrå og snakkar «suomenkieli».

Dei kvenske og finske jordbrukarane rydda seg jord lenger og lenger nordover, inn i samane sine gamle jaktområde. Dei kom nærare og nærare grensa for kor langt det var mogleg å drive jordbruk og ofte blei ikkje kornet moge. I slike uår var det mange som tok sekken fatt og gav seg ut på den lange reisa til Ruija, Havlandet. Dei fleste kom aldri tilbake, men rydda jord, dreiv fiske eller fekk anna arbeid på norskekysten. Nokre stader gjekk dei i løpet av eit par generasjonar heilt opp i den samiske eller norske befolkninga, men andre stader blei dei å utgjera ein stor del av befolkninga og heldt på kvensk språk og kultur.

Ein del slo seg og ned i innlandet, der dei blei viktige for utviklinga av jordbruket. Språkleg og kulturelt gjekk dei etter kvart opp i den samiske befolkninga her, og ein stor del av dei som slo seg ned her var vel samar frå svensk eller finsk side. I dag ser vi restar etter denne vandringa i etternamn som Gaino og Kemi.

Kvenvandringa på 1700-talet gjekk mest til Nord-Troms, Vest- og Midt-Finnmark. På 1800-talet kom ei ny bølgje som mest gjekk austover til Varangerområdet. I Vadsø by og i området rundt var det fleire kvenar enn nordmenn og samar til saman. Mange slo seg og ned som nybyggjarar i Pasvik og mange kom som anleggsarbeidarar da A/S Sydvaranger starta opp først på 1900-talet. Dei kom for ein del frå austlegare område enn dei som kom til Vest-Finnmark hundre år tidlegare.

Samtidig var den finske nasjonalismen meir utvikla og desse såg derfor på seg sjølv meir som finske enn som kvenske. Men av norske styresmakter blei dei alle putta i kategorien kven.

Dette er noko av bakgrunnen for at nordmenn med kvensk/finsk bakgrunn ikkje kan bli samde om eit felles namn, og heller ikkje har klart å samle seg i ein organisasjon.

Den finske fare

Frå først av blei kvenane ønska velkommen av norske styresmakter. Dei ville gjerne ha auka folkesetnad i nordområda. Men så kom Finland under stormakta Russland, som i løpet av 1800-talet erobra større og større område i andre retningar. Korfor skulle dei ikkje og ønske seg Finnmark? Den kvenske befolkninga kunne brukast som påskot for at dette området naturleg hørte til Finland. Det trudde i alle fall norske styresmakter og brukte dette som påskot for ein steinhard fornorskingspolitikk som råka både kvenar og samar.

Den berykta jordloven av 1902 sette som krav for å få kjøpt jord i Finnmark at ein meistra norsk språk og brukte det til dagleg.

Om begge grupper blei råka, betydde det, ikkje at dei blei behandla likt. Den språklege undertrykkinga var aller hardast mot kvenane, dei utgjorde eit ekstra trugsmål med at dei snakka språket hos den farlege naboen.

På andre sida blei den kvenske/finske kulturen rekna for å stå høgare enn den samiske, truleg fordi det var ein jordbrukskultur og slik stod nærare den norske. Kvenske bønder kunne og brukast til å trenge unna samane. Kvenane var nyttige for styresmaktene - berre dei gløymde språket sitt og blei norske.

Etter at Finland blei sjølvstendig og dei kvite sigra i borgarkrigen fekk den finske nasjonalismen igjen vind i segla. Den fascistiske Lappo-rørsla hadde stor utbreiing i mellomkrigstida og dei drøymde om eit Stor-Finland som inkluderte heile Karelen og Finnmark. Dette brukte norske styresmakter for alt det var verdt og vel så det.

Sjølv i hardaste fornorskingstida hadde det vore lov å bruke samisk og kvensk som hjelpespråk i skolen der det var «uomgjengelig fornødent». Men i 1936 fjerna staten retten til å bruke kvensk som hjelpespråk. Frå no av blei det ingen form for undervisning i kvensk eller finsk i Norge fram til 1974. Kvenar blei sette under intens overvaking til langt ut i etterkrigstida. Staten sende gratis vekeblad og radioar til kvenane for å lære dei norsk, samtidig som ein kvar kontakt med Finland blei mistenkjeleggjort.

Mens det norske forsvaret elles blei bygd ned i mellomkrigstida, blei det bygd opp langs grensa mot Finland.

Først dei siste tiåra har kvenane reist seg, organisert seg og stilt krav. Men det har og vore indre strid, og for nokre år sidan var det nærast krig mellom Norske kveners forbund og Nordnorsk finskforening. Dei siste åra har tilhøvet likevel betra seg, begge organisasjonane har vald ny leiing og dei har inngått ein samarbeidsavtale.

Nordnorsk finskforening organiserer både kvenar og finske nyinnvandrarar, det er dei siste som dominerer i styret. Dei har no om lag 1700 medlemmer, dobbelt så mye som Kvenforbundet.

Kor mange kvenar og folk av finsk avstamming som finst i Nord-Norge i dag er vanskeleg å seie. Tala varierer frå under 10.000 og opp til 60.000. Etter krigen finst det ingen påliteleg teljing og heller inga samla gransking av språkkunnskapane til den kvenske befolkninga. Under den siste undersøkinga av hjarte-/karsjukdommar blei det stilt spørsmål om samisk og/eller finsk bakgrunn. Ho gav 24 prosent i Finnmark og 14 prosent i Troms med finsk/kvensk bakgrunn, noko som gir 30.000- 40.000. I dag reknar ein at 1.500-2.000 snakkar finsk til dagleg i dei tradisjonelle kvenske områda, i tillegg kjem nokre tusen som kan meir eller mindre finsk og om lag tusen finske statsborgarar som er innvandra i nyare tid.

Om ein ser på heile Noreg kan ein rekne med 6-7.000 finskspråklege.

Ruijan kaiku

Den første norske fleirspråklege kvensk/finske avisa på 118 år kom ut denne veka. Den førre kom i 1877. Eldsjela bak avisa, prosjektleiar, redaktør, journalist og disponent m.m. er Liisa Koivulehto. Ho er oppvaksen i Finland og har budd i Tromsø sidan 1981, der ho har jobba som frilansjournalist og fotograf og dei siste ti åra hatt ansvaret for finsksendingane til NRK.

Begge dei kvensk/finske organisasjonane støttar opp og avisa har fått tilstrekkeleg økonomisk støtte frå Kulturdepartementet til at ein kan gi ut seks prøvenummer i løpet av hausten.

- Da er det 118 år sidan det sist kom ut ei finskspråkleg avis i Norge, fortel Liisa Koivulehto. Det var «Ruojan Suomenkielinen Lehti» som kom ut i Vadsø eit halvt års tid i 1877. Sidan har vi ikkje hatt noko felles medium med unnatak av skarve 15 minutt for veka på NRK.

«Ruijan kaiku» skal vere ei «aktuell nyhets- og kulturavis, infokanal for foreiningar og lag, organisasjonar og for norske og finske myndigheiter og forum for debatt». Målet er å få 1500 abonnentar over heile Nordkalotten og avisa vil trykkje stoff på fleire språk.

- Om vi strekkjer språkomgrepet litt langt kan vi seie avisa er fem-språkleg, seier Liisa. Med fem språk meiner ho kvensk, meånkieli, riksfinsk, norsk og svensk.

Samar og kvenar

Fiendar eller vener?

Å gi seg ut på å skildre tilhøvet mellom samar og kvenar er å gå inn i eit minefelt. Eg skal freiste å vere så balansert at eg ertar på meg folk frå begge side i omtrent like stor grad.

På eine sida har dei konkurrert om ressursane og kome i stadige næringskonfliktar gjennom åra, både i Tornedalen og i Nord-Norge. På andre sida har dei blitt råka av den same fornorskingspolitikken og forsvenskingspolitikken. Dette har ført til eit svært todelt forhold mellom disse folkegruppene som har heldt seg opp til i dag.

I bygda Børselv har det til dømes periodevis vore svært dårleg tilhøve mellom kvenar og samar, mens ein no har kome fram til eit bra samarbeid, mellom anna om å få begge språka inn i skolen.

I Deatnu/Teno/Tana derimot har det nett braka laus att. For 3 år sidan kom kommunen inn under forvaltningsområdet for samisk språklov, noko som gir kommunestyret høve til å vedta samisk som obligatorisk fag i grunnskolen. Det ønska kommunestyret, men så var problemet at det kom på kollisjonskurs med dei elevane som no har finsk som andrespråk. Kommunen søkte så å løyse dette med å seie at samisk som hovudregel skulle vere for alle, men at dei med kvensk/finsk bakgrunn skulle kunne søkje om å få finsk i staden. Men dette var det ikkje alle som ville finne seg i. Sametingsrepresentantar frå Deatnu tok opp saka og kravde at alle skulle ha samisk. Dei fekk full støtte av den samiske avisa Min Áigi på leiarplass. Kva som skulle skje med finsken sa dei ikkje noko om.

Den 15. juni kom så to finsklærarar i Tromsø med eit krast avisinnlegg om «samepolitikere og etnisk trakassering», der dei spør: «Hvordan kan dere nå støtte, til og med kreve, at den andre minoriteten som så lenge har lidd med dere, blir begravd og deres identitet tråkket ned på?».

I samepolitiske miljø let ein helst som om kvenane ikkje finst, mens kvenane derimot heng seg på den samiske kampen med krav om dei same rettane som samane har fått eller krev. Dei har kravd at kvensk skal ha same status som samisk i skolen og nokre går til og med så langt at dei krev urfolksstatus for kvenane på linje med samane.

Styresmaktene sin splitt-og-hersk-politikk er slett ikkje daud og han let til å fungere riktig bra enno i 1995. ---------------

Pyssyjoen koulu

Den som ikkje veit kva kvensk er kan starte i Børselv, ei bygd på austsida av Porsangerfjorden i Finnmark.

Om det er kvenane eller samane som er største folkegruppa i Børselv er ikkje godt å seie, men sikkert er det at det er dei norske som er den minste. Det er etter kvart mange skolar i Nord-Norge som gir undervisning i finsk, men bare ein gir undervisning i kvensk, Pyssyjoen koulu alias Bissojoga skuvla alias Børselv skole. Her har alle elevar norsk som førstespråk og anten kvensk eller samisk som andrespråk, om lag 60 prosent har vald kvensk. Her finn vi ein av dei mest kvenske av dei kvenske, Terje Aronsen, som er lærar i kvensk - sjølvsagt.

-11975 byrja skolen her med undervisning i samisk for nokre elevar, fortel han. - Da kom to kvenske småjenter og spurte om ikkje dei og kunne få lære språket sitt på skolen. I 1978 starta vi opp. Vi visste ikkje av noko betre, så vi starta med undervisning i riksfinsk. Det var jo det som var skriftspråket. Men elevane klaga og sa at dette er ikkje det språket mamma og pappa snakkar.

- Vi hadde jo alltid hørt at vi kom frå Finland, da måtte jo språket vårt vere finsk. Men ein tanke spira i bakhauet, her var noko gale. Eg byrja å leite opp mine eigne røter. Slekta mi kom ikkje frå Finland i det heile, forfedrane mine hadde vandra til Ruija, til Finnmarkskysten på ei tid da det ikkje var noko grense langs Torneelva, borti to hundre år før den finske nasjonalstaten blei til.

- Same året byrja vi å undervise på kvensk. Vi hadde inga rettskriving, det har vi forresten ikkje enno. Vi skriv som vi snakkar, med finsk ortografi til grunn. Vi brukar det finske alfabetet med tillegg av bokstaven «đ» for ein lyd som finst i kvensk og samisk, men ikkje i riksfinsken.

I dag finst det to lærebøker i kvensk, og det er Terje Aronsen som har skreve begge. Kvenskundervisninga går frå første til sjette klasse, da går ein over til riksfinsk. Av dei 25 elevane på Børselv skole er det 15 som har kvensk/finsk som andrespråk, dei andre har samisk.

Staten har heile tida framstilt kvenane som innvandrarar. Men dette vil ikkje Aronsen vite av.

- Kvenar har budd i Norge i alle fall frå mellomalderen. Dei første skattelistene frå 1500-talet fortel om tre folkegrupper; samar, nordmenn og kvenar. Men dei fleste kvenane kom til kysten av Finnmark og Troms på 1700- og 1800-talet. Ein stor del av dei kom før det var trekt noko grense mellom der dei kom frå og der dei slo seg ned, og dei aller fleste kom før den finske staten blei oppretta.

- Eg er nordmann med kvensk etnisitet, eg har ingen spesielle kjensler for den finske staten, sjølv om dei har eit riksspråk som er nært i slekt med språket mitt.

Andrespråk eller valfag?

I mønsterplanen for grunnskolen {M-87} står det under «språklege minoritetar»: Elevane bør få tilbod om finsk som valfag. Kvensk bør trekkjast inn i undervisnga i den grad det er naturleg.
I motsetning til samar har dei altså ingen rett til kvensk eller finsk som andrespråk. Likevel er det laga ein eigen fagplan for finsk som andrespråk, denne blei tatt i bruk frå 1989-90.
I skoleåret 1994/95 hadde 333 elevar i Troms og Finnmark undervisning i finsk; 51 som morsmål, heile 251 som andrespråk og bare 31 som valfag.
Interessa er aukande, og ved utdanningskontoret i Troms, som har ansvaret for finskundervisninga, anslår ein at eit permanent tilbod overalt der det er interesse ville gi kan hende 50 prosent auke i elevtalet.
Likevel vil styresmaktene no igjen fjerne andrespråket og bare gi tilbod om valfag, l utkastet til ny plan for den 10-årige grunnskolen er kvenomgrepet borte. I staden snakkar ein om gammal «finsk-etnisk» busetjing i Nord-Noreg og «finsk-etniske elevar». Kvenane oppfattar dette som eit forsøk på igjen å omdefinere dei frå ein innfødd minoritet til ei innvandrargruppe.
Det kan departementet gjøre fordi finskundervisninga ikkje er sikra i lov eller stortingsvedtak. Det vil i så fall bare bli igjen finsk som valfag eller andre framandspråk for 8. og 9. klasse. No er det berre Stortinget som kan redde finskundervisninga.

______________________________________________________________

Fleire artiklar om Nordkalotten
Til startsida

sveilund@online.no