Artikkel i Klassekampen, 19.06.1986

Norsk Kontroll ?

— Russarane har enno ikkje akseptert mange av dei norske lovane på Svalbard. Dei har bl.a. ikkje godtatt at dei må søke for å få fly over og lande i nasjonalparkane. Men nå er det slik at dei melder i frå. Vi tar da dette som ein søknad, og om dei ikkje hører frå oss, er det greitt. Slik finn vi fram til løysingar som begge partarkan leve med.

SVALBARD (Klassekampen): Av SVEIN LUND

Klassekampen har intervjua «nestkommanderande», sysselmannsfullmektig Lars Jorkjend. Om sysselmannsinstitusjonen på Svalbard og om sysselsmannens mulighet for å kontrollere norsk og utanlandsk verksemd på øygruppa som har eit areal på en og en tredjedel ganger Finnmark fylke, eller en og en halv ganger Danmark.

Kongen av Svalbard

«Kongen av Svalbard» blir sysselmannen gjeme kalla. Så er da og sysselmannsembetet noko heilt særeigent for norsk statsforvalting. Han har myndigheit som ein fylkesmann, som politimester, som notarius publicus og ei rekke andre oppgaver. Med unnatak av bergmesteren sitt ansvarsområde går heile statsforvaltninga på Svalbard gjennom sysselmannen.

Auka bemanning

- Greier de å halde oppsyn med heile dette enorme området, Ame Jorkjend?
- Vi har altså 62700 km2, pluss territorialfarvatn som ansvarsområdet vårt. Sånn sett er det vel knapt grenser for kva vi kunne brukt av ressurser. Nå har vi hatt ei pen auke i bemanninga, frå 4 til 11 i heilårsstilling på dei 10 siste åra. Om sommaren aukar vi med 5—6 mann. Likevel kunne vi godt ha utnytta fleire, eg vil seie at det er bemanninga som er den begrensande faktoren i dag. Utstyret derimot er vi ganske godt fornøyd med.

Seismikk og turisme

— Har de fått meir å gjøre dei siste åra?
— Ja, særlig på to område har vi registrert auka aktivitet. Det har blitt klart større interesse for oljeleting og geologiske undersøkingar. Og så er det ei klar auke i turismen, både fleire turistar og lengre sesong.

Russarane

— Greier de å føre ein skikkelig kontroll med russarane og att dei driv med?
— Eg synes vi har ein rimelig grad av kontroll, sjølv om vi jo ikkje kan vere alle stader på ein gong. Sysselmannen er i Barentsburg ein gong i veka. Og ellers har vi valt ei linje der vi undersøker kva dei driv med, sjølv om dei har lova å underrette oss. Dette gjeld ikkje bare russarane, men all aktivitet.
— Det har vore på tale med at sysselmannen skulle opprette eige kontor i Barentsburg og eventuelt Pyramiden...
— Vi har ingen planar om det. Sysselmannen har ei hytte med helikopterplattform like ved Barentsburg.
Om du tenker på å stasjonere folk der fast, er det ikkje aktuelt i dag.
— Har nå russarane akseptert norske lovar og reglar på Svalbard? Jorkjend tenker seg om litt. Her gjeld det å veie orda sine!
— Del har protestert på ein del bestemmelser, og del har ikkje formelt gitt opp del innvendingane dei har. Men i praksis så etterlever del nå stort sett reglane.

Ein av dei felta der dei ikkje vil akseptere norsk reglar er det som gjeld landing i nasjonalparkar. Nå er det slik at dei melder ifrå. Vi tar dette som søknad, og hører dei ikkje frå oss, er det greitt. I mi tid — to år — har vi ikkje registrert landingar vi har hatt grunn til å protestere på. Vi får oversikt over forskningsprogramma deira for kvart år, og så har vi da kunna plassere flygningane inn i dette mønstret. Slik har vi kome fram til ei løysing begge parter kan leve med. Men russarane er jo klar over korleis vi ser på saka.
— Det var mye bråk om dei russiske helikoptera da dei bygde Kapp Heer-basen.Har dei virkelig bruk for 5 helikoptre?
— Del har lagt opp trans portsystemet sitt slik at dei treng dei. Nå går gods- og persontransporten til og fra flyplassen i Longyearbyen med helikopter, og det samme med transport mellom Barentsburg og Pyramiden.
— Men radaren på Kapp Heer-basen, han blei satt opp ulovlig?
— Ja, den skulle vore godkjent av Luftfartsmyndighetene på førehand, og det har den da og blitt, etterpå. Det er ein innflygingsradar med ganske kort rekkevidde.

No har Luftfartsverket og Sysselmannen saman inspeksjon kvart år av alle luftfartsanlegg, og vi har ikkje registrert særlige endringar dei siste åra.
— Er det så bare fred og glede nå?
— Vi har hatt nokre konfliktar. I 1983 havarerte eit russisk helikopter. Da ville dei først hindre sysselmannen å undersøke vraket, men dei ga seg. 11984 protesterte russarane mot at eit norsk marinefartøy gikk inn til Longyearbyen. Protesten blei avvist av norske myndigheter. Sidan har det vore fleire marinefartøy, men vi har ikkje hørt fleire protestar.
— Men Klassekampen var ikkje velkommen til Barentsburg...
— Vi tilrår folk som vil til Barentsburg å gå den offisielle vegen, men om dei da seier nei er det lite vi kan gjøre med det. Men mange drar jo til Barentsburg på eiga hand, og det går gjerne bra. Det er lenge sidan nokon blei bortviste.
— Kva slags rett har russarane til å vise bort folk frå Barentsburg?
— Dei kan sjølvsagt nekte folk å kjøre snøscooter inne i byen. Trust Arktikugol eig jo området. Noko må reknas som industriområde, og der må dei kunne nekte adgang for uvedkommande. Men etter gata kan dei etter vårt syn ikkje nekte folk å gå.

Forsvarslause nordmenn?

— Mange er bekymra for at russarane lett kan ta Longyearbyen i ein krig. Her fins jo ikkje noko forsvar for dei norske busettingane. Svalbardtraktaten seier Svalbard skal vere demilitarisert, men ville det vere i strid med traktaten om ein danna eit Sivilforsvar og eit Heimevern?
— Det ville vere i strid med Svalbardtraktaten å bygge flåtebasar, befestningar og bruke øyane i krigsøyemed, seier Jorkjend og siterer traktaten. Så legg han til:
— Noko anna vil ikkje vere i strid med traktaten.
— Men fins her i det heile beredskapsplanar?
— Det er ikkje vanlig å offentliggjøre kva som måtte firmas av beredskapsplanar. Det ville bare vere å spele korta i henda på ein mogleg fiende. Men det er jo kjent at ein ikkje har funne grunn til å opprette noko vanlig Heimevern eller Sivilforsvar.
— Det kjem stadig sterkare krav om demokratisering av Svalbard. Er Sysselmannen innstilt på å gi frå seg makt til Svalbardrådet?
— Her er det ei misforståing ute og går. Sysselmannen er stort sett ein statsfunksjonær. Om ein vil gi Svalbardrådet meir makt som ein kommune, må det gå på det som idag er Store Norske sitt område, som reguleringsplanar osv. Men det blir jo og vanskeliggjort av at Store Norske er grunneigar.

No har ikkje Sysselmannen noko fasttømra offisiell haldning til demokratidebatten.


Til startsida

sveilund@online.no